Medietilsynet støttar forslag om blokkering av pengespel-nettsider
4.11.2021 13:37:35 CET | Medietilsynet | Pressemelding

Berre nokre få pengespelaktørar har løyve til å tilby og marknadsføre pengespel i Noreg. Dei må gjere dette på ein trygg og ansvarleg måte ved å følge ei rekke reglar. Det er med på å skåne sårbare spelarar, som er spesielt utsette for pengespelproblem.
– Vi veit at speleproblem kan få alvorlege konsekvensar for spelarar og familiane deira. Medietilsynet stiller seg difor bak forslaget frå Kulturdepartementet om å kunne bruke DNS-blokkering av nettsider som tilbyr pengespel til nordmenn utan å ha løyve til det, seier Velsand.
Reklame-blokkinga av pengespel gjer tydeleg informasjon til publikum
Kulturdepartementet foreslår at Lotteritilsynet skal få heimel i den nye pengespellova til å pålegge internettilbydarar å blokkere nettsider som utan løyve tilbyr pengespel retta mot den norske marknaden. Det skal gjerast ved hjelp av såkalla DNS-blokkering, som betyr at internettilbydarar må innføre tekniske tiltak som hindrar tilgang for nettbrukarane til eit spesifikt område på internett.
Lotteritilsynet meiner DNS-blokkering gjer dei mest risikofylte pengespela mindre tilgjengeleg, og at dette reduserer rekrutteringa til ulovlege pengespel.
– DSN-blokkering fungerer som eit effektivt informasjonstiltak ved å gjere fleire merksame på kva pengespel som ikkje har løyve i Norge. Meir enn seks av ti av dei som spelar hos ulovlege pengespeltilbydarar, veit ikkje eller er usikre på kven som har lov til å tilby pengespel, og blir uforvarande utsette for risikoen ved slike spel. Desse har rett til å få tilstrekkeleg informasjon for å kunne gjere bevisste val, seier Henrik Nordal, avdelingsleiar i Lotteritilsynet.
Medietilsynet stør dette synet. – Å kunne skilje mellom lovleg og ulovleg kommersielt innhald, er ein viktig del av den kompetansen som er viktig for å ha ei kritisk medieforståing, seier Velsand.
Medietilsynets vurdering så langt er at reklamen for pengespel på tv kan stoppast
Den nye lovregelen har mykje til felles med regelen som vart innført i kringkastingslova frå 1. januar 2021, der Medietilsynet kan pålegge norske tv-distributørar å stoppe marknadsføring av reklame for utanlandske pengespel på tv. Begge reglane skal medverke til å redusere talet på problemspelarar og konsekvensar av speleproblem.
Tidlegare i år avdekka Medietilsynet at ei rekke av Discoverys tv-kanalar hadde omfattande marknadsføring for pengespel som ikkje er lov i Noreg. Tilsynet meiner så langt at tv-distributørane kan stoppe pengespelreklamen for utanlandske pengespel som blir send på Discovery. Tv-distributørane Telenor, Telia, RiksTV, Canal Digital, VCB (Viasat) og Altibox er varsla om dette.
– Vi går no nøye gjennom tilbakemeldingane frå tv-distributørane, før Medietilsynet konkluderer i sakene, seier Velsand.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
TV Vest får advarsel av Medietilsynet18.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet gir TV Vest AS sanksjon i form av advarsel for brudd på kringkastingsloven. Kanalen brøt reglene om produktplassering i programmet «Våre ti beste gavetips».
Medietilsynet undersøker hvorfor noen unngår nyheter17.6.2026 09:59:55 CEST | Pressemelding
Medietilsynet kartlegger årsaker til at en økende andel av befolkningen kobler seg av nyheter. Fire av ti nordmenn unngår nyheter ofte eller av og til, ifølge årets Reuters Digital News Report. Dette er en økning på ni prosentpoeng fra året før.
Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet12.6.2026 06:50:00 CEST | Pressemelding
NRK oppfylte i det store og heile allmennkringkastaroppdraget sitt i 2025. Men kravet om minst 25 prosent nynorsk på alle plattformer blei verken oppfylt for radio eller nett, viser Medietilsynets årlege tilsyn med NRK.
Medietilsynet gjennomfører tilsyn med NRK og TV 2 under VM i fotball11.6.2026 10:09:42 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal føre tilsyn med sendinger på NRK og TV 2 i forbindelse med VM i fotball. Tilsynet kommer til å ha særlig oppmerksomhet på regelverket for reklame, sponsing av programmer, produktplassering og universell utforming.
Vellykket kampanje med dukkefilmer fra Medietilsynet2.6.2026 07:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynets kampanje «Noen jobber mye for at du skal scrolle mer» traff godt hos unge i sosiale medier. Kampanjen fikk over tolv millioner visninger, og nærmere 50 000 personer i målgruppen klikket seg videre til ung.no for å lære mer.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
