Medietilsynet fann brot i halvparten av tilsyna i fjor

Medietilsynet gjennomførte 21 tilsyn etter kringkastingsregelverket, 5 tilsyn etter bildeprogramlova og utvida kontroll med 3 aktørar som fekk produksjonstilskott (mediestøtte) i 2022. Dette resulterte i 7 åtvaringar. Dei andre brota blei løyste ved å gi rettleiing til aktørane.
– Åtvaringane blei gitt i tilfelle der det tidlegare anten var gitt rettleiing om reglane eller det var så klare brot at det var naturleg å reagere med sanksjon, seier Mari Velsand.
Alle dei sju åtvaringane kom etter brot på kringkastingsregelverket og gjaldt brot på reglar om reklame, sponsing og produktplassering.
Ulovleg pengespelreklame på tv forsvann etter tilsyn
Medietilsynet vurderer kor stor risiko det er for brot, og kor vesentlege brota på regelverket kan vere, når det blir bestemt kva slags tilsyn som skal gjennomførast.
– Vi prioriterer å gjennomføre tilsyn der vi vurderer at det er svært sannsynleg at regelverket blir brote, og der konsekvensen av brot er alvorleg, seier Velsand.
Eit eksempel er tilsynet med utanlandsk, ulovleg pengespelreklame på tv. Etter at Medietilsynet påla tv-distributørane Telenor, Telia, Allente, Altibox og RiksTV å stanse sendingane av ulovleg pengespelreklame på Discovery, blei reklame så godt som borte frå norske tv-skjermar.
– Vi er glade for at tiltaka som er gjorde for å stanse utanlandsk pengespelreklame på tv, har ført til gode resultat. Det at Medietilsynet fekk myndigheit til å gi pålegg overfor distributørane, saman med at Lotteri- og stiftingstilsynet har prioritert tilsynsarbeid på dette området, har vore viktig, seier Mari Velsand.
Medietilsynet prioriterer å sjekke populære program
I fjor prioriterte Medietilsynet å kontrollere større produksjonar som når eit stort publikum.
– Årsaka er at brot på regelverket i eit populært program påverkar eit større publikum enn brot i eit program med lågare oppslutning, seier Velsand.
Medietilsynet er også opptatt av å reagere raskt ved regelbrot for å førebygge at det skjer igjen. – Da kan kringkastarane eller dei som tilbyr strøymetenester, rette opp brota i framtidige sendingar i den same programserien. Dette er positivt for publikum, som unngår å bli utsett for unødig kommersielt press eller andre regelbrot, seier Velsand.
Les Medietilsynets rapport om tilsyna i fjor her
Fakta om Medietilsynets tilsynsaktivitetar i 2022
- Det blei gjennomført 29 tilsynsaktivitetar: 21 tilsyn etter kringkastingsregelverket, 5 etter bildeprogramlova og kontroll med 3 aktørar som fekk produksjonstilskott (mediestøtte).
- I om lag halvparten (14) av tilsyna blei det avdekt brot på regelverket.
- Det blei gitt sju åtvaringar for brot på kringkastingsregelverket, og alle gjaldt brot på reglar om reklame sponsing og produktplassering.
- Ofte blir mange program og fleire aktørar kontrollerte i eitt og same tilsynet. Resultatet kan vere at reglane i all hovudsak er følgde i majoriteten av programma eller hos dei fleste aktørane, sjølv om eit tilsyn avdekker brot.
- Det primære verktøyet for Medietilsynet for å sikre at reglane blir følgde, er dialog og rettleiing. Dersom aktørar bryt regelverket fleire gonger, dersom det er grove brot, eller dersom aktørane ikkje viser vilje til å gjere endringar når Medietilsynet påpeikar brot, kan Medietilsynet gi åtvaring, gebyr eller tvangsmulkt.
Nøkkelord
Kontakter
Nina Bjerkekommunikasjonsrådgiver og pressekontakt
Tel:+47 419 34 154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Over 100 medier får innovasjonsstøtte25.5.2023 07:05:00 CEST | Pressemelding
Prosjektet der 72 lokalaviser skal samarbeide om å lage lokal, ambisiøs datajournalistikk får mest, med 3,6 millioner kroner i støtte. – Innovasjonsstøtten skal gjøre det enklere for små, lokale medier å digitalisere og fornye seg, sier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
1. pinsedag er det forbode å sende reklame på tv og radio24.5.2023 07:05:00 CEST | Pressemelding
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame søndag 28. mai i år, sidan det er forbode å sende reklame 1. pinsedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
Lokale tv- og radiokanalar får over ni millionar i støtte22.5.2023 07:05:00 CEST | Pressemelding
Ein del av støtta på 9,2 millionar kroner går til tv- og radioprogram som skal dekke ulike sider ved valet til hausten. – Støtta er med på å styrke det lokale demokratiet og mediemangfaldet rundt om i landet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
TV 2 får advarsel fra Medietilsynet etter brudd på reklameregler15.5.2023 07:05:00 CEST | Pressemelding
TV 2 får advarsel fra Medietilsynet etter å ha brutt regelen om når sponsor skal identifiseres i et program. – Regelen er laget for å gjøre seerne oppmerksomme på at et redaksjonelt program er sponset, sier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Medietilsynet ønsker nye EU-regler for digitale tjenester velkommen3.5.2023 07:00:00 CEST | Pressemelding
De nye EU-reglene for digitale tjenester (DSA) skal gjøre det tryggere for folk å være på nett og samtidig sikre ytringsfriheten. – Internasjonale reguleringer som DSA er også viktige for at Medietilsynet skal kunne løse sitt samfunnsoppdrag på best mulig måte framover, konkluderer Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i tilsynets årsrapport for 2022.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom