
Fleire elevar søker helsefag
73 707 elevar søker plass i Vg1 frå hausten 2017. Det er ein liten nedgang frå tidlegare år. Av desse søker 52 prosent eit av dei studieførebuande utdanningsprogramma, mens 48 prosent vel yrkesfag.
- Trass i at det er færre søkarar i årets elevkull, ser vi at stadig fleire søker helsefag. Det kan verke som om elevane har teke innover seg at det er eit stort behov for helsefagarbeidarar dei neste åra, seier Hege Nilssen, direktøren i Utdanningsdirektoratet.
Helse- og oppvekstfag aukar mest
Det er 361 fleire elevar som har søkt seg til helse- og oppvekstfag på Vg1. Dette tilsvarer ein auke på fire prosent. Helse- og oppvekstfag er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med størst auke i søkartal på Vg1, Vg2 og læreplass. 758 fleire elevar har søkt enn i 2016, og det tilsvarer ein auke på tre prosent.
Den største nedgangen av søkarar har Teknikk og industriell produksjon med 924 færre elevar – noko som tilsvarer ein nedgang på seks prosent. Dette er ein nedgang vi har sett dei siste åra.
Fleire søkarar til læreplass
I 2017 er det 19 966 elevar som søker om læreplass. Dette er ein auke på 326 elevar samanlikna med fjoråret. Nesten halvparten av denne auken kjem av at elevar søker om læreplass innanfor helse- og oppvekstfag.
– Noreg kjem til å stå framfor ein mangel på mange fagarbeidarar i tida som kjem, og særleg innan helsesektoren. Difor er vi glade for at mange elevar søker yrkesfag, og særleg at fleire vil ta helsefag. No må vi saman med partane i arbeidslivet og fylka skaffe nok læreplassar, så fleire fullfører fagbrevet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
I det totale søkartalet står søkarar til læreplass for 13 prosent. Denne delen varierer mellom fylka. Oslo har 5,4 prosent søkarar til lærefag, mens Sogn og Fjordane og Nordland har over 12 prosent.
Fleire tal på udir.no
Fleire tal, både nasjonale og fylkesvise, finn du på statistikkportalen.udir.no
Om statistikken
- Statistikken er ei oversikt over førsteønsket til søkarane per 1. mars 2016.
- Det er mogleg å søke inntak ved fleire fylke, men i Utdanningsdirektoratets oversikt er kvar søkar knytt til berre eitt fylke. Derfor vil det vere nokre forskjellar mellom våre tal og søkartala frå fylka.
Nøkkelord
Kontakter
Stine GrimsrudKontakt meg om statistikk, elevundersøkelsen, læringsmiljø og mobbing.
Tel:971 94 250sgr@udir.noOm Utdanningsdirektoratet
Utdanningsdirektoratet skal sikre at den nasjonale utdanningspolitikken iverksettes. Slik får barn, unge og voksne et barnehagetilbud og en opplæring av høy kvalitet. Vi er underlagt Kunnskapsdepartementet og har kontorer i Oslo, Tromsø, Molde og Hamar.
Følg pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Utdanningsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Utdanningsdirektoratet
Elevundersøkelsen 2018 - færre elever sier de blir mobbet29.1.2019 07:00:36 CET | Pressemelding
I 2018 svarer 6,1 prosent av elevene at de blir mobbet to til tre ganger i måneden eller oftere. Dette er en nedgang på 0,5 prosentpoeng fra 2017.
Hva skal til for at flere ungdommer får læreplass? 29.11.2018 09:10:00 CET | Pressemelding
Rekordmange ungdommer søker seg til yrkesfag, og de fleste får læreplass. Utdanningsdirektoratet har sett nærmere på hvordan enda flere kan fullføre utdanningen som fagarbeidere. Betydningen av støtte fra voksne i støtteapparatet er ofte utslagsgivende for å vippe ungdom i riktig retning.
Resultater fra nasjonale prøver på 5. trinn 2018 er publisert27.11.2018 08:56:25 CET | Pressemelding
Høsten 2018 gjennomførte 60 000 elever på 5. trinn nasjonale prøver i lesing, regning og engelsk. Det er i snitt ingen store endringer på nasjonalt nivå i elevenes prestasjoner på 5. trinn.
Priv. til red.: Resultater fra nasjonale prøver i ungdomsskolen er publisert23.10.2018 09:40:00 CEST | Pressemelding
Denne høsten tok 120 000 elever nasjonale prøver i lesing, regning og engelsk på 8. trinn, og lesning og regning på 9. trinn.
Apalløkka skole vinner Dronning Sonjas skolepris2.10.2018 12:00:00 CEST | Pressemelding
En enstemmig jury har kåret Apalløkka ungdomsskole i Oslo som vinner av Dronning Sonjas skolepris for likeverd og inkludering 2018.