UiT Norges arktiske universitet

UiT i verdstoppen på open publisering

Del

UiT kjem på 6.-plass i verda i ny rangering, og leier med det an i open publisering i Noreg og Norden.

Nærbilde av forskingsartiklar i ei bokhylle med blurry bakgrunn.
91,4 prosent av alle forskingsartiklar publisert ved UiT Noregs arktiske universitet mellom 2019 og 2022 var opent tilgjengeleg. (Illustrasjonsbilde) Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT

– Dette er verkeleg ei fjør i hatten!

Det seier bibliotekdirektør ved UiT, Johanne Raade, om at UiT nyleg blei rangert på 6.-plass i open publisering i CWTS Leiden Ranking Open Edition 2024.

– UiT har over år arbeidd medvite med open vitskap. At vi no har komme så høgt på denne lista, er fruktene av langsiktig arbeid, seier Raade.

Prorektor for forsking og utvikling ved UiT, Jan-Gunnar Winther, stemmer i:

– Å gjere vår kunnskapsproduksjon tilgjengeleg, har vore eit prioritert område for UiT. At vi no er verdsleiande på Open Access, er ikkje anna enn imponerande!

Rangeringa blei publisert 9. oktober, og rangerer over 1500 universitet verda over etter kor stor grad av open publisering – Open Access – dei har mellom 2019 og 2022.

Med 91,4 prosent opne publikasjonar, er det altså berre fem universitet i verda som har større andel av publikasjonane sine fritt tilgjengeleg for allmennheita.

Sjetteplassen gjer dessutan UiT til universitetet som er fremst i heile Norden på open publisering.

UiT har open publisering som prinsipp

Open Access inneber at allmennheita får gratis, digital tilgang til vitskapelege publikasjonar, til dømes ved at forskarar publiserer forskinga si i opne tidsskrift.

Det er ikkje første gong UiT utmerker seg på tilgjengelege forskingsartiklar. Allereie i 2016 var UiT blant institusjonane i Noreg som publiserte mest, med 42 prosent opent publisert.

UiT har i ei årrekke hatt eit mål om å vere leiande innan open vitskap og open tilgang. Vitskapelege publikasjonar skal som prinsipp gjerast tilgjengeleg anten i publiseringskanalar med open tilgang, eller i det opne vitenarkivet Munin.

Og er ein på 6.-plass, er ein leiande. Det meiner Jan Erik Frantsvåg, Open Access-rådgivar ved Universitetsbiblioteket.

– Å komme så høgt på ei internasjonal rangering av universitet, er eit klart bevis på at arbeidet har gitt synlege resultat. Det er også med på å synleggjere UiT internasjonalt, seier Frantsvåg.

– UiT har i rundt 25 år hatt ein stadig aukande aktivitet på området open tilgang, med kvart også open vitskap, med aktivitetar lokalt, nasjonalt og internasjonalt, held han fram.

Eit døme er den årlege Munin-konferansen om vitskapeleg publisering, som 26. november arrangerast for 19. gong, med deltakarar frå 23 land.

Resultat av medvitent arbeid og godt samarbeid

I 2017 hadde regjeringa eit uttalt mål om at alle norske vitskapelege artiklar finansiert av offentlege midlar skal vere opent tilgjengeleg innan 2024.

Med den ferske rangeringa i open publisering, må UiT kunne seiast å vere langt på veg.

– Eit godt samarbeid mellom forskarar, forskingsadministrasjon og Universitetsbiblioteket gjer at vi no er nummer seks i verda, slår bibliotekdirektør Raade fast.

– Både forskarar og leiing har sett viktigheita av open og delt forsking. Universitetsbiblioteket har mange dyktige og innovative tilsette som har arbeidd med dette over år.

Se hele lista og bakgrunnen for rangeringane her: CWTS Leiden Ranking Open Edition - Ranking 2024

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Nærbilde av forskingsartiklar i ei bokhylle med blurry bakgrunn.
91,4 prosent av alle forskingsartiklar publisert ved UiT Noregs arktiske universitet mellom 2019 og 2022 var opent tilgjengeleg. (Illustrasjonsbilde)
Foto: Vilde Øines Nybakken / UiT
Last ned bilde

UiT Noregs arktiske universitet

UiT Noregs arktiske universitet er eit breddeuniversitet med elleve studiestader over heile Nord-Noreg. Vi har 4000 tilsette og 17 000 studentar. Vår visjon er å skape eit nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområda.

Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye