Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider

18.9.2026 13:10:14 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding

Del

Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.

Dame med briller ser mot kamera
Inger Cathrine Bryne er administrerande direktør i Helse Vest RHF. Jan Inge Haga Helse Vest RHF

Oppdraga kjem etter at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) ga tilleggsdokument til dei regionale helseføretaka i sommar.  

– Sjukehusa skal blant anna oppdatere og forsterke beredskapsplanane sine. Dei må vere førebudde på å ta hand om både sivile og militære behov, dersom Noreg blir ramma av krig. Samtidig skal dei regionale helseføretaka bidra til nye nasjonale råd om prioriteringar når kapasiteten ikkje strekk til. Det er eit alvorlege bodskap, som det er viktig at vi gjer alt vi kan på vår side for å følge opp, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.    

I februar 26 fekk sjukehusa dei årlege styringsdokumenta av Helse Vest RHF, som fortel kva oppgåver sjukehusa, Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest IKT skal gjere i 2026. I tillegg kan HOD gi tilleggsoppdrag utover året, som Helse Vest RHF jobbar om til tilleggsdokument til sjukehusa. Det var desse som sjukehusa nå fekk i føretaksmøte av Helse Vest RHF 11. september. 

Langsiktig mål om maks 60 dagar ventetid 

Dei nye tilleggsoppdraga handlar om meir enn beredskap.  

– Sjukehusa har fått i oppdrag å kutte ventetidene kraftig, med eit langsiktig mål om at pasientane skal få behandling eller vere i gang med behandling innan 60 dagar, seier Bryne.  

I tillegg skal fleire få time direkte i det første brevet frå sjukehuset, og det skal bli enklare å velje behandlingsstad og endre time digitalt. 

Betre tilbod til personar med eteforstyrringar 

Dokumenta gir også nye oppgåver innan psykisk helsevern, eteforstyrringar, rehabilitering, pasientreiser, kliniske studiar og pasienttryggleik. Sjukehusa skal mellom anna vurdere psykisk ambulanseteneste, vidareutvikle distriktspsykiatriske senter og planleggje eit betre dag- og poliklinisk tilbod for personar med eteforstyrringar.  

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye