Medietilsynet

Samiske aviser får nær 44,4 millionar kroner i støtte

Del

Medietilsynet har fordelt støtte til aviser som gjer dei samiske skriftspråka synlege. Dei fem avisene Ávvir, Ságat, Snåsningen, Meråkerposten og NordSalten Avis får til saman 44 385 000 kroner i støtte i 2025.

Samisk mann fotografert bakfra i vinterlandskap.
Illustrasjonsbilde: Medietilsynet

– Støtta bidrar til synleggjering av dei samiske skriftspråka og samisk kultur. Desse avisene speler blant anna ei viktig rolle for vedlikehald og utvikling av samiske språk, seier Hanne Sekkelsten, avdelingsdirektør i Medietilsynet. 

Støtteordninga er for aviser som har den samiske befolkninga som viktigaste målgruppe, eller aviser som fast og regelmessig publiserer samiskspråkleg nyheits- og aktualitetsinnhald. Formålet er å legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Ein nykommar får støtte til samiske sider  

Dei to dagsavisene Ávvir og Ságat får høvesvis 24 578 271 kroner og 18 031 329 kroner i produksjonsstøtte. Ávvir kjem ut på nordsamisk, mens Ságat blir gitt ut på norsk.

Dei tre andre mottakarane er lokalaviser som får støtte til sider på samisk. Snåsningen får 576 123 for innstikk på sørsamisk, mens NordSalten Avis får 705 457 kroner for innstikk på lulesamisk. Meiråkerposten er ny i denne tilskottskategorien. Dei får nær ein halv million kroner, 493 820, i tilskott for samiske sider for første gong.

– Sidan potten for støtte er den same uavhengig av talet på søkarar, vil dei to andre avisene i denne kategorien få mindre i år enn dei har fått dei siste åra, seier Sekkelsten.

NordSalten Avis har søkt om både produksjonstilskott til samiske aviser og tilskott til avissider på lulesamisk. Avisa får avslag på søknaden om produksjonstilskott.

– Det er fordi Medietilsynet meiner avisa ikkje har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe. Avisa får som nemnd støtte til innstikk på lulesamisk, seier Sekkelsten.

Ny forskrift kjem

Kultur- og likestillingsdepartementet jobbar for tida med ei ny forskrift om tilskottet til samiske medium. I forslaget, som har vore på høyring i sommar, blir det opna for at også digitale medium kan få støtte. Det blir også foreslått at det blir innført nye kriterium for korleis tilskott skal bereknast.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye