Landbruks- og matdepartementet

Nordisk samarbeid om nye robuste plantesortar

Del
Dei nordiske landa representerer nokre av dei nordlegaste matproduksjonsområda på jorda. Ein nøkkel til suksessen er lang tradisjon for planteforedling som har levert nye plantesortar spesielt tilpassa dei nordlege veksttilhøva. Plantesortar som toler nye virus og er resistente mot sjukdom er og eit resultat av eit nordisk samarbeid innan sortsutvikling.
I det Nordiske samarbeidet har det gjennom fleire år vore utført resistens testing og andre agronomiske eigenskapar av ulike byggsortar frå foredlingsliner og genbankar. Foto: Graminor. Foto: Graminor
I det Nordiske samarbeidet har det gjennom fleire år vore utført resistens testing og andre agronomiske eigenskapar av ulike byggsortar frå foredlingsliner og genbankar. Foto: Graminor. Foto: Graminor

Innan planteforedling og plantevitskap har ansvaret for utvikling av nye plantesortar i stadig aukande grad blitt overtatt av store, multinasjonale kommersielle selskap. Ein del marknader og område – som det nordiske – blir for små og lite attraktive for store private selskap. Denne utfordringa førte til at det i 2008 vart tatt initiativ til å styrke det nordiske samarbeidet innan plantesortsutvikling; Public-Private-Partnership for Pre-breeding (PPP). I dag er dette eit svært vellykka samarbeidsprosjekt for – og mellom – dei nordiske landa. Hensikten med PPP er å sikre utviklinga av plantesortar for dei nordiske landa slik at matproduksjonen blir halde oppe og blir utvikla.

Nordisk Ministerråd er initiativtakar og "eigar" av prosjekta, men planteforedlingsbedrifter, universitet og regjeringane i dei nordiske landa er saman ansvarlege for finansiering og resultat. I EU blir det nordiske PPP samarbeidet vurdert som ein modell for utvikling av samarbeid mellom forskings- og foredlingsinstitusjonar.

Samarbeid og samvirke

Trass geografiske utfordringar med store avstandar, små einingar i landbruket og høgt kostnadsnivå, samanlikna med dei store landbruksområda, har dei nordiske landa utvikla eit sterkt og dynamisk landbruk. Dei nordiske landa har grunnleggjande sett ein felles filosofi og tenking om korleis landbruk skal drivast. Samarbeid og samvirke er verdsett.

– Vi har opne samfunn i Norden som utveksler kunnskap og informasjon, og vi deler alle eit likskapsideal som er ein viktig pilar i det som blir omtala som den nordiske samfunnsmodellen. Denne felles kulturen gjer at samarbeid er mogleg på område som er konkurranseutsette, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Graminor er aktiv deltakar i PPP-prosjekta. Graminor er Noregs planteforedlingselskap, og utviklar plantesortar for norske vekstforhold. I tillegg er NMBU og NIBIO med frå Noreg.

– Samfunnsoppdraget til Graminor er å utvikle plantesortar for jord- og hagebruket i Noreg.  Erfaringane frå PPP-prosjekta er positive i form av nettverks- og kunnskapsutvikling og har konkret gitt oss plantemateriale som vi skal bruke i utvikling av nye plantesortar, seier direktør i Graminor Kristin Børresen.

Dei første prosjekta vart starta i 2012 og var seksårige prosjekt (3+3)  innan; bygg, raigras og eple. I 2020 vart det vedteke å vidareføre denne vellykka samarbeidsforma. Det er finansiert prosjekt innan; kveite, teknologi, eple (fortsetjing med eitt år) og potet.

Utviklar nye kommersielle sortar

Konkret har Pre-breeding prosjekta ført til etablering av "foreldre» liner og populasjonar som alle foredlingsbedrifter i dei respektive landa kan bruke til å utvikle nye kommersielle sortar. Foredlingsbedrifter, saman med forskings- og utdanningsinstitusjonar, har samarbeidd om å auke den genetiske basen i dei ulike artane som det er jobba med i prosjekta. Deretter kan foredlingsbedriftene bruke denne genetiske basen til å utvikle nye og betre sortar. Såleis har konkurrerande verksemder samarbeidd for å få til eit utgangspunkt (brei genetisk base) som kan brukast av alle.

I bygg det utvikla ein "magic poplulation" (multi-parent advanced inter-crossed population”). Gjennom fleire år vart det utført resistens testing og andre agronomiske eigenskapar av ulike byggsortar frå foredlingsliner og genbankar. Dei vart dyrka på ulike lokasjoner i dei nordiske landa. Dei byggsortane som gjorde det best vart då brukt som "foreldre" i kryssingar. Desse kryssingane har ein brei genetisk base; ein "magic population", som alle aktørane kan bruke som "foreldre" i den vidare utviklinga si av nye plantesortar.

Resistens mot sjukdommar

I eple er det arbeidd med metodikk for å påvise resistens mot ulike sjukdommar som frukttrekreft og lagringssjukdommar. Desse er samanlikna med genotypiske data basert på eksisterande og nye observasjonar av sortar som er viktige i Norden. Dette for å danne ein basis for å kunne utvikle nye sortar med forbetra klimatilpassing og gode marknadseigenskapar. I prosjektet med jordbær er det òg utført omfattande genetisk kartlegging av materiale, studiar av sjukdomsresistens og det er etablert eit stort plantemateriale med ein rekonstruksjon av hagejordbæret som er ei kryssing mellom to andre jordbærartar. Dette for å skape ny genetisk variasjon som kan utnyttast. I raigras har dei utvikla fleire breie populasjonar med utgangspunkt i genbank materiale og foredlingslinjer. Til saman er det 43 populasjonar som no er under testing i 5 land. Desse 43 populasjonane er potensielle nye sortar og dei beste blir melde inn i verdiprøving (2023).

Samarbeidet mellom praktisk planteforedling og planteforedlingsforsking innan "pre-breeding", dvs. trinnet når viktige eigenskapar blant plantane blir lagt, er eit kraftig verktøy for å sikre utviklinga av nordisk jordbruk. Ei slik utvikling bidrar til ei berekraftig utvikling av bioøkonomien og til å sikre den globale matforsyninga ved å tilpasse avlingene våre til klimaendringane.

Nøkkelord

Bilder

I det Nordiske samarbeidet har det gjennom fleire år vore utført resistens testing og andre agronomiske eigenskapar av ulike byggsortar frå foredlingsliner og genbankar. Foto: Graminor. Foto: Graminor
I det Nordiske samarbeidet har det gjennom fleire år vore utført resistens testing og andre agronomiske eigenskapar av ulike byggsortar frå foredlingsliner og genbankar. Foto: Graminor. Foto: Graminor
Last ned bilde
Nordisk PPP samarbeid. Foto: Graminor
Nordisk PPP samarbeid. Foto: Graminor
Last ned bilde

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye