Handtering av skrantesjuke på Hardangervidda
Landbruks- og matminister Sandra Borch og statssekretær Aleksander Øren Heen i Klima- og miljødepartementet inviterer mandag 29. november lokale aktørar til eit høyringsmøte for vidare handsaming av skrantesjuke på Hardangervidda. Det blir halde ein pressebrief kl 10.45.
Tid: Mandag 29. november kl 10.45-11.15.
Stad: Norsk villreinsenter, Møsvannsvegen 1149, Rjukan.
Statsråd Sandra Borch og statssekretær Aleksander Øren Heen har møte med ordførarane i kommunane rundt Hardangervidda frå kl 09.15 - 10.45. I etterkant av dette møtet blir det halde ein pressebrief der Borch og Øren Heen deltek saman med to av ordførarane. Desse vil oppsummere det som har kome fram på møtet. Det blir høve til på stille spørsmål i plenum, og ha einskild-intervju.
Det blir servert ein enkel lunch kl 11.30. Av omsyn til serveringa set vi pris på å få beskjed om kven/kor mange frå pressa som blir med her.
Borch og Øren Heen vil vidare utover dagen ha møter med representantar for Villreinnemda, Villreinrådet, Villreinutvalet og dei fylkesvise tilsynsutvala for Hardangervidda (Vestfold og Telemark, Vestland og Viken).
Kontaktperson i Landbruks- og matdepartementet:
Ståle Norang. Tlf.: 41 43 80 11. stale.norang@lmd.dep.no
Kontaktperson i Klima- og miljødepartementet:
Reidar Evensen. Tlf.: 991 62 659. reidar.evensen@kld.dep.no
Under jakta på Hardangervidda hausten 2020 vart det skote ein villreinbukk som viste seg å vere smitta av skrantesjuke (CWD). Dette var det første funnet utanfor Nordfjella, der sjukdommen først vart oppdaga i 2016. Etter funnet på Hardangervidda måtte forvaltninga gjere nye vurderingar av korleis sjukdommen skal avgrensast, og om mogleg bli utrydda frå Noreg. Mattilsynet og Miljødirektoratet leverte i april i år sine faglege tilrådingar om handtering av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda.
Den 23. november leverte Mattilsynet og Miljødirektoratet ein ny rapport med vurdering av ulike tiltak knytt til handteringa av skrapesjuke på Hardangervidda. Det blir ikkje tilrådd ekstraordinære uttak av villrein på Hardangervidda: Tilrår ikkje ekstraordinære uttak av villrein på Hardangervidda - regjeringen.no.
Nøkkelord
Om Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.
Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet
Grønt industriløft for skog- og trenæringen24.6.2022 17:57:11 CEST | Pressemelding
I regjeringens veikart for grønt industriløft stakes det ut en retning for en grønn industrioffensiv. Målet er å skape verdier og lønnsomme jobber i hele landet, øke de grønne investeringene, øke eksporten fra fastlandet og kutte klimagassutslipp hurtig på veien mot lavutslippssamfunnet.
Avlyst: Landbruks- og matminister Sandra Borch vitjar Møre og Romsdal måndag 27. og tysdag 28. juni24.6.2022 10:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Avlyst grunna situasjonen i flytrafikken. Statsråden skal møta bønder som gjerne vil visa fram gardane sine og snakka med henne om framtida i jordbruket, om investeringar, lønsemd, velferdsordningar, osb. Ho skal møta innovative matvareprodusentar og forskingsmiljø. På Grandiosafabrikken på Stranda skal ho få høyra om bruk av norske råvarer i produksjonen og på Bergmo omsorgssenter i Molde skal ho vera med på lanseringa av matgledekorpset i Møre og Romsdal.
Regjeringen viderefører strømstøtten til blomsterproduksjon i veksthus23.6.2022 13:50:00 CEST | Pressemelding
Forslag til midlertidig forskrift om strømstøtte til jordbruks- og veksthusnæringen har vært ute på høring. Forskriften viderefører strømstøtte til jordbruksforetak og veksthus ut mars 2023, inkludert blomsterproduksjon. Vanningslag inngår også i ordningen.
Nådde det nye jordvernmålet i 202115.6.2022 10:21:09 CEST | Pressemelding
De endelige tallene fra kommunene (KOSTRA) viser at omdisponeringen av dyrka jord var på ca. 2 970 dekar i 2021. Det betyr at omdisponeringen er under Stortingets vedtatte jordvernmål på 3 000 dekar for første gang, og på det laveste nivået siden en begynte å føre denne statistikken i 1967.
Nytt kunnskapssenter styrker matsikkerheten i Norden4.4.2022 15:15:29 CEST | Pressemelding
NordGen (Nordisk genressurssenter) bevarer den nordiske frøsamlingen på vegne av de nordiske landene. Nå åpner de et nytt bygg for å fortsette arbeidet med å ta vare på genetisk materialet for å sikre matsikkerheten i Norden. På åpningen deltok landbruks- og matministeren sammen med andre nordiske ministre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom