Nye styre i helseføretaka i Helse Vest
23.2.2022 17:11:08 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding

Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF ser fram til samarbeidet med styra i heseføretaka: - Vi har klare styringsmål for sjukehusa på Vestlandet og kompetansen i styra skal nyttast til god styring og utvikling, for å sørge for at tenestene våre er berekraftige og framtidsretta.
Helseføretaka fekk også oppdrag og styringsdokumenta for 2022 i møtet i dag.
Styret i Helse Vest RHF har lagt vekt på ulike føringar og moment i valet av styremedlemmer i helseføretaka på Vestlandet. Mellom anna slår Helseføretakslova fast at det skal leggjast vekt på legitimitet i befolkninga. Styret skal til saman inneha den naudsynte kompetansen til å ivareta oppdraget og ansvaret styret er pålagt gjennom lovgiving og av eigar.
Styra i Helse Stavanger HF, Helse Førde HF, Helse Bergen HF og Helse Fonna HF har 11 medlemmer kvar der sju er eigaroppnemnde medan fire er valde av og blant dei tilsette. Styret i Sjukehusapoteka Vest HF har ni medlemmer, der seks er eigaroppnemnde og tre medlemmer er valde av og blant dei tilsette.
Dette er dei eigaroppnemnde styremedlemmane i styra i Helse Vest frå 23. februar:
Helse Førde HF
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Anne Sissel Faugstad
Aud Ingrid Espeland
Reidar Sandal
Thomas Vingen Vedeld
Marit Hermansen
Ivar Eriksen
Helse Bergen HF
Styreleiar Terje Breivik
Nestleiar Signy Midtbø Riisnes
Rolf Martin Tande
Bente Enehaug-Rebnord
Kjeld Zacho Jørgensen
Per Morten Sandset
Hilde Christiansen
Helse Fonna HF
Styreleiar Petter Steen jr.
Nestleiar Brian Bjordal
Ingvill Skogseth
Anne Sissel Faugstad
Kjersti Follesø
Helga Arianson
Per Karlsen
Helse Stavanger HF
Styreleiar Bjørn Erikstein
Nestleiar Christine Sagen Helgø
Nina Langeland
Hege Ebeltoft
Unn Therese Omdal
Knut Vassbø
Ivar Eriksen
Sjukehusapoteka Vest HF
Styreleiar Trude Marit Risnes
Nestleiar Olav Klausen
Arve Varden
Helle Schøyen
Clara Beate Gram Gjesdal
Ola Jøsendal
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder
Om Helse Vest RHF
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget det regionale helseføretaket har er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Hovudoppgåvene til sjukehusa er pasientbehandling, opplæring av pasientar og
pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking.
Nærmare 29 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk
helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Budsjettet for spesialisthelsetjenstena på Vestlandet er på over 30 milliardar kroner.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom

