Landbruks- og matdepartementet

Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling

Del
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA. Det er regjeringas strategi for auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet i skog- og trenæringa. Den skal og stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt. Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at det blir etablert eit forum for dialog mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale verkemiddelaktørar.
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA.Foto: Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA.Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Alle nærings- og samfunnssektorar må bidra til grøn omstilling i norsk næringsliv og nye grøne arbeidsplassar. Omstillinga skal leggje grunnlaget for eit bere­kraftig velferdssamfunn. Eg vil at skog- og trenæringa skal spele ei sentral rolle i ei slik utvikling, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Visar retning

Strategidokumentet skal vise retning for å mobilisere skog- og trenæringa til auka for­skings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet og bidra til at grøne, trebaserte produkt blir eit førsteval der det er mogleg og føremålstenleg. Strategidokumentet er utarbeidd av Landbruks-og matdepartementet, etter kontakt med Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeri­departementet, Olje- og energidepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Samferdselsde­partementet og Finansdepartementet. Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg, forskingsmiljø og næringsaktørar har bidrege med innspel til arbeidet.

Styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring

Både med tanke på auka FoU- og innovasjons­aktivitet og for å stimulere etterspørselen etter grøne, trebaserte produkt, er styrkt samarbeid og kunnskapsoverføring heilt sentralt. I den vidare oppfølginga av strategien blir det derfor lagt særleg vekt på tiltak som støtter opp under dette.

Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for at det blir etablert eit forum for dia­log mellom skog- og trenæringa, relevante forskings- og utdanningsmiljø og sentrale ver­kemiddelaktørar. I tillegg vil ulike interesse­grupper (t.d. byggherrar, arkitektar, rådgivande ingeniørar) bli inviterte til å delta. Formålet med forumet er å bidra til tettare koplingar i og mellom aktørar i heile verdikjeda frå skog til marknad, og betre dialog mellom næringa og kunnskapsmiljøa.

– Regjeringa kan leggje til rette for auka forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitet og bidra med langsiktige, føreseielege og stabile rammevilkår. Skog- og trenæringa må sjølv utnytte moglegheitene, seier landbruks- og matminister Bollestad.

Bilder

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA.Foto: Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad la i dag fram strategien " Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling" på Moelven Industrier ASA.Foto: Landbruks- og matdepartementet
Last ned bilde

Moelven Industrier ASA er et skandinavisk industrikonsern som produserer byggevarer og systemer for byggebransjen, blant annet limtrekonstruksjoner.Foto: Landbrus- og matdepartementet

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye