Medietilsynet

NRK med to brot på oppdraget i fjor

Del

NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastingsoppdraget i 2023, men klarte ikkje krava om 25 prosent nynorsk og jamlege program for unge på samisk. Det viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet.

Nærbilde av hånd som holder en mikrofon med blå hette med NRK-logo.

NRK må oppfylle om lag 50 krav til programverksemda, og Medietilsynet vurderer kvart år korleis allmennkringkastaren leverer på oppdraget sitt. 

Nærmare nynorskkravet enn nokon gong

NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på kvar av dei tre medieplattformene sine, men hadde i 2023 framleis for lite nynorsk på radio og nett. Kravet om 25 prosent nynorsk blei dermed berre oppfylt på tv. NRK har aldri oppfylt nynorskkravet på nett, og frå 2019 til 2023 har det heller ikkje vore nok nynorsk på radio. 
– NRK er ein viktig språkberar, og derfor har Medietilsynet gjentatte gonger løfta betydninga av at NRK styrkar nynorskbruken i tilbodet sitt, seier direktør Mari Velsand.  
Nynorskandelen på nett har auka dei seks siste åra, og i 2023 var 22,4 prosent av nettinnhaldet til NRK på nynorsk. NRK er med det nærmare å oppfylle nynorskkravet på denne plattforma enn nokon gong tidlegare. Like positivt er det ikkje for radio: 22,7 prosent nynorsk i fjor er litt tilbake frå 23,2 prosent i 2022. 
– Det er bra at NRK har auka bruken av nynorsk på nett. Men Medietilsynet meiner utviklinga framleis går for sakte på radio, og vi vil derfor halde fram med å følge opp NRK på dette punktet, seier Velsand.
NRK oppfylte utvida oppdrag for språk og musikk
Frå 2023 har NRK fått styrkt språkoppdraget sitt med eigne krav om innhald på teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk, i tillegg til innhald på norsk og samisk. Samla tydeleggjer dei nye språkkrava ansvaret NRK har for å vere ein fellesarena som reflekterer at Noreg rommar eit mangfald av identitetar og kulturar, også språkleg. NRK har ein lang praksis for tilbod på kvensk, og NRK jobbar også for å tilby innhald på romanes og romani.
Kravet om å spele 40 prosent norsk musikk er frå 2023 utvida frå å gjelde dei tre hovudkanalane, til å gjelde i alt ti kanalar. I tillegg skal NRK fremme musikk av samiske artistar, komponistar og tekstforfattarar og talent frå nasjonale minoritetar. Alle desse krava er oppfylte.
Brot på krav til program for unge på samisk
NRK har eit særleg ansvar for å fremme samisk kultur, identitet og språk og oppfyller krava om å tilby eit dagleg innhaldstilbod på samisk. I 2023 har NRK lagt om delar av tilbodet på samisk, blant anna for å gi meir rom for valbart innhald og styrke tilbodet på sør- og lulesamisk. NRK har lansert nye podkastar for dei eldste tenåringane og unge vaksne, men det tidlegare tilbodet for unge i tenåra blir ikkje lenger sendt. 
– Medietilsynet meiner at fråværet av program for yngre ungdommar i 2023 gjer at kravet til jamlege program for unge på dei samiske språka ikkje er oppfylt, seier Velsand.

To brot på sponsorreglane i 2023

Allmennkringkastingsverksemda til NRK er offentleg finansiert, og NRK har avgrensa høve til å hente sponsorinntekter. Medietilsynet vurderer at NRK generelt har høg merksemd og etablerte rutinar for bruk av sponsing i organisasjonen, og sponsing utgjer ein liten del av dei samla inntektene. I 2023 avdekte Medietilsynet to tilfelle der NRK hadde sponsa program i strid med reglane. NRK har tidlegare fått gebyr for desse brota. 
– I allmennkringkastingstilsynet har Medietilsynet understreka at restriksjonane knytte til sponsing er eit viktig verkemiddel for å sikre at NRKs rolle som ikkje-kommersiell medieaktør blir oppretthalden. Vi har ei klar forventning til at NRK styrker rutinane sine og sikrar at slike brot ikkje skjer framover, seier Velsand.

Heile allmennkringkastingsrapporten for NRK i programåret 2023 finn du her.

Nokre konklusjonar frå Medietilsynets tilsyn med NRK for 2023:

•    NRK styrker mediemangfaldet i Noreg gjennom å oppfylle allmennkringkastingsoppdraget sitt.
•    NRK oppfylte kravet til minst 25 prosent nynorsk på tv, men hadde i 2023 framleis for lite nynorsk på radio og nett. 
•    NRK oppfylte ikkje kravet til jamlege program for unge på dei samiske språka i 2023. Det er første gong på fire år at NRK bryt dette kravet.  
•    NRK bidrar til det norske mediemangfaldet både regionalt og nasjonalt, blant anna gjennom ei rekke ulike tiltak og samarbeid med andre medieaktørar.
•    NRK hadde i 2023 distriktssendingar alle kvardagar både på tv og radio og eit løpande oppdatert regionalt nyheits- og innhaldstilbod på nett. NRK oppfylte også kravet om å vere til stades i alle fylka og har i løpet av 2023 tilpassa organiseringa til den nye fylkesinndelinga. 
•    Det samla tilbodet til NRK hadde høg kvalitet og ei stor breidde i tematikk og sjangrar i 2023. NRK oppfylte også kravet om å stimulere til kunnskap, forståing og bruk av andre medieplattformer blant brukarar i alle aldrar. NRK tilbydde i tråd med oppdraget innhald som er tilrettelagt for skoleverket.
•     I 2023 har NRK gjennom ulike sjangrar tatt opp samfunnsrelevante tema, som er med på å sette dagsorden og skape debatt. 
•    NRK oppfylte i 2023 krava om daglege norskspråklege program for barn under tolv år og jamlege norskspråklege program for unge.
•    NRK oppfylte det utvida kravet om formidling av norsk musikk i 2023. Alle dei ti kanalane spelte minst 40 prosent norsk musikk og la vekt på norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk i 2023. 
•    NRK formidlar kunnskap om og viser mangfaldet i det norske samfunnet både gjennom fleirkulturell kompetanse og innhaldstilbod. 
•    NRK har samla, formidla og belyst eit breitt spekter av religiøse perspektiv og livssyn i 2023. 
•    NRK oppfylte krava om å formidle norsk drama og film og stimulere norske produksjonsmiljø. NRK oppfylte også kravet om å legge ut minst 40 prosent av det frie programbudsjettet på tv frå 2021 til og med 2023, med eit snitt på 46,8 prosent.
•    NRK har i 2023 hatt sportssendingar som dekte både breidda i norsk idrettsliv og store idrettshendingar. NRK har også dekt idrettsøvingar for personar med funksjonsnedsettingar. 
•    NRK oppfyller krava til at allmennkringkastingstilbodet skal vere reklamefritt, og at NRKs redaksjonelle avgjerder ikkje er styrte av kommersielle omsyn. 

Kontakter

Om oss

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye