Her skal Vegvesenet hindra flaum i framtida
Statens vegvesen skal byta ei stikkrenne på rv. 13 Verken for å unngå framtidige flaumar.

Ei stikkrenne er eit rør som leiar vatn under vegen.
– Dette er ein plass me stadig opplever at det flaumar over ved store nedbørsmengder, så no aukar me dimensjonen på stikkrenna, seier byggjeleiar Heidi Strandos i Statens vegvesen.
Arbeidet som skal utførast er skift av stikkrenne, det sprengjast ut for bekkeinntak, samt masseutskifting på delar av vegen. Betongrekkverket må ned, og det skal etablerast nytt rekkverk.
Dette er eit omfattande arbeid.
Vegen vert difor stengd natt til tysdag, onsdag og torsdag klokka 23.00-05.30.
På dagtid vert det lysregulering og kanskje manuell dirigering.
– Å skifta ei stikkrenne er ein del av det kontinuerlege arbeidet Statens vegvesen gjer for å syta for at riks- og europavegane er klare for å ta imot både dagens og morgondagens trafikk. Å ha fungerande stikkrenner er viktig for å unngå oversvømming av vegen, noko som er ein del av dette samfunnsoppdraget, legg Strandos til.
Statens vegvesen ber trafikantane på det sterkaste om å respektera trafikkdirigeringa.
– Vi har forståing for at venting kan vera frustrerande. Men hugs då på at dette er ein del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantene og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp det drift og vedlikehald av vegnettet handlar om, avsluttar Strandos.
Nøkkelord
Kontakter
Heidi StrandosByggjeleiar Statens vegvesen, Drift og vedlikehald
Tel:97599840heidi.strandos@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Brua over Langfjordstrømmen blir lysregulert15.12.2025 10:41:30 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har avdekket skader på kantdragerne på Langfjordstrømmen bru på E6 i Sør-Varanger kommune. Derfor blir det lysregulering og nedsatt fart over brua fremover.
Åpnet høyfjellsveg ved havet11.12.2025 13:17:56 CET | Pressemelding
Ny rv. 94 har kopiert vintertiltak fra E16 over Filefjell. Gir mindre stengt veg og mer forutsigbar fremkommelighet til og fra Hammerfest.
Nå blir det mindre trøbbel for Per Einar på E1611.12.2025 09:14:53 CET | Pressemelding
I flere ti år har trafikken ofte stått i stampe mellom midtrekkverk i betong opp mot Sollihøgda på E16. Nå er det lys i Sollihøgdtunnelen. Den nye motorvegen åpner neste tirsdag.
Ny ladestasjon på Gol gjør arbeidsdagen enklere for tungbilsjåfører som kjører elektrisk11.12.2025 07:49:42 CET | Pressemelding
Statens vegvesen har sammen med Fastcharge AS åpnet en ny høyeffekts ladestasjon for tungbiler og busser på Gol døgnhvileplass på riksveg 7.
Åpnet siste del av E6 Helgeland10.12.2025 16:04:23 CET | Pressemelding
E6 Svenningelv-Lien halverer kjøretiden forbi Trofors. Den største og eldste flaskehalsen på E6 Helgeland er borte.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom