Statens vegvesen

Øving i E39 Bogstunnelen

21.10.2026 08:15:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

Del

Det blir øving i Bogstunnelen i Høyanger, rett på nordsida av Sognefjorden og nordaust for Lavik ferjekai, onsdag 28. oktober.

Bogstunnelen ligg rett nord for Sognefjorden, ikkje langt nordaust for Lavik ferjekai. Illustrasjon: Statens vegvesen
Bogstunnelen ligg rett nord for Sognefjorden, ikkje langt nordaust for Lavik ferjekai. Illustrasjon: Statens vegvesen

– Vi skal gjennomføra ei øving i samarbeid med brannvesenet, VTS og 110 som ein del av arbeidet med tryggleiksgodkjenning etter tunneloppgraderinga, seier brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen.

Målet med øvinga er at både brannvesenet og VTS skal verta kjente med dei tekniske og operative endringane som er gjennomførte i tunnelen etter oppgraderinga.

– Dette understrekar at trafikktryggleik og beredskap er eit felles samfunnsansvar, der fleire aktørar deltek, kvar med sine unike og viktige bidrag, legg han til.

Tidspunkt

I samband med øvinga blir det styrt trafikkavvikling klokka 19.30-20.00 og  21.00-21.30.

I tidsrommet 20.00–21.00 blir tunnelen stengd.

–  Statens vegvesen har forståing for at stengd tunnel er krevjande for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette for dei. Av tryggleiksomsyn både for både trafikantar og etatar som sørger for trafikantane si sikkerheit er det nødvendig å stenga tunnelen ein time medan øvinga pågår, avsluttar brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen.

Som ein del av øvinga vil det verta nytta ufarleg teaterrøyk. Trafikantar og naboar må vera merksame på at røyken kan vera synleg utanfor tunnelopningane på begge sider av Bogstunnelen medan øvinga finn stad.

Kontakter

Pressevakt Drift og vedlikehold

* Drift, vedlikehold og forvaltning av riksvegnettet
* Trafikkstyring og beredskap
* Brøyting/strøing/salting
* Asfalt
* Rekkverk
* Bruer
* Tunneler
* Fjelloverganger
* Rasteplasser
* Inspeksjoner
* Ferje

Tel:479 05 472pressedv@vegvesen.no

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye