Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar
25.8.2026 12:27:34 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.

– Vi må slutte å undersøkje pasientar når det ikkje gir nytte. Det er dårleg bruk av ressursar og kan i verste fall skade pasientane. Det kan resultere i auka strålebelastning, overdiagnostikk, unødig bekymring hos pasientane og lange ventelister for dei pasientane som verkeleg har behov for tenesta våre, seier Aslak Aslaksen, fagleg leiar av det nyoppretta nasjonale nettverket for radiologi, og overlege og professor emeritus ved Haukeland universitetssjukehus og UiB.
Bruken av bildediagnostikk har auka dei siste åra. I tillegg er det store geografiske forskjellar i kor ofte undersøkingane blir brukt. Medisinske behov forklarar ikkje variasjonen i landet, i følgje Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) sitt helseatlas.
Skal kutte overforbruket og redusere variasjonen
– Vi uroar pasientane unødvendig, og utnyttar ikkje dei knappe ressursane vi har i helsetenesta rett. Det er viktig å kutte overforbruket og redusere variasjonen, slik at vi får gode og likeverdige helsetenester, fortset Aslaksen.
For å snu utviklinga, er det utarbeida seks tiltak. Det viktigaste grepet er det nasjonale radiologinettverket med fagfolk frå heile landet.
I gang med dei første nasjonale tilvisingsråda
Nettverket er et samarbeid mellom dei regionale helseføretaka og sjukehusa, og skal bidra til betre styringsdata, oppdaterte retningslinjer og tettare samarbeid mellom tilvisande legar og radiologiske miljø.
– Vi har brukt våren på å etablere oss og komme ordentleg i gang. Vi skal blant anna lage felles nasjonale råd for tilvisingar, slik at legar enklare kan vurdere kva undersøkingar som faktisk er nødvendige. Vi har allereie utarbeida dei første nasjonale tilvisingsråda innan muskel-skjelettradiologi, seier Mia Louise Mowinckel-Nilsen, administrativ leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi.
Det nasjonale nettverket skal jobbe vidare med desse seks tiltaka:
- Etablere Nettverk for radiologi i Noreg
- Betre styringsdata
- Tilgjengelegheit av undersøkingar på tvers av sjukehus og private røntgeninstitutt
- Utarbeide og oppdatere eller revidere faglege retningslinjer
- Forbetring av tilvisingar til radiologi i primærhelsetenesta og sjukehusa
- Betre kommunikasjon mellom radiologiske avdelingar og tilviser
Les meir om problemstillinga
- Nyheitssak frå 2025 om utfordringa: Grep mot overforbruk av radiologiske tenester - Helse Vest RHF
Kven er med i Nasjonalt nettverk for radiologi?
- Aslak Aslaksen, fagleg leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi, og overlege og professor emeritus ved Haukeland universitetssjukehus og UiB
- Mia Louise Mowinckel-Nilsen, administrativ leiar av Nasjonalt nettverk for radiologi
- Evabeth Roseth Bruvoll, avdelingsradiograf Haugesund sjukehus, fasilitator regionalt radiologisk nettverk Helse Vest
- Morten Troøyen, radiolog og klinikksjef, St. Olavs hospital
- Florentina Gorqaj, fagsjef for bildediagnostikk, Helse Sør-Øst RHF
- Rut Heidi Haande, radiolog og fagrådsleder bildediagnostikk, Sykehuset Innlandet
- Veronica Klingan Berg, seniorrådgiver/koordinator radiologi, Helse Nord RHF
- Siw Gøril Skår, seniorrådgiver, Helse Nord RHF
- Tove Johansen, analytiker, Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE)
- Eva Godske Friberg, fagdirektør medisinsk strålebruk, Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA)
Kva er røntgen, MR og CT?
- Ved ei røntgenundersøking blir kroppen din undersøkt ved bruk av røntgenstrålar.
- Ei MR-undersøking (magnetisk resonans) er ein biletdannande metode, der eit kraftig magnetfelt og radiobølgjer blir brukte for å lage detaljerte bilete av kroppen.
- Ei CT-undersøking (datatomografi) er ein type røntgenundersøking der det blir teke tversnittsbilder av aktuelle område i kroppen. CT-skanningar gir meir detaljerte bilete enn vanlege røntgenbilete og kan vise bein, organ, blodårar og blautvev.
Kilde: www.helsenorge.no
Nøkkelord
Kontakter
Mirjam KlingenbergSenior kommunikasjonsrådgiver
Tel:95876839klimir@helse-vest.noBilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom