Skredsikringa i Fjæra er i hamn
21.10.2026 11:10:29 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Sju månader etter det store steinskredet som stengde E134 Fjæra i Etne, er skredsikringsarbeidet i området på det næraste avslutta.

To fanggjerde på totalt dryge 400 meter er no sette opp og ferdig monterte, og alt tilhøyrande sikringsarbeid er også på det næraste avslutta. Berre mindre betongarbeid og lapping av veg står att.
Slik var hendinga og konsekvensane
Det store skredet gjekk på føremiddag søndag 1. mars.
Det var store mengder steinar som hadde losna i dei bratte fjellsidene ovanfor Fjæra. Geologane fekk raskt oversikt over omfanget av skredet, men fleire forhold bidrog til at vegen var stengd i nærare tre veker før det kunne opnast for kolonnekøyring 20. mars:
Det måtte borast for å sprenga eit parti stein som truga med å losna. Og det var store skadar på vegen og tilhøyrande støttemur.
Det har vore trafikkdirigering med ledebil heilt fram fram til siste slutt. Dette har vore nødvendig fordi ein vegbane har vore stengd store delar av tida. Til å begynna med var heile vegen stengd; då var omkøyring på kommunal veg, og via og via Rv 13. For modulvogntog blei omkøyringa via E18 Sørlandet, noko som ga betydelege konsekvensar for køyretida.
– Vi har hatt hendingar der enkelte køyretøy har pressa seg fram utanom kolonne og vi har fått stoppa dei. Dette hadde vi ikkje klart så bra utan trafikkdirigering og ledebil, seier seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen.
Ei anna årsak til at det heile tida har vore trafikkdirigering, er monteringa av fanggjerda. I samband med dette måtte alt utstyr stå på vegen.
Vi takkar trafikantane for tolmod i samband med arbeidet på denne strekninga som gjennomsnittleg vert trafikkert av 2.100 køretøy i døgnet. Av dette er 22 prosent, eller 462, lange køyretøy (tungtrafikk), legg Hage til.
Motstandsdyktigheit
Den første delen av dei to fanggjerda vart sendt til Etne berre få dager etter skredet. Dette skuldast at Statens vegvesen hadde etablert eit beredskapslager for fanggjerde. Beredskapsgjerdet var 60 meter langt, men det var likevel langt nok til å sikra den mest utsette delen av området
Ein motstandsdyktig transportsektor handlar om evna til å førebyggja, handtera og raskt restituera seg etter alvorlege hendingar, som naturfare og ekstremvêr. Skredet ved E134 i Fjæra i Etne viser kor viktig dette arbeidet er i praksis.
– Dette viser målet med beredskapslageret. Når me har kritisk utstyr tilgjengeleg, kan me raskt etablera sikring og trygga framkomsten på vegen. Dette viser kor effektivt det kan vera. Dette er totalberedskap i praksis, seier Hage.
Dette illustrerer korleis førebuing, nasjonal kontroll over kritiske funksjonar og rask respons styrkjer transportsektoren si motstandsdyktigheit.
Samtidig er det viktig å understreka at den fysiske jobben med skredsikring er eit arbeid som tek tid, både førebuingane og montering av fanggjerde.
Lagarbeid både internt og eksternt har gitt godt resultat
Statens vegvesen sine geologar har bidrege med uvurderleg kompetanse i det omfattende arbeidet med kartlegging av fjellet og massane, noko som har vore heilt avgjerande for å kunne gjera val som skal stå seg over tid.
Det er Mesta som er Statens vegvesen sin entreprenør på vegdrifta i området.
Fleire avdelingar i Mesta har jobba lange dagar i skift over lang tid for å trygga og sikra området. På det meste har det vore 25 personar i arbeid samtidig.
Det er sveitsiske Geobrugg som har levert fanggjerda. NVE har også bidrege med radarovervaking av bergveggen i akuttfasen. Statens vegvesen sine kompetanse innan geoteknikk og geologi har også vore avgjerande. Driftskontrakten vår har koordinert det heile, seier Hage.
– No er vi heldigvis straks i mål med etterarbeidet i Fjæra. Det er utført ein svært god jobb, der tryggleik for mannskapa har vore godt vareteken og utført utan alvorlege hendingar. Dette arbeidet står også som eit godt døme på kva godt samarbeid betyr for sluttresultatet. Dyktige fagfolk internt i Statens vegvesen og hos entreprenøren vår, Mesta, har løyst eit krevjande oppdrag på ein svært god måte. Så blir det bra for Fjæra-samfunnet og trafikken gjennom skredstaden og straks få tilbake ein normal kvardag etter dramaet for 7 månader sidan, avsluttar Hage som opplyser at Vegvesenet sin del av jobben har kosta 65 millionar.
Kontakter
Morten HageSeksjonssjefStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:951 28 363morten.arne.hage@vegvesen.noPressevakt Drift og vedlikehold
* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje
Bilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Kreativitet løste krevende skredsikring21.10.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Ved hjelp av kreative løsninger fra entreprenør har Statens vegvesen skredsikret Svotunnelen på rv. 13 i Rogaland.
Øving i E39 Bogstunnelen21.10.2026 08:15:00 CEST | Pressemelding
Det blir øving i Bogstunnelen i Høyanger, rett på nordsida av Sognefjorden og nordaust for Lavik ferjekai, onsdag 28. oktober.
Første spadetak for nytt flyplasskryss på E1020.10.2026 17:10:55 CEST | Pressemelding
I dag tok samferdselsminister Kamzy Gunaratnam første spadetak for E10 Evenes Flyplasskryss. Utbyggingen starter for alvor over nyttår.
Kinderegg ved Kvarmakløvet på E1620.10.2026 12:51:45 CEST | Pressemelding
E16-prosjektet Åsbrekkegjelet-Skromle bru, som opna i dag, oppfyller tre ynskjer på ein gong.
E134 ved Notodden stenges i neste uke20.10.2026 12:26:11 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen stenger E134 ved Tuvensletta på Notodden fra midnatt natt til mandag 26. oktober til fredag 30. oktober for å skifte en kulvert.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom