UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Ny doktorgradsstudie om behandling av posttraumatisk stressliding

Del

Peter Sele ved Universitetet i Oslo har sammenlikna tre behandlingsmodellar for kompleks posttraumatisk stressliding; eksponering, ferdigheitstrening og ein kombinasjon av dei to. Studien tilseier at pasientar kan vere betre tent med kortare eksponeringsbehandling enn med ein kombinasjon av fleire behandlingskomponentar.

Portrett av smilende mann
Peter Halvard Voss Sele Unni Tobiassen Lie

Gjentekne barndomstraume i nære relasjonar, som seksuelle overgrep og vald, er knytta til utvikling av kompleks posttraumatisk stressliding (KPTSD). Både diagnosen KPTSD og behandling av KPTSD har vore omdiskutert i fagfeltet. Peter Sele har undersøkt pålitelegheita til eit spørreskjema for KPTSD og gjennomført ein randomisert, kontrollert behandlingsstudie av 92 vaksne pasientar diagnostisert med KPTSD etter barndomstraume. Studien samanliknar tre behandlingsmodellar, a) direkte traumeminnearbeid gjennom eksponering, b) ferdigheitstrening for å betre kjensleregulering og relasjonsproblem, og c) fase-orientert terapi med ferdigheitstrening etterfylgd av eksponering.

Funna støttar bruk av eksponeringsterapi frå starten av behandling. Direkte eksponering hadde større effekt på typiske PTSD-symptom (påtrengande gjenopplevingar av trauma, unngåing av traumepåminningar og oppleving av å vere i fare) enn fase-orientert terapi og ferdigheitstrening, og like god effekt på KPTSD-symptom (PTSD-symptom og i tillegg vanskar med kjensleregulering, negativt sjølvbilete og relasjonsproblem). Sjølv om det ikkje var skilnader undervegs i behandling, gav ferdigheitstrening brattare nedgong i tilleggssymptoma ved KPTSD enn eksponering etter behandling. Eksponering hadde betre effekt på depresjonssymptom og interpersonlege problem enn fase-orientert terapi, medan det ikkje var klare skilnader mellom fase-orientert terapi og ferdigheitstrening med omsyn til desse problema.

Tanken om at samansette vanskar krev samansett og langvarig behandling ligg bak den vanlege tilrådinga om fase-orientert terapi for KPTSD. Forskingsfunna i denne studien går mot denne oppfatninga. Vi fann ingen tilleggseffekt av å kombinere ferdigheitstrening og eksponering. Det tilseier at pasientar med KPTSD kan vere betre tent med kortare eksponeringsbehandling med eitt primært fokus enn ein kombinasjon av fleire behandlingskomponentar for å dekke ulike problemområde.

Samstundes var det stor variasjon i utfall i alle dei tre behandlingane. Vidare forsking er naudsynt for å undersøke om individtilpassa val av behandlingstilnærming kan gje betre utbyte for fleire pasientar.

Nøkkelord

Kontakter

Maria HøyvikKommunikasjonsrådgiver

Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo

Tel:97695503marishoy@uio.no

Følg pressemeldinger fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det samfunnsvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye