Medietilsynet

Ti nye søkjarar til produksjonstilskottet

Del
Blant dei ti nye søkjarane til produksjonstilskottet er Document.no, Filternyheter.no, Flatangernytt, Shifter og Tipsbladet. Dei tre fyrste avisene søkte også i fjor, men fekk ikkje innvilga støtte. – At vi også i år får så mange søknader, viser at støtteordninga framleis er viktig for mediemangfaldet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Medietilsynet skal fordele 400 millionar kroner i produksjonstilskott til avisene i 2023. Foto Medietilsynet
Medietilsynet skal fordele 400 millionar kroner i produksjonstilskott til avisene i 2023. Foto Medietilsynet

Totalt 160 aviser har i år søkt om produksjonstilskott, som er den største mediestøtteordninga hos Medietilsynet. Tilsynet skal fordele 400 millionar kroner i produksjonstilskott i 2023.

Av dei 146 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest, følgd av Bergensavisen, Dagsavisen og Vårt Land.

Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Pengane blir fordelte mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene).

Kva for aviser som får støtte, og kor mykje, blir klart til hausten

For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.

– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkjar opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Sekkelsten.

Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene. Da har også Kultur- og likestillingsdepartementet fastsett tilskotssatsar.

Her er dei ti nye søkarane til produksjonstilskottet:

Søker

Om avisa

Bodø Nu

Lokal nettavis, eigd av Nu Publishing, som har Amedia som eigar

Document.no

Nasjonal nettavis, i hovudsak eigd av Hans Rustad

Filter Nyheter

Nasjonal nettavis, eigd av Filter Media Norge

Flatangernytt

Lokal nettavis, eigd av Flatanger Media

Jarlsberg avis

Lokal nett- og papiravis, eigd av Amedia

Lindesnes

Lokal nett- og papiravis, eigd av Polaris Media

Meråkerposten

Lokal nett- og papiravis, eigd av Trønder-Avisa og Amedia

Midtsiden

Lokal nettavis, i hovudsak eigd av redaktør Kjetil Vasby Bruarøy

Shifter

Nisjeavis på nett innan næringsliv, i hovudsak eigd av dei tilsette

Tipsbladet

Nisjeavis på papir innan fotball, eigd av Kim Marki og Thomas Elgheim

Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (pdf)

Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (excel)

Her kan du lese meir om støtteordninga produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium

Fakta om produksjonstilskottet

  • Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år skal det fordelast om lag 400 millionar kroner. I 2022 ble det fordelt om lag 390 millionar kroner på 146 aviser.
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet, og blei fordelt første gongen i 1969.
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier om blant anna innhald, utgåver/opplag og driftsøkonomi.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Medietilsynet skal fordele 400 millionar kroner i produksjonstilskott til avisene i 2023. Foto Medietilsynet
Medietilsynet skal fordele 400 millionar kroner i produksjonstilskott til avisene i 2023. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye