Medietilsynet

Medietilsynet har fordelt 21 millionar kroner: Nesten halvparten av årets innovasjonsstøtte går til små, lokale medium

Del

Små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium får vel 40 prosent av potten når Medietilsynet har fordelt årets innovasjonsstøtte på 21 millionar kroner. – Støtta skal særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, og det har vi tatt omsyn til i tildelinga, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Innovasjonsstøtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 53 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 89 søknader i årets søknadsrunde, og det blei til saman søkt om 44 millionar kroner. Foto Medietilsynet
Innovasjonsstøtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 53 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 89 søknader i årets søknadsrunde, og det blei til saman søkt om 44 millionar kroner. Foto Medietilsynet

Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.

Støtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 53 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 89 søknader i årets søknadsrunde, og det blei til saman søkt om 44 millionar kroner.

Over 40 prosent av midlane går til små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium       

Totalt får dei små, lokale nyheits- og aktualitetsmedia ni millionar kroner, som tilsvarer litt over 40 prosent av midlane som blir delte ut i år.

Den lokale nettavisa Vårt Oslo er blant dei små, lokale media som får midlar i år. Avisa får støtte til å utvikle ein app som skal gjere nyheitene og reportasjane i avisa betre kjende og meir tilgjengelege, og som skal vere ein kanal for tilbakemeldingar og tips frå lesarane. Også fleire lokale radiostasjonar får støtte, for eksempel får Radio Metro pengar til eit nytt system for å produsere, publisere og distribuere sendingane sine.

Eit anna tiltak som særleg kjem små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium til gode, er NTBs prosjekt «Nødetatene og varsling av pressen». Prosjektet skal forbetre informasjonsflyten mellom nødetatane og media når hendingar blir varsla.

Faktisk.no og Vest-Telemark blad får mest i støtte i år

Faktisk.no og Vest-Telemark blad er dei to aktørane som får mest innovasjonsstøtte i år, med over éin million kroner kvar. Faktisk.no får støtte til prosjektet «Faktisk innsikt», som skal utvikle metodar for datainnsamling og analyse av den norske digitale offentlegheita. Prosjektet skal overvake korleis feilinformasjon blir spreidd i nye kanalar, skaffe ei betre oversikt over den norske offentlege samtalen, nå ut til – og få innsikt i – dei plattformene folk i Noregkommuniserer på.

Vest-Telemark blad får støtte til prosjektet «Nyhende på framandspråk og til førstegongsveljarar med levande bilde». Målet er å særleg nå unge førstegongsveljarar ved årets stortingsval med levande bilde på nye plattformer.

Støtte til lydavis og nettavis på fleire språk

Innovasjonsstøtteordninga skal også prioritere aviser som har fått færre postomdelingsdagar, tenester for personar med funksjonsnedsetjing og prosjekt som er retta mot innvandrarar og språklege minoritetar.

Omtrent 38 prosent av midlane i år går til tiltak i aviser som er særleg ramma av færre postomdelingsdagar. Medietilsynet fekk i år få søknader om tilskott til tenester retta mot personar med funksjonsnedsetjingar og prosjekt som er retta mot særlege grupper som innvandrarar og språklege minoritetar. Totalt går 14 prosent av midlane til denne typen tiltak. Blant anna får avisa Vårt Land støtte til å etablere, utvikle og distribuere ei fullverdig lydavis som skal gi eit betre tilbod til blant andre synshemma, mens selskapet Silkeveien får støtte til å etablere ei nettavis på dei fire språka farsi, kurdisk, afghansk og lori.

Les meir om innovasjonsstøtta her

Desse prosjekta får støtte

Søker

Prosjekt

Innvilga beløp

FAKTISK.NO AS

Utvikle metodar for datainnsamling og analyse av den norske digitale offentlegheita gjennom Faktisk Innsikt.

1 180 000

VEST-TELEMARK BLAD AS

Nyhende på framandspråk og til førstegongsveljarar med levande bilde

1 050 000

VÅRT LAND AS

Business Intelligence/datavarehusprosjekt og personalisert redaksjonell styring og kundeoppleving (siste fase)

1 000 000

AS NATIONEN

Styrke den digitale satsinga for å forbetre den digitale posisjonen sin

950 000

BØ BLAD AS

Innhaldsanalyse for fire små lokalaviser

900 000

DAG OG TID AS

Nå fleire yngre lesarar, og blant anna forbetre det digitale tilbodet

869 162

LANDSLAGET FOR LOKALAVISER

Samarbeidande journalistikk og vidare digitalisering

850 000

POLARIS MEDIA MIDT-NORGE AS

Vidareutvikling av maskinlæring for redaksjonell utvikling

768 160

NATT&DAG AS

5 om dagen – nyheitsformidling som er skreddarsydd for målgruppa 18–34 år

700 000

HITRA FRØYA LOKALAVIS AS

Lokal inkluderingsteneste

690 000

DØLEN AS

Bli betre på og gjere meir gravande, kritisk og undersøkande journalistikk

572 677

NHST MEDIA GROUP AS

Robotjournalistikk

560 000

AS SOGNINGEN/SOGNS AVIS

Sinke til spydspiss – videoproduksjon

540 000

MORGENBLADET AS

Utvikle nye digitale flater for presentasjon og utvikling av journalistikk, og utvikle nytt innhald og nye måtar å presentere det på

538 000

STAVANGER AFTENBLAD AS

Resultatservice med bildegjenkjenning

510 000

ALVDAL MIDT I VÆLA AS

Flåklypa TV, vidareutvikling av nettavis med tv-sending

500 000

STAVANGER AFTENBLAD AS

Byas sjekker – eit ungt videoprosjekt

500 000

JÆRRADIOEN AS

Utvikle digitale løysingar for å oppnå ei meir lønnsam drift

500 000

OS OG FUSAPOSTEN AS

Korleis vinna lesarane mellom 20 og 40 år?

500 000

THE INDEPENDENT BARENTSOBSERVER AS

Uavhengig journalistikk med nye formidlingsformer i Barents grenseland

438 800

SILKEVEIEN AS

Etablering av nettavis på fire framandspråk

437 752

HORDALAND BLADDRIFT AS

Heve kvaliteten på journalistikken og auke talet på digitale abonnentar

410 000

GRENDA AS

Fornying av nettside og journalistikk

400 000

VOL VESTERÅLEN ONLINE AS

VOL Ung – lage nyheiter for og med unge

400 000

MERKNAD AS

Senter for datastøtta journalistikk

362 800

OSLO BUSINESS MEMO AS

Etablere journalistisk videomagasin (OBM Videomagasin)

360 000

RADIO METRO AS

Nytt system for å automatisere mange av dagens manuelle oppgåver

358 000

JÆRBLADET AS

Felles videoprosjekt mellom fire mindre aviser i same region for å nå yngre lesarar (SSGJ-videoprosjekt 2021)

320 000

PERFEKTUM PARTISIPP AS

Utvikle nye, innovative løysingar for å få meir tid til å produsere redaksjonelt innhald

320 000

NORSK TELEGRAMBYRÅ AS

Forbetring av informasjonsflyten mellom nødetatane og pressa ved varsling av hendingar

310 400

ÅSANE TIDENDE AS

Podcast / levande bilde

287 500

SÁGAT-SÁMIID ÁVIISA AS

Digitalisering av redaksjonell produksjon

263 000

SKJÅK MEDIAUTVIKLING AS

Digital utvikling i redaksjonen

250 000

VÅRT LAND AS

Lydavis

240 000

FOSNA-FOLKET AS

Vil utvide lesarkretsen med meir målretta styring av det redaksjonelle innhaldet i sosiale medium

190 680

VÅRTOSLO AS

Utvikle ein app, slik at fleire får tilgang på avisa

190 000

BLADET VESTERÅLEN AS

Utvikling av Valgomat for lokalaviser

162 500

BØ BLAD AS

Digital presentasjon av det internasjonale miljøet i Midt-Telemark kommune

150 000

RAUMNES AS

Direktesend video på nettsidene til lokalavisa

150 000

Lokalradioens Venner (LRV)

Omstilling til heildigitalisert drift og forbetring av lydkvaliteten

145 000

SUNNMØRE LIVE AS

Etablering av videopodkast

130 000

TRØNDERBLADET AS

Lokal strøyming

122 500

RADIO BARDUFOSS AS

Samarbeid mellom Lokal Radio og Lokal Avis for å utvikle system som kan gi god samhandling og berekraftig drift

105 550

BUDSTIKKA MEDIA TRØNDELAG SA

Forprosjekt M21 – innsikt i konsumeringsvanar

95 850

DRAMMEN LIVE24 AS

Labrador – nytt publiseringsverktøy

93 500

RUIJAN KAIKU AS

Kvensk radio

92 000

SVALBARDPOSTEN AS

«Ny teknologi på 78 grader nord»

88 500

BYAVISA TØNSBERG AS

Nettavisprosjekt

85 471

SØR-ØSTERDAL MEDIA AS

Videojournalistikk som verkemiddel

80 142

BLADET SUNNHORDLAND AS

Direktesend datajournalistikk

52 000

INFO INNLANDET AS

Podkast for Stangeavisa

49 000

RADIO TOTEN

Totenmagasinet til alle – teknisk oppgradering for å nå fleire, særleg unge mellom 20 og 40 år

42 255

RADIO 3,16 AS

Radio på tv

36 800

Kontakter

Bilder

Innovasjonsstøtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 53 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 89 søknader i årets søknadsrunde, og det blei til saman søkt om 44 millionar kroner. Foto Medietilsynet
Innovasjonsstøtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 53 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 89 søknader i årets søknadsrunde, og det blei til saman søkt om 44 millionar kroner. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg saker fra Medietilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Medietilsynet

Fylte ikke kravene til innhold, men kan likevel få tilskudd: Medieklagenemnda ber Medietilsynet vurdere om Nett.no skal få dispensasjon16.4.2021 10:24:18 CEST | Pressemelding

Medieklagenemnda er enig med Medietilsynet i at Nett.no ikke oppfylte kravene som stilles til innhold for å få produksjonstilskudd i 2019, men har likevel bedt Medietilsynet vurdere om publikasjonen skal få dispensasjon fra reglene. – Vi er fornøyd med at klagenemnda støtter våre innholdsvurderinger. Nå skal vi gjøre en ny vurdering av om det er grunnlag for dispensasjon, sier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Medieklagenemnda forkaster klagen på Medietilsynets vedtak: Dagbladet Pluss får ikke mediestøtte22.3.2021 11:31:06 CET | Pressemelding

Dagbladet Pluss fikk ikke medhold i klagen på Medietilsynets avslag på søknaden om produksjonstilskudd i 2019. Det er klart etter at Medieklagenemnda nå har behandlet saken. – Medietilsynets vurdering var at Dagbladet Pluss ikke fylte alle vilkårene for støtte. Klagenemnda fastholder altså vår avgjørelse om å avslå søknaden, sier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Noregs første stortingsmelding om barne- og ungdomskultur: Medietilsynet er positiv til at det digitale livet til barna blir anerkjent i kulturmelding19.3.2021 16:34:21 CET | Pressemelding

I den ferske kulturmeldinga slår regjeringa fast at barn har rett til informasjon, til å bli høyrde og kunne ytre seg, til å leike og utfalde seg gjennom kunst og kultur, til å ha eit privatliv og til å vere beskytta. – Medietilsynet skal bidra til gjennom å utarbeide ein strategi for ein trygg digital oppvekst og iverksette tiltak for å styrke barn og unges kritiske medieforståing tilpassa den digitale mediekvardagen, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom