Medietilsynet

Hard kamp om innovasjonsstøtte til media

Del

Medietilsynet skal fordele nær 24 millionar kroner i innovasjonsstøtte i år. Da søknadsfristen gjekk ut før helga, hadde 87 søknadar kome inn, med ønske om til saman meir enn det dobbelte – nær 60 millionar kroner.

Tre personar står ved ein pult i eit redaksjonslokale og ser mot ein pc-skjerm. Den ene peiker mot skjermen.
Illustrasjonsfoto frå redaksjon Foto: Medietilsynet

Tidlegare i år vedtok Kultur- og likestillingsdepartementet endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opna for at fleire typer medium kunne søke støtte frå i år.

– Det er mange som har prosjekt dei ønsker støtte til, og det er søkt om støtte til fleire prosjekt enn i fjor. Vi veit ikkje ennå om det er endringa i forskrifta som har ført til auken, men vi har fått 16 fleire søknadar i år enn i 2024, seier fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.

Prioriterte prosjekt

Ved utlysinga gjorde Medietilsynet det klart at prosjekt med digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar vil bli prioritert i tildelinga.

Medietilsynet skal behandle ferdig søknadene før jul. 

Fakta om innovasjonsstøtta 

  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
  • Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
  • I ei ny revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
  • Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioritert.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye