Engasjerte innspel på vegen mot ny kulturmelding for barn og unge
1.11.2019 11:14:38 CET | Medietilsynet | Aktuelt

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet er i gang med å lage ei kulturmelding for barn og unge. Ein viktig del av denne meldinga er det digitale kulturuttrykket. Medietilsynet har fått i oppdrag å bidra til meldinga, særleg med tanke på korleis vi skal skape trygge rammer for den digitale mediekvardagen til barn og unge.
– Medietilsynet har i ei årrekke jobba med barn og medium, og vi synest det er positivt at dette nå blir løfta fram i ei kulturmelding. Vi meiner det bør komme ein nasjonal strategi på dette feltet for å kunne koordinere og samordne innsatsen betre. Det meiner vi kommer barn og unge til gode og kan gi fleire og gode tiltak, sa Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, på innspelmøtet.
Barn og unge er intervjua
Kulturtanken har fått i oppdrag å intervjue barn og unge i samband med kulturmeldingsarbeidet. Desse intervjua er samla i rapporten «Barn og unges stemmer – Kunst og kultur», som blei lagt fram for kulturministeren 1. oktober.
– Det handlar om å vere del av eit fellesskap, og det handlar om fridom til å ytre seg, sa Charlotte Blanche Myrvold frå Kulturtanken då ho la fram hovudpunkta frå rapporten på innspelmøtet. – Kunst og kultur speler ei viktig rolle for unge, og i digitale kunst- og kulturuttrykk får dei like moglegheiter til å ta del i kunsten uavhengig av bustad, bakgrunn, funksjonsevne eller økonomien til foreldra, sa Myrvold.
– Det kreative er det beste med å vere på TikTok
Sara Cecilie Leite, mest kjent som @zaracecilie, er ei stor norsk stjerne på plattforma TikTok. Ho var óg på scenen på Litteraturhuset på innspelmøtet og viste kva ho gjer og korleis ho tenker omkring det å ta ein aktiv del i eit sosialt nettverk der ein produserer innhald som blir delt med andre.
Ho fortalte at det var det kreative og personlege som motiverer ho til å lage videoar. I dag har ho over 300 000 følgarar på TikTok og legg ut videoar kvar dag. – Eg får vere kreativ og utfordre meg sjølv, det er det beste. Det verste er hatmeldingar og at mange latar som om dei er nokon andre enn seg sjølv. Men det er langt meir positivt enn negativt, sa Sara Cecilie.
Sjå bilde frå dagen og alle som gav innspel her.
Dette skal kulturmeldinga for barn og unge handle om
Målet med meldinga er å løfte fram barn og unge som målgruppe og aktive deltakarar og medverke til å auke statusen og kvaliteten på kunst og kultur som blir laga og formidla til barn og unge. Meldinga skal både handle om dataspel, film og tv, kulturarv, litteratur, musikk, scenekunst og visuell kunst. Eit tema i meldinga er korleis vi kan sikre gode og trygge rammer for barn og unge på den digitale arenaen. Det inkluderer blant anna rolla barn og unge har som produsentar, og rammene for ytringar og deltaking på digitale plattformer.
Medietilsynet har ansvar for å bidra til å trygge den digitale oppveksten for barn og unge og skal hjelpe til med arbeidet innafor dette temaet i kulturmeldinga.
Det er framleis moglegheit til å komme med skriftlege innspel til Medietilsynet i samband med kulturmeldinga for barn og unge. Ønsker du å komme med skriftleg innspel? Send til post@medietilsynet.no og merk emnefeltet med "Kulturmelding for barn og unge" innan 6. november 2019.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BjerkeRådgiver, avdeling for kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:41934154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Ny handlingsplan mot spilleproblemer: Medietilsynet styrker innsatsen mot problematisk dataspilling27.3.2026 17:43:20 CET | Pressemelding
Råd til foreldre og yrkesgrupper som jobber med barn og unge om hvordan problematisk dataspilling kan forebygges, er blant Medietilsynets tiltak i regjeringens nye handlingsplan mot spilleproblemer.
Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 202427.3.2026 07:50:00 CET | Pressemelding
Medietilsynet gav to åtvaringar og eitt gebyr i 2025. Dermed blei det gitt færre sanksjonar enn dei tre siste åra, og langt færre enn året før, da det blei gitt seks åtvaringar og tre gebyr for brott på lovverket.
Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur19.3.2026 10:23:51 CET | Pressemelding
Medietilsynet opnar nå for søknader om mediestøtte frå samiske nyheits- og aktualitetsmedium. I år skal det fordelast nesten 46 millionar kroner etter ny forskrift for støtteordninga.
Lagabui 46 miljovnna mediadoarjagis sámi gillii ja kultuvrii19.3.2026 10:23:08 CET | Pressemelding
Norgga Mediabearráigeahčču rahpá dál mediadoarjaga ohcamušaid sámi ođas- ja áigeguovdilis mediain. Dán jagi juogaduvvo measta 46 miljovnna ruvnno ođđa njuolggadusaid mielde doarjagiid birra sámi ođas- ja áigeguovdilis mediaide.
Medietilsynet: Design i sosiale medier legger til rette for overdreven bruk blant unge26.2.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Funksjoner og design i sosiale medier og andre digitale tjenester bidrar til hyppig og kontinuerlig bruk, en opplevelse av avhengighet og søvnmangel blant de unge, viser en ny rapport fra Medietilsynet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
