Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider

Statssekretær opna festival på historisk grunn

Del

Fredag 11. juli opna statssekretær Helge Flø Kvamsås frå Barne- og familiedepartementet festivalen Sommer i Borggarden i den historiske Erkebispegarden i Trondheim. - Sommer i Borggarden er ein flott måte å bringe historie og handverkstradisjonar ut til nye generasjonar. Her møtest fortid og framtid i levande formidling, sa Kvamsås under opninga.

Ein mann i dress får overrekka ei saks av ei dame utkledd som prinsesse
- Statsekretær Kvamsås fekk overrekt ei saks til opninga av festivalen. Elisa Kartum/NDR NDR

Familiefestivalen Sommar i Borggården vart opna ved portalen til Erkebispegården, rett ved Nidarosdomen, i strålande solskin. Teater Basun og musikar Kriss Stemland sørga for underhaldning og statssekretær Helge Flø Kvamsås heldt ei tale. 

Kvamsås var begeistra over festivalens fokus på handverk, arkeologi og historie; 

  • Gjennom fokus på tradisjonshandverk, deltaking og formidling av kulturarven kan vi bidra til istandsetting av vakre kyrkjebygg og til bevaring for framtida. Akkurat slik vi ser her i dag. Eg vil takke NDR for det arbeidet som de gjer for vår felles kulturarv. La oss bruke desse dagane til å kjenne på stoltheit, nysgjerrigheit og fellesskap. Og kanskje – til å legge ein liten stein til i det store byggverket som er vår felles kulturarv.

Dette er sjette gongen Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje (NDR) arrangerer Sommar i Borggården i Erkebispegarden. Festivalen byr på ti dagar med opplevingar for både barn og vaksne. Her kan dei besøkande oppleve levende handverk, kreative verkstader, teater, omvisingar og escape rooms – alt med historia og tradisjonshandverket i sentrum.

Oddmund Hoel, direktør ved NDR, håper festivalen kan trigga interesse for historie og handverk; 

  •  Dersom vi skal vere i stand til å ta vare på nasjonalmonument som Nidarosdomen og Erkebispegarden for framtida, er det heilt avgjerande at vi også tek vare på tradisjonshandverka. Derfor er det så viktig for NDR å skape interesse og forståing for handverka. Dei er historie i praksis.

I Borggarden fekk statssekretær Helge Flø Kvamsås møte steinhoggarar, smedar og andre handverkarar frå NDR, som til dagleg arbeider med restaureringa av domen. Han fekk og prøve seg som steinhoggar. Deretter gjekk besøket vidare til stillaset på sørsida til Nidarosdomens, kor eit stort restaureringsarbeid går føre seg på grunn av utfordringar med forvitring av stein. Statssekretærens besøk heldt fram med ei omvising inne i Nidarosdomen. I tillegg til opninga av Sommar i Borggården, sto samtaler om nasjonaljubileet i 2030 på agendaen under besøket.

Nasjonaljubileet 2030 markerer at det er 1000 år sidan slaget på Stiklestad. I åra fram mot 2030 blir jubileet markert gjennom ulike tema og aktivitetar rundt omkring i heile landet, som skal auke kunnskapsnivået for kor viktig desse hendingane har vore for landet vårt, for kven vi er og for det samfunnet vi bygde. Regeringa ønskjer at jubileet skal vere eit kunnskapsløft. Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) og anlegget her har ein sentral funksjon i å formidle kunnskap og historie i ramma av jubileet, sa Kvamsås.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ei ung jente i handverkarklede visar fram glassmaleri til ein mann i dress.
- Eg er glad for at kunnskapsformidling til barn og unge står så sterkt hos NDR. Det lovar godt for nasjonaljubileet og for framtida, sei Helge Flø Kvamsås etter møtet med Rakel Lyng, lærling i blyglasshandverkfaget.
NDR NDR
Last ned bilde
To menn ser på ein stor stein
Oddmund Hoel og Helge Flø Kvamsås fekk ei innføring i steinhogging.
Elisa Kartum/NDR NDR
Last ned bilde
Ein mann i dress hugg stein med feisel og meisel
Statssekretæren fekk prøve seg som steinhoggar med feisel og meisel – det tradisjonelle verktøyet, som framleis brukast av steinhoggarane i Bygghytta ved Nidarosdomen.
NDR NDR
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider

Oddmund Løkensgard Hoel blir ny direktør i Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR)16.5.2025 11:17:01 CEST | Pressemelding

Styret i NDR har valgt å ansette professor i historie og tidligere statsråd Oddmund Hoel som direktør i NDR. Hoel tiltrer stillingen allerede 1. juni 2025, og styret er svært glad for at ny direktør er på plass så raskt. Styret mener Oddmund Hoel er rett mann til å lede arbeidet med å ta vare på og utvikle Nidarosdomen, Erkebispegården og den unike håndverkskompetansen knyttet til Bygghytta ved NDR, samt til å lede den statlige pilegrimssatsningen i vår tid og fram mot tusenårsjubileet i 2030.

Kunnskap om gammel mørtel skal bidra til bevaring av viktige kirkebygg3.4.2025 13:00:00 CEST | Pressemelding

Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider har fått støtte fra Kirkebevaringsfondet til å etablere et nasjonalt arkiv over historiske kalkmørtler. Sammen med Fabrica kulturminnetjenester, Norges geologiske undersøkelse (NGU) og SEIR materialeanalyse fra Danmark skal de samle, analysere og arkivere kalkmørtler fra de siste 25 årene. Målet er å bygge opp et nasjonalt arkiv – både fysisk og digitalt – slik at kunnskapen blir tilgjengelig for håndverkere, rådgivere og forvaltere av kulturminner.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye