Medietilsynet

TV 2 oppfylte alle krav som allmennkringkastar i 2023

Del

TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i tråd med krava i fjor og får full kompensasjon på 135 millionar kroner. Det er konklusjonen i tilsynsrapporten frå Medietilsynet.

Bilde fra regien til en nyhetssending på TV2. Mange skjermer viser forskjellige bilder i forskjellige størrelser.

Som kommersiell allmennkringkastar skal TV 2 blant anna levere daglege, riksdekkande nyheitssendingar med base i den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama.  

Over 400 millionar kroner er investert i norsk film og tv-drama siste fem år 

TV 2 har totalt investert nær 430 millionar kroner i norsk film og tv-drama sidan avtalen starta i 2019, og har dermed med god margin oppfylt forpliktinga om å investere minst 250 millionar kroner i slike produksjonar i løpet av avtaleperioden. Kombinert med kravet om at TV 2 også skal sende førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama, har avtalen bidratt til premierar for nye, originalskrivne norske dramaproduksjonar på hovudkanalen til TV 2. 

– At dei norske allmennkringkastarane fremmer norskprodusert innhald som reflekterer norsk historie, kultur og samfunnsforhold, blir stadig viktigare i ein globalisert film- og strøymemarknad, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.  

Ho peiker på at TV 2 også bidrar til å styrke norsk språk og identitet gjennom ein betydeleg formidling av norskspråkleg innhald. I 2023  var 54 prosent  av programma på hovudkanalen norskspråklege. TV 2 oppfylte dermed kravet om at slike program skal fylle minst 50 prosent av sendetida. 

Eit solid redaksjonelt miljø utanfor hovudstaden 

Hovudredaksjonen til TV 2 er i Bergen, og dei fleste som jobbar med nyheitssendingane på hovudkanalen, er tilsette der.  2023 var eit år med eit stort behov og høg interesse for nyheitsinnhald, både nasjonalt og internasjonalt. I tilsynsrapporten frå Medietilsynet går det fram at TV 2 hadde ei viktig rolle i dekninga av kommune- og fylkestingsvalet, og at utanriksjournalistane rapporterte frå krigssoner og viktige politiske hendingar ulike stader i verda. TV 2 rapporterer at det i 2023 blei jobba med å synleggjere korleis nyheitsredaksjonen jobbar med å vere ein tydeleg og trygg avsendar av nyheiter som folk kan ha tillit til. 

– Redaktørstyrte journalistiske medium er viktige informasjonskjelder i ei tid der den teknologiske utviklinga gjer det stadig enklare å produsere og spreie desinformasjon. Gjennom lokaliseringa i Bergen, sørger TV 2 dessutan for eit solid redaksjonsmiljø utanfor Oslo, seier Velsand. 

Ny femårsavtale frå i år 

2023 var det siste året i den førre avtaleperioden TV 2 hadde med staten om å vere kommersiell allmennkringkastar. Sist haust inngjekk tv-kanalen ei ny avtale med Kultur- og likestillingsdepartementet for perioden 1. januar 2024 til 31. desember 2028. Hovudlinjene i den førre avtalen blir vidareførte, i tillegg er det tatt inn krav som styrkar både nyheitsdekninga frå heile Noreg og investeringane i norsk film og tv-drama. 

Les heile allmennkringkastingsrapporten for TV 2 i 2023 her.

Hovudkonklusjonar frå tilsynet med TV 2 for 2023

  • TV 2 hadde daglege nyheitssendingar frå den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Med 154 redaksjonelle årsverk og over 300 millionar kroner i redaksjonelle kostnader til nyheitssendingane på hovudkanalen TV 2 Direkte oppfyller TV 2 forpliktingane med god margin.  
     
  • TV 2 oppfylte krava om tilbod til barn ved å vise norskspråkleg barne-tv kvar helg og ha 16 millionar kroner i kostnader til denne typen program.  
     
  • TV 2 oppfylte krava om tilbod til unge ved å sende jamlege norskspråklege program for unge i alderen frå 13 til 19 år og ha 6,3 millionar kroner i kostnader til denne typen program. 
     
  • TV 2 formidla førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama og innfridde med god margin kravet om årleg gjennomsnitt på 50 millionar kroner til innkjøp av produksjonar.  
     
  • TV 2 oppfylte krava om å formidle allmennkringkastingsinnhaldet lineært på hovudkanalen TV 2 Direkte og ikkje-lineært i TV 2 Play. TV 2 oppfylte også kravet om å vere tilgjengeleg i distribusjonsnett som kan bli tatt imot av minst 95 prosent av alle husstandane i Noreg (teknisk dekning).  
     
  • Med hovudredaksjon og sentral nyheitsredaksjon i Bergen tilfredsstiller TV 2 kravet om at desse redaksjonane skal vere lokaliserte minst 100 kilometer utanfor Oslo. TV 2 oppfylte krava om at Bergen er staden der både større og mindre avgjerder knytte til programsamansettinga og nyheitene blir tatt, og majoriteten av dei redaksjonelt tilsette i desse redaksjonane har arbeidsstaden sin der. 
     
  • Med 54 prosent norskspråklege program på hovudkanalen oppfylte TV 2 kravet om at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida. TV 2 hadde ei rekke nynorsktalande nyheitsanker og reporterar i 2023 og oppfylte kravet om å nytte begge dei offisielle målformene.  
     
  • TV 2 oppfylte krava om breidde i tema og sjangrar. I 2023 valde TV 2 å dekke dei fem kategoriane samfunns-/informasjonsprogram, sport, dokumentarprogram, underhaldning og natur og vitskap, og alle krava til hyppigheit og omfang er oppfylte. 
     
  • TV 2 har etterlevd retningslinjene for rekneskapsmessig skilje i 2023, og i tråd med resultatet får TV 2 full kompensasjon på 135 millionar kroner for å ha levert allmennkringkastingsoppdraget. 

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye