Uselde klede blir forbodne å kaste
Nytt EU-regelverk skal forby store aktørar å kaste uselde klede, sko og tilbehøyr. Dette vil bidra til at bransjen beveger seg bort frå overproduksjon.
Europaparlamentet har no støtta semja frå forhandlingane i EU om eit ambisiøst regelverk om økodesign for berekraftige produkt. Regelverket skal bidra til å redusere avfallsmengdene og stille krav til at produkt blir meir berekraftige. Dette vil gi positive klima- og miljøeffektar.
Når regelverket har vorte ein del av EØS-avtalen, vil det gjelde i Noreg òg.
– Det banebrytande regelverket skal gjere at produkta vi bruker dagleg varer lengre og blir enklare å reparere. Det vil bidra til at vi ikkje like ofte som i dag erstattar produkta våre med nye. Dei nye reglane vil også gjere produkta meir energi- og ressurseffektive. Alt dette vil redusere miljø- og klimabelastninga av forbruket vårt, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.
Ikkje sløse med verdifulle ressursar
EUs miljøbyrå EEA har estimert at mellom 264 000 og 594 000 tonn tekstilar blir destruert kvart år i Europa, før dei blir brukte. EU har no bestemt at det blir forbode å destruere uselde klede, sko og tilbehøyr. Det betyr at det ikkje lenger blir mogleg å materialattvinne eller forbrenne uselde klede, sko og tilbehøyr. Forbodet vil i første omgang gjelde dei store klesaktørane.
– Klede blir produserte i unødvendige store mengder og mange av dei har ein kvalitet som gjer at dei ikkje varer lenge. Å kaste uselde og returnerte klede er å sløse med verdifulle ressursar. Dette er ikkje i tråd med ein sirkulær økonomi, seier miljødirektøren.
Det nye regelverket pålegg verksemder å innføre tiltak for å førebyggje destruksjon av alle typar uselde varer. Eit forbod mot destruksjon av uselde varer kan òg bli innført for andre produktgrupper på sikt.
Faktaboks: Kva skjer i ein sirkulær økonomi?
- I ein sirkulær økonomi må produkta vare så lenge som mogleg, bli reparerte, bli oppgraderte og i større grad bli brukt om igjen.
- Når produkta ikkje kan brukast om igjen, kan avfallet materialattvinnast og brukast som råvarer i ny produksjon. Slik utnyttar vi dei same ressursane fleire gonger og minst mogleg går tapt.
Produkt med stor miljø- og klimapåverknad vil regulerast først
Når dette regelverket er på plass, vil det kome nye reglar med konkrete krav til økodesign for bestemde produktgrupper. Målet er mellom anna å redusere miljø- og klimabelastninga frå dei.
Tekstil, møblar, stål, jern, aluminium, dekk, måling og elektronikk vil vere blant dei første produkta som får nye økodesignkrav. Fleire og fleire produktgrupper vil etter kvart bli pålagt økodesignkrav.
Det er spesielt produkt som har stor miljø- og klimapåverknad og som har stort potensial for forbetring som vil prioriterast først.
Berekraftige produkt blir den nye norma
– Opptil 80 prosent av miljøbelastninga til eit produkt kan avgjerast i designfasen. Då er det heilt klart at økodesignregelverket er eit svært viktig verkemiddel i omstillinga til ein sirkulær økonomi, seier Ellen Hambro.
Døme på krav til økodesign er ei minimumshaldbarheit til eit produkt ved vanleg bruk, forbod mot teknikkar som gjer reparasjon vanskeleg og at produktet skal innehalde råvarer som er materialattvunnen. Krava til økodesign vil variere frå produktgruppe til produktgruppe.
Ved å påleggje økodesignkrav for ei produktgruppe, vil ein sikre seg at produkta som er lite berekraftige, forsvinn frå marknaden og etter kvart blir erstatta av produkt som er meir berekraftige.
Faktaboks: Økodesignkrav kan forbetre mange aspekt ved eit bestemt produkt
- haldbarheit og pålitelegheit
- moglegheit for ombruk
- moglegheit for oppgradering, reparasjon, vedlikehald og istandsetjing
- innhald av stoff som gir grunn til bekymring
- energiforbruk og energieffektivitet
- ressursforbruk og ressurseffektivitet
- vassforbruk og effektivisering av vassforbruk
- innhald av materialattvunnen råvare
- moglegheit for refabrikkering og materialgjenvinning
- moglegheit for materialutnytting
- karbon– og miljøfotavtrykk
- forventa avfallsgenerering
Betre informasjon om produkt
Informasjon om kor berekraftige produkta våre er, vil bli tilgjengeleg gjennom til dømes ein QR-kode. Eit digitalt produktpass vil hjelpe forbrukar og bedrifter å gjere miljøriktige val.
Styresmaktene vil også ha nytte av informasjonen i det digitale passet for å kontrollere at dei nye reglane er overhaldne.
Nokre produkt vil i tillegg ha eit merke med informasjon om mellom anna kor lett det er å reparere produktet.
Vidare prosess
Det er forventa at regelverket blir vedteke endeleg reint formelt på eit møte mellom medlemslanda i EU i Rådet innan kort tid. Deretter vil det bli publisert i EU-tidande.
Når regelverket har vorte ein del av EØS-avtalen, vil det også gjelde i Noreg.
Dei første produktspesifikke rettsaktene med nye økodesignkrav, som følgjer av dette regelverket, er venta vedteke i EU tentativt rundt 2025-2026. Det vil som regel vere ein periode på 18 månadar frå dei er vedtekne, til dei skal gjelde.
Nøkkelord
Lenker
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Mange ulovlege og miljøskadelege interiørprodukt blir selde i nettbutikkar4.10.2024 08:14:30 CEST | Pressemelding
Ein av tre interiørprodukt som blir selde på nettet, som Miljødirektoratet har kontrollert, er ulovlege og forbode å selje.
Mange ulovlige og miljøskadelige interiørprodukter selges i nettbutikker4.10.2024 08:09:49 CEST | Pressemelding
En av tre interiørprodukter som selges på nettet, som Miljødirektoratet har kontrollert, er ulovlige og forbudt å selge.
Polar Park og SNO fortsetter søket etter to rømte ulver2.10.2024 15:27:49 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet har etter samråd med Polar Park i dag besluttet innfanging og eventuell felling av ulvene som rømte mandag.
Foreslår forbud mot 97 fremmede skadelige planter25.9.2024 14:11:51 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår forbud mot innførsel, omsetting og utsetting av 97 fremmede planter som skader norsk natur.
Foreslår forbod mot 97 framande skadelege plantar25.9.2024 14:11:37 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår forbod mot innførsel, omsetjing og utsetjing av 97 framande plantar som skader norsk natur.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom