Tankesmien Agenda

Ny rapport viser ekstrem auke i rikdom

Del

I Oxfams siste rapport om globale forskjellar, kjem det fram at forskjellsveksten truar demokrati over heile verda. 

Trine Østereng er internasjonal rådgivar i Tankesmien Agenda
Trine Østereng er internasjonal rådgivar i Tankesmien Agenda

Oxfam la måndag fram sin årlege rapport om globale forskjellar. I rapporten viser dei mellom anna at:

  • Dei rikaste aukar no sin formue fortare enn nokon gong, og dette er ein trussel mot demokratiet
  • Etter at Trump blei president for andre gong, har dei superrike blitt enno meir superrike. I 2025 auka formuen til dollarmilliardærar 3 gongar fortare enn den gjorde i snitt i femårsperioden før
  • Dollarmilliardærar har 4000 gongar så stor sjanse for å bli folkevalte som vanlege folk
  • Dei rikaste kontrollerer teknologien vår. Kvar dag bruker verda tid tilsvarande 100 millionar år på sosiale media eigd av milliardærar 

Internasjonal rådgivar i Tankesmien Agenda og forfattar av boka Farlege forskjellar, Trine Østereng, ser djupt alvorleg på forskjellsutviklinga:

Vi treng langt fleire tiltak for å få forskjellane ned, både for å redde demokratiet og for å få eit betre samfunn. Eg meiner vi bør få ein forskjellskommisjon, som kan lage forslag for å få forskjellane ned og forsikre oss mot demokratisk forvitring.

Oxfam er ein global organisasjon som jobbar for å kjempe mot fattigdom og for rettferd over heile verda.

Kontakter

Om Tankesmien Agenda

Tankesmien Agenda er en partipolitisk uavhengig tankesmie som bidrar med samfunnsanalyse og progressiv politikkutvikling for sentrum-venstre i norsk politikk.

Tankesmien Agenda ble opprettet etter initiativ fra Landsorganisasjonen i Norge (LO) i 2014.

Følg pressemeldinger fra Tankesmien Agenda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Tankesmien Agenda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Tankesmien Agenda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye