Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider

Pengar til nytt tak på Nidarosdomen

7.10.2026 10:50:35 CEST | Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider | Pressemelding

Del

Nidarosdomen får nå eit løft for framtida. Ekstra midlar i statsbudsjettet gjer det mogleg for Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) å starte arbeidet med å skifte ut dei nedslitne kopartaka på landets viktigaste historiske bygning.

Dronebilde av Nidarosdomen hvor man ser de grønne kobbertakene godt.
Nidarosdomen sitt karakteristiske grøne kopartak treng å skiftast ut. Mykola Ksenofontov Visit Trondheim

Oddmund Hoel, direktør ved NDR, er både glad og letta etter å ha fått nyheita om økte bevillingar.

  • Vi er svært glad for at vi får pengar til å starte på den store oppgåva med å skifte taka på nasjonalheilagdommen, seier Hoel. - Det har vore klart i mange år at taka må skiftast ut, og det er veldig gledeleg at kulturministeren og regjeringa no har funne rom til å prioritere dette. Det er også særs bra og viktig at det kjem i form av ein varig auke i løyvinga til NDR. Det gjer det mogleg med ei langsiktig planlegging av arbeidet, som vil gå over mange år.

Nidarosdomen sitt karakteristiske grøne kopartak er i svært dårleg stand. Nedbør og vind fører til omfattande lekkasjar, særleg i spiret og hovudskipet. Lekkasjane utgjer ein fare for murverket og kan skade både lysanlegg, orgel og andre tekniske anlegg. NDR har i fleire år arbeidd med å utbetre lekkasjane, men kopartekkinga er jamt over i så dårleg forfatning at det ikkje er mogleg å lappe saman dagens tak.

NDR vil no gå vidare med prosjekteringa og avklare korleis dei tek fatt på arbeidet og kor raskt det kan startast opp.

  • Å leggje nytt kopartak på Nidarosdomen blir eit omfattande og kostnadskrevjande arbeid, seier Rune Langås, avdelingsdirektør ved NDR. - Det vil krevje mange tonn kopar og enorme stillasriggar. Av både praktiske og sikkerheitsmessige grunnar er det ønskjeleg og naudsynt å dele opp den omfattande jobben i fleire delprosjekt. Vi håper å starte det praktiske arbeidet i 2027.

Dagens kopartak vart lagde i samband med restaureringa av Nidarosdomen mellom 1888 og 1928. Utskiftinga av taka blir eitt av dei største sikringsprosjekta ved katedralen i moderne tid og eit viktig bidrag til å ta vare på eit av Noregs fremste kulturminne for framtida.

Fakta frå statsbudsjettet (side 84):

I tillegg foreslås det å øke bevilgningen på posten med 6,5 mill. kroner for å skifte kobbertaket på Nidarosdomen. Taket lekker, og vann som trenger inn, gir forvitring i steinkonstruksjonene. Dette øker faren for steinnedfall inne i kirka, som igjen kan skade mennesker og kulturminner. Levetiden til et kobbertak er til vanlig 100 år. De eldste delene av kobbertaket på katedralen er over 100 år gamle. Arbeidet med å skifte ut taket vil måtte utføres over tid.

I tillegg gjer regjeringa framlegg om å vidareføre auken på 5 mill kr som NDR fekk i budsjettforliket for 2026.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

En mann står utenfor Nidarosdomen med armene i kors.
- Vi er svært glad for at vi får pengar til å starte på den store oppgåva med å skifte taka på nasjonalheilagdommen, seier Hoel.
Ina Stenvig NDR
Last ned bilde
En mann står og lener seg mot et stillas.
- Vi håper å starte dei praktiske arbeida i 2027, seier Rune Langås, avdelingsdirektør ved NDR.
Ina Stenvig NDR
Last ned bilde
Sort/hvitt bilde av spiret på Nidarosdomen under bygging.
Historisk bilde fra gjenreisingen av Nidarosdomen på begynnelsen av 1900-tallet.
Historisk arkiv NDR
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye