Unge gamarar frå heile landet nominert til Ibelinprisen
Femten ungdomar i alderen 12-18 år er med i kampen om Ibelinprisen, som om ein månad skal delast ut for første gong. Dei nominerte er frå fritidsklubbar i heile landet.

Ibelinprisen – årets rollemodell innan gaming – er ein ny pris, som blir delt ut av Medietilsynet. Prisen ber namnet etter Mats «Ibelin» Steen, og faren til Mats, Robert Steen, leier juryen som skal kåre ein vinnar.
– Prisen skal løfte fram positive førebilde som bidrar til ein trygg og inkluderande dataspelkultur, og førebygge utfordringar knytte til speling, seier fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.
Heile landet representert
Det er vaksne personar knytte til fritidsklubbar rundt om i landet som har nominert kandidatar. Dei nominerte er:
- Oliver Rogstad Dørum (fødd 2008) frå Operasjon Firkløver
- William Rømma (2010) frå eFiks Gaming
- Ronja Øvstrud Thorberg (2008) frå Kongsberg Vitensenter – Gaming for jenter
- Mathias Tuurmaa (2011) frå Ny-Krohnborg Ung
- Kristian Lien (2007) frå Flytårnet fritidssenter
- Thomas Jenssen (2011) frå MainQuest esport
- Sondre Pedersen Gjerde (2009) frå Unge Stormen
- Ragna Kjønnås Rennehvammen (2007) frå Fritid Færder
- Theo Delaas Ljunggren (2013) frå Fritid i Fredrikstad Østsiden
- Sindre Langset (2011) frå Ringebu Ungdomshus
- Benjamin Wilson Hannigan (2010) frå Trikkehallen Kultur- og Ungdomshus
- Marcus Berntsen Fagerli (2010) frå CUE
- Arian Gundersen (2013) frå Grasroda ungdomsklubb
- August Donald (2011) frå Bakgården
- Robin Garberg Hagen (2008) frå Rubinen
Medietilsynets fungerande direktør vil løfte fram alle dei nominerte og klubbane deira.
– Det blir éin pris til personen som vinnar og klubben som vinnaren er tilknytt, men vi må understreke at i dette feltet har vi allereie femten vinnarar og like mange vinnarklubbar. Alle involverte som er med nå, er spelarar som bidrar til ein positiv gamingkultur og klubbar med fokus på dette, seier Sekkelsten.
Femten skal bli til tre
Ei lita veke før prisutdelinga, den 6. november, vil femten kandidatar bli til tre. Da vil det bli klart kven av dei nominerte som blir med i eit "finaleheat" som blir invitert til prisutdelinga i Fredrikstad den 12. november.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil Ruudkommunikasjonsrådgiver
Tel:906 67 828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Kampen mot desinformasjon blir styrkt i statsbudsjettet15.10.2025 14:11:50 CEST | Pressemelding
Regjeringa vil styrke innsatsen på teknologisk motstandskraft og kritisk medieforståing. I statsbudsjettet blir det foreslått ei styrking av Medietilsynet med åtte millionar kroner i tillegg til fem millionar til skiping av eit nytt forskingssenter på det offentlege ordskiftet.
Sámi aviissat ožžot lagabui 44,4 miljovnna ruvnnudoarjaga10.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Mediabearráigeahčču lea juohkán doarjaga aviissaide mat oainnusmahttet sámi čállingiela. Dat vihtta aviissa Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten ja NordSalten Avis ožžot oktiibuot 44.385.000 ruvnnu doarjaga 2025:s.
Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte10.10.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet har fordelt støtte til aviser som gjer dei samiske skriftspråka synlege. Dei fem avisene Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten og NordSalten Avis får til saman 44 385 000 kroner i støtte i 2025.
Medietilsynet vil ha innspel om NRK9.10.2025 10:46:22 CEST | Pressemelding
Medietilsynet opnar for innspel til vurdering av NRKs bidrag til mediemangfald og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.
Når barn får drap i feeden3.10.2025 06:50:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynets råd om hvordan man kan beskytte barn mot skadelig innhold.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom