Medietilsynet vil ha innspel om NRK
9.10.2025 10:46:22 CEST | Medietilsynet | Pressemelding
Medietilsynet opnar for innspel til vurdering av NRKs bidrag til mediemangfald og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.

Medietilsynet skal kartlegge korleis NRK medverkar til mediemangfaldet, og korleis verksemda til NRK verkar inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden.
– Rapporten vår skal vere eit faktabasert grunnlag for utforminga av styringssignala for NRKs økonomiske rammar, og ei vurdering av om det er behov for å endre allmennkringkastingsoppdraget til NRK, fortel Hanne Sekkelsten, fungerande direktør i Medietilsynet.
Bestilling frå departementet
Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som har bedt Medietilsynet utarbeide ein rapport om NRKs bidrag til mediemangfaldet og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.
Utgreiingsarbeidet er ein del av førebuingane til dei neste fireårige styringssignala for mediepolitikken, som skal gjelde for perioden 2027–2030. Forslag til styringssignal blir lagt fram av regjeringa, og blir behandla av Stortinget.
Oppdragsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet til Medietilsynet, finn du i lenka her.
Skal vurdere bidrag og påverknad på konkurransen
Medietilsynet skal vurdere korleis tilbodet til NRK, samanlikna med tilbodet frå andre aktørar, bidrar til innhalds- og bruksmangfald, korleis NRK oppfyller sitt særskilte ansvar for å dekke tematiske og geografiske blindsoner, og korleis NRK gjennom samarbeid med andre aktørar bidrar til mediemangfaldet.
Vidare skal Medietilsynet vurdere eventuelle konkurransemessige verknader av eit utval av tenestene til NRK, særleg det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet, og om NRK sitt nærvær i marknaden påverkar konkurransen på ein slik måte at det svekkjer det samla tilbodet til publikum.
Medietilsynet hentar inn innspel frå bransjen
For å sikre at Medietilsynet fangar opp både utviklingstrekk og erfaringar som er relevante for vurderinga av NRKs bidrag til mediemangfaldet, er det lagt opp til ein prosess med dialog og innspel frå bransjen.
– Medietilsynet skal både greie ut sjølv og hente inn bidrag frå eksterne utgreiingskrefter, til dømes til ein konkurranseanalyse av NRKs nyheits- og aktualitetstenester på nett, fortel Sekkelsten.
I tillegg opnar altså Medietilsynet nå for innspel frå bransjeaktørar og andre interessentar om NRKs bidrag til mediemangfaldet.
Innspel kan sendast til innspill@medietilsynet.no. Frist er 31. oktober.
Fristen for arbeidet med rapporten om NRKs bidrag til mediemangfaldet er 10. april 2026.
Nøkkelord
Kontakter
Bengt-Eigil Ruudkommunikasjonsrådgiver
Tel:906 67 828bengt-eigil.ruud@medietilsynet.noOm Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet ønsker kandidater til menneskerettighetspris for journalister4.5.2026 08:37:05 CEST | Pressemelding
Kultur- og likestillingsdepartementets menneskerettighetspris for journalister skal igjen deles ut til en eller flere journalister som i særlig grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettighetsspørsmål i Norge. Alle kan foreslå kandidater til prisen.
Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media30.4.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele 24 540 000 kroner i innovasjonsstøtte i 2026, og opnar nå for søknader.
Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid29.4.2026 09:58:20 CEST | Pressemelding
NRKs ansvar for å samarbeide med kommersielle redaktørstyrte medier bør inn i selskapets vedtekter, anbefaler Medietilsynet i en ny rapport. Det foreslås også å utrede NRKs framtidige regionale nyhetsoppdrag, med bakgrunn i at nyhets- og aktualitetstilbudet på nett har en svak posisjon i regionene.
Medietilsynet: Glad for at lov om aldersgrenser i sosiale medier er på vei24.4.2026 11:15:14 CEST | Pressemelding
– Det er bra at det varslede lovforslaget om aldersgrenser i sosiale medier legges fram for Stortinget i år. Norske barn og unge trenger økt beskyttelse på digitale flater, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
175 aviser vil ha produksjonstilskott17.4.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom