Landbruks- og matdepartementet

Jordbruksoppgjeret: Staten legg fram sitt tilbod

Del

Staten legg i morgon, tirsdag 7. mai, fram sitt tilbod til jordbruket. Det vert pressekonferanse i Landbruks- og matdepartementet, R5, Akersgata 59.

Tid: Tirsdag 7. mai kl 12.00 
Stad: Landbruks- og matdepartementet, R5, Akersgata 59, presserom rett innanfor resepsjonen.

Statens forhandlingsleiar, departementsråd  Leif Forsell, presenterer tilbodet. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, vil vere tilstades.

Jordbruket la fram sitt krav 29. april, og forhandlingane skal etter planen vere avslutta seinast torsdag 16. mai. 

Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Ottar Løvik. Tlf 48 14 04 77

Bilder

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg saker fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Landbruks- og matdepartementet

Statsbudsjettet 2020: Aktiv nærings- og distriktspolitikk, klimatiltak, gode veterinærtenester7.10.2019 11:10:44 CESTPressemelding

I statsbudsjettet 2020 er det gjort framlegg om å auke løyvingane på Landbruks- og matdepartementet sitt område med 5 prosent til i alt 20,4 milliardar kroner. Den største auken er på jordbruksoppgjeret, der regjeringa gjer framlegg om å auke løyvingane med 725 millionar kroner til gjennomføring av jordbruksavtalen 2019- 2020. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 13 millionar kroner til gjennomføring av reindriftsavtalen 2019-2020. Dette er den største største auken i løyvinga til reindriftsavtalen på mange år. Sidan 2014 er det tilsaman løyvd over 1 milliard kroner til bygging og utbetring av skogsvegar og tømmerkaier.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom