Kven vil drifta riks- og europavegar i Nordfjord?
Kontrakten går i eit geografisk variert område – frå hav til høgfjell, frå Måløy ytterst på riksveg 15 i vest til Strynefjellet i aust på 1.000 meters høgde, heilt på grensa mot Skjåk og Innlandet fylke.
Dette er DK 9306 Nordfjord
Kontrakten går delvis gjennom tettbygde strøk. Det er skredutsette område, mellom anna Skredestranda mellom Nordfjordeid og Stryn, i tillegg til rv. 15 opp mot Strynefjellet.
Kontrakten har mange tunnelar, og omfattar 193 kilometer riksveg og 26 kilometer gang- og sykkelveg i kommunane Kinn, Stad, Volda og Stryn.
Vegane i kontrakten er rv. 15 (frå Måløy til Strynefjellet), E39 (frå Lote ferjekai til Kjøs bru) og rv.651 (frå Hjelle i Stad til Folkestad ferjekai i Volda). Mesteparten av kontraktsområdet er i Vestland, medan 25 kilometer er i Møre og Romsdal (riksveg 651 i Volda).
Entreprenøren vil og få ansvar for å drifta 10 kilometer fylkesveg. Dette er fv. 258 Gamle Strynefjellsvegen, som er Nasjonal turistveg.
Kontrakten startar 1. september og varar i fem år, til 31. august 2028. Det er gjensidig opsjon på tre år. I tillegg kan Statens vegvesen einsidig forlenga med eitt år.
Trafikkmengda varierer gjennom året
Det er stor variasjon i trafikkmengda i kontraktsområdet, frå heilt nede i 100 på Gamle Strynefjellsvegen og opp til rundt 5.000 på Måløybrua. Det er dette som vert kalla ÅDT (årsdøgntrafikk).
Trafikkmengda varierer sterkt mellom sommar og vinter. Årsaka er turisme, og spesielt gjeld dette for Indre Nordfjord med Strynefjellet (høg andel turistbussar i tillegg til personbilar og bubilar).
Cruiseskipanløp i Olden, Nordfjordeid og Måløy bidreg også til auka trafikk i kontraktsområdet i sommarhalvåret.
Slik blir vinterdrifta
Kontrakten har vinterdriftsklasse B. Det vil seia at godkjente føreforhold er bar veg (tørr eller våt).
Hard snø og is er tillate utanom hjulspor i eit avgrensa tidsrom. Salt brukast som preventivt tiltak og for å oppretthalda og gjenoppretta bar veg.
Samtidig er det eit krav at saltbruken skal ned. Statens vegvesen tek stikkprøvekontrollar, og vil jamnleg ha møte med entreprenør for å sikra at dette vert halde.
Fleire miljøkrav
Miljøkrava i kontrakten er fleire:
– Vi har stramma inn på krava til oppsamling av vaskevatn før og etter tunnelvask. I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr, og ved auka bruk av vérdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.
Vil halvera utslepp
Alle nye vegkontraktar Statens vegvesen lyser ut inneheld krav til miljøsertifisering og rapportering av CO2-utslepp.
– Slik kan vi registrera kva klimatiltak vi gjer, og saman med entreprenør evaluera og dokumentera kva som har effekt. For delar av bilparken krev vi lavutslepps-køyretøy som tilfredsstiller dei strengaste nye krava. Målet er at utslepp frå våre prosjekt skal halverast innan 2030, legg Karlsen til.
Fristen for å levera tilbod er 7. mars.
Kontakter
Lars Erik KarlsenProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95191827lars.karlsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
No vert ny kollektivterminal tatt i bruk21.11.2024 07:16:23 CET | Pressemelding
Førstkomande måndag, 25. november, blir den nye kollektivterminalen på Flatøy tatt i bruk.
Trafikk i ett felt over Sluppen bru i Trondheim i 14 døgn19.11.2024 16:06:36 CET | Pressemelding
Vedlikeholdsarbeidene går mot slutten, men for å skifte ut fire brufuger så vil trafikken over Sluppen Viadukt kun gå i ett felt fra og med onsdag kveld 20. november og 14 døgn framover. Dette vil medføre kødannelse, spesielt på morgenen og ettermiddagen.
Byggjer to nye busslommer i Oppdal19.11.2024 14:01:35 CET | Pressemelding
Denne veka startar arbeida for å etablere to nye busslommer for E6 ved Myrset i Oppdal kommune.
– Derfor må vi parkere på gang- og sykkelvegar frå tid til annan19.11.2024 11:07:53 CET | Pressemelding
– Vis respekt for vegentreprenørar når dei parkerer på gang- og sykkelvegar i Stavanger-området.
Skal overvåke vær og føre på Tverrforbindelsen i Tromsø19.11.2024 08:21:40 CET | Pressemelding
En ny værstasjon skal følge med på Tverrforbindelsen på E8 i Tromsø, og du får din egen værstasjon i lomma.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom