Statsbudsjettet 2020: Aktiv nærings- og distriktspolitikk, klimatiltak, gode veterinærtenester
Jordbruksavtalen 2019-2020: Godt grunnlag for inntektsvekst
I mai vart det inngått jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag med ei ramme på 1.240 millionar kroner.
– Avtalen gir grunnlag for inntektsvekst i jordbruket på over 6 prosent per årsverk frå 2019 til 2020, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. For første gang på mange år fekk vi til ei kronemessig inntektsutjamning mellom bønder og andre grupper. Avtalen gir sterk satsing der det er rom for å auke produksjonen; grøntsektoren og kornproduksjonen, seier Bollestad.
– Jordbruket er ei stor og viktig næring, spesielt i distrikts-Noreg. Det er berre 6 kommunar i landet utan aktivt jordbruk. Jordbruksavtalen legg til rette for landbruk over heile landet, med små, mellomstore og større gardsbruk, seier Olaug Bollestad.
Stor auke i reindriftsavtalen
I febraur vart det inngått reindriftsavtale mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) med ei ramme på 136,1 millionar kroner.
– I år vart det forhandla fram ein god reindriftsavtale, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Gjennom denne avtalen vil regjeringa styrke reindrifta som ei marknadsretta og berekraftig næring. Avtalen prioriterer dei som har reindrift som hovudverksemd, seier Bollestad.
Reintalet i fleire distrikt i Finnmark var gjennom fleire tiår for høgt i høve til beitegrunnlaget. Talet på rein er nå redusert slik at det ikkje er fleire dyr enn det er beite til. Dette gir grunnlag for økologisk, økonomisk og kulturell berekraft i reindrifta. Etter folkeretten har styresmaktene plikt til å sikre at også framtidige generasjonar skal ha høve til å drive reindrift.
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til oppfølgjing av ny reingjerdekonvensjon mellom Noreg og Finland med 6 millionar kroner.
Fortsatt stor satsing på skogbruket
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 80 millionar kroner til bygging og utbetring av skogsvegar og tømmerkaier. Dette er nødvendig for å få tømmeret ut av skogen. I perioden 2014-2019 er det løyvd tilsaman 950 millionar kroner til slike tiltak.
– Det går godt i norsk skogbruk, seier Olaug Bollestad. I 2018 hadde vi den største hogsten som nokonsinne er registrert. Det vart selt nesten 11 millionar kubikkmeter tømmer til industriføremål. Tømmerprisane er høge. Skogane i Noreg tóler godt denne hogsten; tilveksten er endå høgare, og det er i tillegg tatt omsyn til areal til vern, seier Bollestad.
– Skogbruket gir grunnlag for næring og arbeidsplassar over heile landet, samstundes som skogen er ein viktig del av løysinga på klimautfordringane, seier Bollestad. Når skogen veks, tek han opp CO2 frå lufta og lagrar karbon i trea og i jordsmonnet. Dei norske skogane tek opp halvparten av klimautsleppa i Noreg, sier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Regjeringa gjer framlegg om å vidareføre ordninga for utbetring av flaskehalsar for effektiv tømmertransport på fylkesvegane. Det er forslag om å løyve 26 millionar kroner på budsjettet til Samferdsledepartementet.
Klimatilpassa og lønsam matproduksjon
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 15 millionar kroner til forsking for å tilpasse matproduksjonen til klimaendringane. I tillegg aukar forskingsløyvinga under jordbruksavtalen med 17 millionar kroner.
– Det er viktig at vi maktar å halde oppe ein klimatilpassa og lønsam matproduksjon, seier Olaug Bollestad.
Veterinærvakt i alle delar av landet
Regjeringa vidarefører veterinærvakt i alle delar av landet. Kommunane vil framleis få øyremerkte tilskott til veterinærdekning. Regjeringa gjer framlegg om å løyve 133 millionar kroner til klinisk veterinærvakt utanom ordinær åpningstid, og 31,4 millionar kroner til kommunane for å bidra til tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt.
– God tilgang på veterinærvakt også utanom ordinære åpningstider er naudsynt for alle som har husdyr. Det er viktig for dyrevelferden, seier Olaug Bollestad.
– For regjeringa er det viktig at tilskota framleis skal medverke til å sikre veterinærvakt i alle delar av landet. Dette vil skje når dagens organisering av veterinærvaktdistrikt blir vidareført, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Veterinærinstituttet
I løpet av 2020 vil Veterinærinstituttet ta i bruk nye lokaler og bli samlokalisert med Norges miljø- og biovitskaplege universitet på Ås. I samband med denne omstillings- og flytteprosessen er det gjort framlegg om å auke løyvinga til Veterinærinstituttet med 20 millionar kroner.
Avvikling av pelsdyrhald
Regjeringa følgjer opp Stortingets vedtak 21. juni 2019 om forbod mot hald av pelsdyr, og gjer framlegg om å løyve 180 millionar kroner til kompensasjons- og omstillingsordningar for pelsdyroppdrettarar. Den økonomiske kompensasjonen inneheld følgjande:
- Kompensasjon av bokført verdi av ikkje-realiserbar drifts- og anleggskapital som har blitt brukt til pelsdyrproduksjon.
- Eit tillegg etter talet på avlstisper i produksjonen.
- Alle kostnader til riving og opprydding etter avvvikling blir dekt.
- Kompensasjon for lågare alderspensjon som følgje av uttak av alderspensjon tidlegare enn ved fylte 67 år.
- Tilskott til omstilling til anna verksemd.
Meir dyrepoliti
Regjeringa følgjer opp Granavolden-plattforma ved å utvide ordninga med dyrepoliti med ei eining. Det er gjort framlegg om å auke løyvinga til Mattilsynet til dette føremålet med 1 million kroner.
– Dyr i Noreg skal ha gode liv, og skal ikkje oppleve mishandling og vanskjøtsel. Derfor styrker vi arbeidet mot alvorleg kriminalitet mot dyr, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Kontakter
LMD-Pressevakt: Tlf.: 22 24 91 40, E-post: LMD-Pressevakt@lmd.dep.no
Om Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.
Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet
35 millioner kroner mer til drenering i jordbruket for 202415.3.2024 12:29:35 CET | Pressemelding
Ivaretagelse av matjorda er en viktig forutsetning for økt selvforsyning av mat. Drenering er et viktig tiltak som bidrar til dette.
Tilskudd til opplysningstiltak i landbruket7.3.2024 12:04:53 CET | Pressemelding
Organisasjoner, institusjoner og kommuner kan nå søke om tilskudd til tiltak som bidrar til økt interesse i befolkningen for en bærekraftig norsk matproduksjon. Søknadsfristen er 19. april 2024.
Styrker reindriften: Bedre velferdsordninger- utreder egen rådgivningstjeneste28.2.2024 14:09:16 CET | Pressemelding
Landbruks- og matdepartementet og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) vil utrede en egen rådgivertjeneste i reindriften. Partene er også enige om å styrke velferdsordningene, som for eksempel økt avløserstøtte ved sykdom og svangerskap.
Største frødeponeringen noensinne til Svalbard Globale frøhvelv28.2.2024 13:40:50 CET | Pressemelding
I februar vil rundt 14.000 frø blir lagt inn i Svalbard Globale frøhvelv. Nå passer frøhvelvet på over 1,2 millioner frøkopier fra rundt 80 land.
Presseinvitasjon: Landbruks- og matministeren til Svalbard23.2.2024 11:08:04 CET | Presseinvitasjon
Landbruks- og matminister Geir Pollestad skal til Svalbard mandag 26. februar til tirsdag 27. februar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom