Landbruks- og matdepartementet

Ullensvang og Gran blir utvalde kulturlandskap

Del

"Den nasjonale frukthagen" i Hardanger og det gamle kulturlandskapet på Gran i Hadeland blir nå ein del av Noregs utvalde kulturlandskap. 46 landskap har fått ein spesiell status, slik skal dei bli ekstra godt tatt vare på for framtida.

Fruktdyrkingslandskap ved Hardangerfjorden: Gården Helleland nærmest og bygda og tettstedet Lofthus med Opedal i bakgrunnen. Foto: Niels Johansen, Hotel Ullensvang
Fruktdyrkingslandskap ved Hardangerfjorden: Gården Helleland nærmest og bygda og tettstedet Lofthus med Opedal i bakgrunnen. Foto: Niels Johansen, Hotel Ullensvang

Ordninga med Utvalde kulturlandskap i jordbruket blei oppretta i 2009. Då fekk 20 ulike landskap rundt om i Noreg ekstra pengar for å ta vare på viktige miljøverdiar knytt til landskap, biologisk mangfald og kulturhistorie. Dei siste årene har regjeringen løyvd meir pengar til ordninga og det har blitt fleire utvalde område.

I 2020  har to nye område fått status som utvalde kulturlandskap i jordbruket. Til saman har nå 46 landskap over heile landet denne statusen. Dei to nye områda er Ullensvang i Vestland, og kulturlandskapet på Gran i Innlandet.

– Eg er kjempestolt over at vi har fått med Gran og Ullensvang som representerer svært ulike sider i det norske jordbrukslandskapet, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KRF). 

– Her får vi tatt vare på eit innhald i landskapa som gir områda ein unik verdi, ikkje berre for grunneigarane og dei som driv landskapa, men også for lokalsamfunnet og landet. I 2020 fekk  kommunane ansvar for å forvalte ordninga. Eg vonar at lokalpolitikarane, saman med dei som eig og driv desse landskapa, nyttar høvet til å skape noko nytt. Det er mange spanande aktivitetar i fleire av områda; det er lagt til rette for ferdsel, guiding, overnatting og matservering. Eg ønskjer meg fleire gode idear som kan gi lokal verdiskaping, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Dei utvalde kulturlandskapa våre viser korleis vi menneskje har forma landet vårt over lang tid, og korleis arbeidet har gitt oss stort mangfald og store verdier, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). 

– Koronapandemien har vist oss kor viktig det er å ta vare på nærområda våre for friluftsliv og opplevingar, samstundes som vi held oppe ein berekraftig matproduksjon. Denne ordninga skal medverke til å styrke naturmangfaldet. Den skal sikre gode leveområde for pollinerande innsekt og den skal redusere negativ påverknad,  som attgroing og framande artar. Eg vil rose grunneigaren, lokal forvaltning, friviljuge og næringsaktørar for den viktige jobben dei gjer for å ta vare på desse områda for nåverande og framtidige generasjonar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Utvalt kulturlandskap Ullensvang

Ullensvang kommune blir kalla den «den nasjonale frukthagen» i Hardanger. Her har det vore fruktdyrking gjennom mange århundre, og det har sett sine tydelege spor i landskapet. Dei milde fruktbygdene står i sterk kontrast til det dramatiske landskapet rundt. Dei eldste frukthagane med mange gamle sortar er særleg verdfulle som samlingar for genetiske planteressursar. Det er også gode veksttilhøve for ville artar av sopp, lav, mose, insekt og fuglar. Jordbruksdrift i området er kjent frå slutten av steinalderen. Frukthistoria går attende til 1200-talet då Lysekloster etablerte ein gard i Opedal i Ullensvang, og stadnamn her fortel om klosterhistoria. Fruktdyrkinga skjer nå etter moderne metodar.  

Lofthus, klyngetunet på Aga og ferdselsvegane til fjells er framtredande kulturmiljø i nasjonal samanheng.   

Utvalt kulturlandskap Gran

Det utvalde kulturlandskapet i Gran kommune femner om Granavollen, Tingelstadhøgda og Røykenvika. Her har det vore busetnad i svært lang tid, med spor av jordbruk fra yngre steinalder. Jernaldersamfunnet var prega av makt og rikdom. Søsterkyrkjene og St. Petri kyrkje viser at Gran også var eit religiøst maktsenter i middelalderen. Dei mange verneverdige gardstuna er bundne saman av gamle vegfar og har rundt seg ein mosaikk av åkrar, beitemark, skog og våtmarksmiljø. Landskapet vekslar mellom vidstrakte utsyn og mindre landskapsrom. Kalkrik berggrunn gir eit stort biologisk mangfald, spesielt  i kulturmark og grunnlendt mark, kalkskog, våtmark og kalksjøar, som har nasjonal verdi. Av rundt hundre gardsbruk driv om lag halvparten husdyrproduksjon. Eit nettverk av småvegar og gamle fe-gater er tilrettelagt og skilta for ferdsel.

Bilder

Fruktdyrkingslandskap ved Hardangerfjorden: Gården Helleland nærmest og bygda og tettstedet Lofthus med Opedal i bakgrunnen. Foto: Niels Johansen, Hotel Ullensvang
Fruktdyrkingslandskap ved Hardangerfjorden: Gården Helleland nærmest og bygda og tettstedet Lofthus med Opedal i bakgrunnen. Foto: Niels Johansen, Hotel Ullensvang
Last ned bilde
Øvre Tingelstad gård og middelalderkirken St.Petri på Tingelstad. Den bergenske kongevei er også en del av dagens Pilegrimsled. Foto: Oskar Pushmann
Øvre Tingelstad gård og middelalderkirken St.Petri på Tingelstad. Den bergenske kongevei er også en del av dagens Pilegrimsled. Foto: Oskar Pushmann
Last ned bilde

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom