Statsbudsjettet 2025: Trappar opp innsatsen for å redusere forseinkingar og innstillingar i togtrafikken
– Det er for mange tog som ikkje er i rute. Det må vi gjere noko med. I tråd med prioriteringa i ny Nasjonal transportplan foreslår regjeringa å auke løyvingane til vedlikehold og fornying av jernbanen i 2025. For første gong på fleire år blir det foreslått meir pengar til å redusere innstillingar og forseinkingar i togtrafikken enn til å byggje ny jernbane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa foreslår å løyve 6,6 milliardar kroner til drift og vedlikehald av infrastrukturen på jernbane i 2025, ein auke på 26 prosent frå 2024. Til fornying av jernbanen er det prioritert drygt 5,5 milliarder kroner, som er 38 prosent meir enn i fjor. Samla blir løyvinga til drift, vedlikehald og fornying foreslått auka med 3,2 milliarder kroner.
Prioriterer område der tiltaka kjem mest til nytte
– Tiltaka innan vedlikehald og fornying vil bli prioritert der dei kjem mest til nytte for person- og godstrafikken. I Oslo-området er det mykje køyring på spora, og infrastrukturen blir då raskt slite ned. Vedlikehald og fornying blir då viktig for at toga kan halde rutetabellane. Forseinkingar kan forplante seg raskt i jernbanenettet, og tiltak i Oslo-området vil kome jernbanen i heile landet til gode. I tillegg er prioriteringa av desse to tiltaka heilt avgjerande for at jernbanen skal vere betre rusta til å tole ekstremver og klimaendringar rundt om i landet, seier samferdselsministeren.
Løyvingsforslaget følgjer opp prioriteringa i Nasjonal transportplan 2025-2036 (NTP) om å ta betre vare på dagens jernbane. Overslag frå Bane NOR viser at auka vedlikehalds- og fornyingsinnsats og ny arbeidsmetodikk kan redusere innstillingar og forseinkingstimar mot slutten av NTP-perioden 2025-2036 med opptil 30 prosent samanlikna med i dag.
Betring over tid
– Å betre tilstanden på jernbanenettet er ikkje gjort i ei handvending, men ei opptrapping av arbeidet med vedlikehald og fornying kjem til å gi positive resultat over tid. I tillegg vil blant anna nye tog og innføring av det digitale signalsystemet ERTMS bidra til å redusere talet på innstillingar og forseinkingstimar i togtrafikken i åra framover, seier Nygård.
Foreslår meir til dagens jernbane enn til nye, store prosjekt
Regjeringa foreslår 32,6 milliardar kroner til jernbaneformål i 2025.
Av dette er i alt 12,1 milliardar kroner foreslått løyvd til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Til større investeringsprosjekt – som blant anna bygging av InterCity-strekningar på Austlandet, elektrifisering av jernbanen i Trøndelag og innføring av det nye, digitale signalsystemet ERTMS – har regjeringa foreslått å løyve 11,7 milliardar kroner.
– For første gong på minst fem år foreslår ei regjering å løyve meir til å halde toga i rute enn til nye store utbyggingsprosjekt. Vårt mål i Nasjonal transportplan 2025-2036 er å trappe opp arbeidet med vedlikehald og fornying også dei komande åra. Vi skal sjølvsagt bygge nytt også, men ein meir punktleg togtrafikk er jobb nummer ein, seier samferdselsministeren.
Om drift, vedlikehald og fornying
Drift er den løpande driften av jernbanen som ikkje fører til endringar av infrastrukturen – mellom anna straumforsyning, vinterberedskap, trafikkstyring, kundeinformasjon, og drift av stasjonar og godsterminalar.
Vedlikehald er reparering av infrastrukturen – enten førebygjande, for å unngå at det oppstår feil, eller korrektivt, for å rette opp feil som har oppstått.
Fornying er utskifting av anlegg, når det ikkje lenger er mogleg eller hensiktsmessig å reparere. Manglande vedlikehald kan føre til at det raskare blir behov for fornying.
For andre pressemeldingar frå samferdselsbudsjettet 2025 – sjå:
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Per Sanderud er ny styreleiar i Bane NOR12.6.2025 10:31:02 CEST | Pressemelding
På dagens foretaksmøte i Bane NOR SF blei Per Sanderud valt som styreleiar, mens styrets nestleiar Hildegunn Naas-Bibow og styremedlemmane Eli Giske, Renate Larsen, Adele Norman Pran og Tore Olaf Rimmereid blei attvalde.
Ein betre reisekvardag med nye tog nærmar seg10.6.2025 16:17:40 CEST | Pressemelding
Det første av dei nye lokaltoga som frå neste år skal inn i trafikken i hovudstadsområdet, er no på plass i Oslo – klar for testing. Dei komande åra kan dei reisande i Noreg også glede seg over nye region- og langdistansetog. Så langt er det kjøpt 72 nye tog som skal setjast i trafikk dei nermaste åra.
Veiåpning: Samferdselsministeren klippet snora for E39 Lyngdal øst – Lyngdal vest6.6.2025 12:47:41 CEST | Pressemelding
Fredag 6. juni markerte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård den offisielle åpningen av den nye firefelts motorveien på E39 mellom Lyngdal øst og Lyngdal vest – en 9,7 kilometer lang strekning.
Vil redusere utslippene fra luftfarten20.5.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen vil innføre økte krav til biodrivstoff i luftfarten ved å implementere ReFuelEU Aviation.
Oppstart for E134 Røldal – Seljestad19.5.2025 13:55:53 CEST | Pressemelding
Måndag 19. mai sette samferdselsminister Jon-Ivar Nygård første spadestikk for strekninga E134 Røldal - Seljestad. – Dette er første etappe for ein ny og tryggare veg mellom Seljestad og Røldal – eit prosjekt som vil få stor betydning for heile regionen, og for aust/vest-forbindinga i landet, sa Nygård under markeringa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom