Statsbudsjettet 2025: Nærare ein halv milliard kroner meir til fylkesvegnettet
Regjeringa foreslår 480,5 millioner kroner meir til fylkesveg enn i 2024. Dette er ein auke på 11,4 prosent frå 2024-budsjettet.
– Dette er eit løft for fylkesvegane. Fylkesvegnettet utgjer ein stor del av vegnettet for persontransport og næringsliv over heile landet, og den auka satsinga vil gjera fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på det dei har. Dette er ei satsing som vil komma mange til gode, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
– I Nasjonal transportplan varsla vi ei opptrapping til fylkesveg. Trygge og gode vegar er avgjerande for å sikre busetting og verdiskaping på små og store stader i heile landet. Det er viktig at vi allereie i budsjettet for 2025 gir meir midlar til fylkene for å møte det store behovet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Auken i budsjettet er i tråd med Nasjonal transportplan for 2025–2036, som legg opp til eit kraftig løft for fylkesveg. Slik fordeler pengane seg i budsjettforslaget frå regjeringa:
- Den største delen av auken går til opprusting og fornying av fylkesvegar i fylkeskommunane sine frie inntekter.
- Regjeringa foreslår å løyva 50 millionar kroner til ei ny øyremerkt tilskotsordning for å rusta opp 14 fylkeskommunale bruer som er kritiske for militær mobilitet.
I tillegg til auken på 480,5 millionar kroner er det óg lagt inn auke i desse ordningane i budsjettforslaget:
- Regjeringa legg for 2025 til grunn rentekompensasjon på 4,0 prosent, og rentekompensasjonsordninga for transporttiltak i fylka auker med 74,7 millionar kroner.
- Regjeringa foreslår å løyva 40 millionar kroner til tilskotsordninga til tryggare skulevegar og nærmiljø. Det er ein auke med 16,4 millionar kroner frå inneverande år og inneber at vi allereie i 2025 er oppe på det årlege, gjennomsnittlege nivået som er føresett i Nasjonal transportplan 2025–2036.
Regjeringa foreslår å avvikle det øyremerkte tilskotet til vedlikehald av fylkesvegar på Samferdselsdepartementets budsjett og overføre pengane til rammetilskotet til fylkeskommunane. Fordelinga mellom fylkeskommunane vert den same, men endringa reduserer administrative kostnadar både for fylkeskommunane og staten. Auken i midlar til fylkeskommunane kjem i tillegg til denne endringa.
Fylkeskommunane finansierer i hovudsak fylkesvegane med sine frie inntekter. I 2023 brukte fylkeskommunane om lag 24,4 milliardar kroner til drift, vedlikehald og investering i fylkesveg.
For andre pressemeldingar frå samferdselsbudsjettet 2025 – sjå:
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Vy direktetildeles kontrakt på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen fra 202722.10.2024 18:05:43 CEST | Pressemelding
Jernbanedirektoratet skal gjøre en grundig vurdering av både omfang og inndeling av dagens trafikkavtaler for persontogtransport. Inngåelse av ny ordinær avtale for togtrafikken i sør, som Go-Ahead i dag kjører, blir derfor utsatt. I en mellomperiode vil Jernbanedirektoratet sikre trafikken gjennom en kortsiktig direktetildeling til Vy i inntil fem år. Dette er et unntak som følger av EUs fjerde jernbanepakke.
Statsbudsjettet 2025: Foreslår 50 millionar kroner til opprusting av fylkesvegbruer som er kritiske for militær mobilitet7.10.2024 10:07:07 CEST | Pressemelding
– Transportsystemet skal støtte opp under militære behov for forflytting av både personell og materiell. Ved å opprette ei ny tilskotsordning til militær mobilitet vil regjeringa sikre at fylkeskommunane blir sette i stand til å ruste opp bruer på fylkesvegnettet som er kritiske for militær transport, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Statsbudsjettet 2025: Ei historisk satsing på samferdsel7.10.2024 10:06:50 CEST | Pressemelding
– Regjeringa legg opp til ei historisk satsing på samferdsel i neste års statsbudsjett. Spesielt retter vi innsatsen mot å ta vare på det vi har, og utbetre der vi kan. Å prioritere drift og vedlikehald betyr betre tryggleik for folk i trafikken, betre klimatilpassing og betre militær mobilitet. I tillegg prioriterer vi mellom anna å starte det største samferdselsprosjektet nokon gang, Arna-Stanghelle. Heilt konkret foreslår vi å løyve totalt 96,1 milliardar kroner til samferdsel i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Statsbudsjettet 2025: 1,1 milliardar kroner meir til drift og vedlikehald av riksvegane7.10.2024 10:06:33 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyva 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2025. Dette er ein auke på 1,1 milliardar kroner samanlikna med statsbudsjettet for 2024.
Statsbudsjettet 2025: Trappar opp innsatsen for å redusere forseinkingar og innstillingar i togtrafikken7.10.2024 10:05:36 CEST | Pressemelding
– Det er for mange tog som ikkje er i rute. Det må vi gjere noko med. I tråd med prioriteringa i ny Nasjonal transportplan foreslår regjeringa å auke løyvingane til vedlikehold og fornying av jernbanen i 2025. For første gong på fleire år blir det foreslått meir pengar til å redusere innstillingar og forseinkingar i togtrafikken enn til å byggje ny jernbane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom