Damer, dyr og djevlar - ny utstilling ved Nidarosdomen
10.6.2025 07:30:00 CEST | Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider | Pressemelding
Fredag 6. juni opna Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje (NDR) fotoutstillinga "Damer, dyr og djevlar – Nidarosdomens skjulte ansikt" på Vestfrontplassen framfor Nidarosdomen. Her får ein moglegheit til å sjå nokre av katedralens mest særeigne skulpturar på nært hold for fyrste gong.

Høgt oppe på tverrskipa til Nidarosdomen heng ei rekke romanske konsollhovud. Desse skulpturane representerer ei underleg verd av dyr, menneske og djevlar. Dei vart laga at steinhoggarar ved katedralen på midten av 1100-talet.
Skulpturane er fotografert og vert vist fram i ei utstilling framfor Nidarosdomen i sommar. Utstillinga ble opna i strålande solskin og med mykje folk til stades. Leiar for NDR, Oddmund Hoel, ønskte velkomen, forskar Øystein Ekroll fortalde om historia bak dei avbilda skulpturane og preses i Den norske kyrkje, Olav Fykse Tveit, sto for den offisielle opninga.
Oddmund Hoel, leiar for NDR, sa at utstillinga "Damer, dyr og djevlar" er eit godt eksempel på NDR sitt oppdrag;
- Nidarosdomen er ei historisk gåve som berre gir og gir. Etter over 150 år med utforsking og restaurering viser denne utstillinga at det stadig finst nye historiske skattar som kan hentast fram i lyset og ned på bakken, sa Hoel. - Det er sentralt i oppdraget til NDR å forvalte Nidarosdomen og Erkebispegården, og å forske på bygningane på høgt nivå og formidle kunnskapen om dei. Denne utstillinga er eit godt eksempel på begge delar.
Forskar og arkeolog Øystein Ekroll fortalde at skulpturane på Nidarosdomen er laga av steinhoggarar som arbeidde ved katedralen omkring 1150-65.
- Desse romanske konsollhovuda er frå same tid som dei legendariske Lewis-sjakkbrikkene av kvalrosstann, som truleg er laga her i Trondheim av Erkebiskopen sine handverkarar, sa Ekroll. - Ansikta er så like sjakkbrikkene at dei kan vera laga av dei same kunstnarane. Det gjeld særleg det store hovudet, den smale munnen og dei store auga med bora pupillar og ein fold omkring auget.
I motsetning til sjakkbrikkene vis konsollane ikkje kongar, dronningar, biskopar og ryttarar. Dei vis ei merkeleg verd av menneske, dyr, djevlar med spisse øyre og ein blanding av dyr og menneske. For moderne menneske liknar dei skapningar frå ein skrekkfilm eller eit mareritt.
- Vi ser inga kristen symbolikk, men truleg hadde dei eit klårt bodskap om liv og død, tru og frelse, til menneska på 1100-talet – ei historie som har gått tapt for oss. Konsollhovuda og Lewisbrikkene er bevis på at det var eit aktivt kunstnarmiljø ved erkebispesetet i Nidaros i mellomalderen, fortalde Ekroll.
Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkje, hadde eit særskild fokus på symbolikken bak dei avbilda skulpturane i si opningstale;
- Ein katedral som Nidarosdomen er eit uttrykk for heile skaparverket i miniatyr, på godt og vondt, og minner oss om at verda er mangfaldig. Det er ikkje berre dei vakre og gode sidene som blir framstilt, men også det farlege og vonde, sa Fykse Tveit.
Utstillinga blir ståande på Vestfrontplassen i hele sommar, og i Museet Erkebispegården kan ein sjå fleire konsollhovud frå mellomalderen på nært hald.
Desse står bak utstillinga:
Formgjevinga av utstillinga er det Tank Design ved Siri Sælnes som har hatt ansvaret for, og fotoa er tekne av Jøran Wærdahl frå Klipp og Lim. Prosjektgruppa er leia av Ingrid Forseth, og ho har hatt med seg Åse Huseth og Øystein Ekroll. Øystein hadde ideen til utstillinga, han har vore fagansvarleg og er den som har skrive tekstane.
Nøkkelord
Kontakter
Marianne VikanNidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
Tel:+47 415 31 563marianne.vikan@nidarosdomen.noOddmund Løkensgard HoelNidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
Tel:970 21 194Oddmund.Hoel@nidarosdomen.noØystein EkrollNidaros Domkirkes Restaureringsarbeider
Tel:+47 918 27 610oeystein.ekroll@nidarosdomen.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nidaros Domkirkes restaureringsarbeider
Sommer i Borggården åpnet med håndverk, historie og sommerstemning15.7.2026 11:16:16 CEST | Pressemelding
Rundt 3 000 besøkende tok turen til Erkebispegården tirsdag. For sjuende år på rad inviterer Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) publikum til Sommer i Borggården - en familievennlig festival med håndverk, historie og teater i historiske omgivelser.
Norges viktigste dører – jobben er i gang24.4.2026 07:17:46 CEST | Pressemelding
Etter ett drøyt år med planlegging er håndverkerne ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR) nå i gang med produksjonen av nye dører til vestfronten på Nidarosdomen. Dette markerer starten på et omfattende håndverks- og kunstprosjekt uten sidestykke i nyere tid.
Statssekretær opna festival på historisk grunn12.7.2025 13:21:55 CEST | Pressemelding
Fredag 11. juli opna statssekretær Helge Flø Kvamsås frå Barne- og familiedepartementet festivalen Sommer i Borggarden i den historiske Erkebispegarden i Trondheim. - Sommer i Borggarden er ein flott måte å bringe historie og handverkstradisjonar ut til nye generasjonar. Her møtest fortid og framtid i levande formidling, sa Kvamsås under opninga.
Oddmund Løkensgard Hoel blir ny direktør i Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider (NDR)16.5.2025 11:17:01 CEST | Pressemelding
Styret i NDR har valgt å ansette professor i historie og tidligere statsråd Oddmund Hoel som direktør i NDR. Hoel tiltrer stillingen allerede 1. juni 2025, og styret er svært glad for at ny direktør er på plass så raskt. Styret mener Oddmund Hoel er rett mann til å lede arbeidet med å ta vare på og utvikle Nidarosdomen, Erkebispegården og den unike håndverkskompetansen knyttet til Bygghytta ved NDR, samt til å lede den statlige pilegrimssatsningen i vår tid og fram mot tusenårsjubileet i 2030.
Besøk Bygghytta ved Nidarosdomen22.4.2025 08:27:33 CEST | Pressemelding
Lørdag 26. april arrangerer Bygghytta ved Nidarosdomen åpen dag og inviterer publikum til sine verksteder på Kalvskinnet hvor du får oppleve tradisjonshåndverk på nært hold.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom