Startar opp att skredsikring på Vikafjellet

– Førstkomande måndag, 12. juni, startar entreprenøren, Stetind AS, opp att arbeidet med å få ferdig fanggjerde ved Vikali, seier byggeleiar Lars Busk Grinde i Statens vegvesen.
– Først skal eit klatrelag inspisera terrenget over arbeidsområdet, for å sikra at det er trygt for dei som skal gjera vegen endå tryggare for trafikantane. Deretter skal entreprenør undertetta fanggjerdet før innernettet skal monterast på undersida, legg han til.
Statens vegvesen inspiserer alle riks- og europavegar etter fastsette intervall som skal vareta trafikantane sin tryggleik til ei kvar tid. Skredsikring skjer etter geologiske inspeksjonar.
Slik vert arbeidstidene
Jobben er førebels anslått til å ta to veker.
Arbeidstida i veke 24 blir 07.00-19.00 måndag-torsdag, og 07.00-14.30 fredag. Arbeidstida i veke 25 blir 07.00-19.00 måndag-sundag.
Det kan bli noko venting som følge av skredsikringa.
Har pause under Voss Cup, er obs på Lerum Cup
Det vert arrangert fotballcup på begge sider av Vikafjellet i løpet av arbeidsperioden.
– Det vert ikkje arbeidd medan Voss cup finn stad 16-8/6. Vi vil gjera alt vi kan for å minimera ventinga for køyrande til og frå Lerum cup i Sogndal helga etter, understrekar Grinde.
– Vi bidreg til god framkomst medan vi gjer nødvendig vedlikehald
For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid:
Anten ved å sjekka 175.no, vår nye app Vegvesen trafikk, sms-varsel eller digitale friteksttavler. Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få sanntidsinformasjon om trafikken enn i dag. Vidare tilrår vi trafikantane å berekna litt ekstra tid.
– Det er avgjerande for Vegvesenet som vegeigar å bidra til føreseieleg framkomst medan vi gjer naudsynt vedlikehald for å halda vegane trygge ikkje berre i dag, men også i morgon, understreker Grinde.
Nøkkelord
Kontakter
Lars Busk GrindeByggeleiar
Tel:48240450lars.busk.grinde@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Sikring av Strindheimtunnelen og utbedring av Trønderbanen: Bruk kollektivtransport og alternative ruter9.5.2025 15:34:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og Bane NOR oppfordrer til bruk av kollektivtransport og alternative ruter når det skal gjennomføres sikringsarbeider for Strindheimtunnelen og modernisering av Trønderbanen parallelt.
Her skal Vegvesenet hindra flaum i framtida9.5.2025 14:26:43 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal byta ei stikkrenne på rv. 13 Verken for å unngå framtidige flaumar.
Stenger E10 ved Sæter i Hårvika to netter i mai9.5.2025 12:09:59 CEST | Pressemelding
E10 ved Sæter mellom Lødingen og Tjeldsundbrua må stenges helt natt til 14. og natt til 15. mai grunnet vegarbeid. Det er ingen omkjøringsmulighet ved arbeidsstedet.
Ekspertutvalg har gransket Morskogen-skredet i februar8.5.2025 10:22:03 CEST | Pressemelding
Ekspertutvalget mener kravene til geologisk oppfølging av veiskjæringer må bli bedre.
Nattestengjer E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru til 20. juni7.5.2025 11:00:58 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen må ta opp att nattestenginga ved Kvarmakløvet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom