Medietilsynet

Framleis låg lønnsemd for norske aviser og tv – medan nasjonal radio held fram med å auka lønnsemda

Del

Låg lønnsemd pregar store delar av mediebransjen. Unntaket er kommersiell riksdekkjande radio, som har rekordgode resultat. Det viser rapporten til Medietilsynet «Norsk medieøkonomien 2020-2024».

Dataskjerm med oversikt over norske mediehus, inkludert logoene til NRK, TV 2, Schibsted, Amedia, Polaris Media, NHST Media Group, Warner Bros. Discovery og flere. Bildet er tatt i et kontormiljø med uskarp bakgrunn.

– Store delar av den norske mediebransjen har krevjande økonomiske år. Driftsinntektene er stabiliserte, men reduserte driftskostnader bidreg til at bransjen samla hadde svak auke i lønnsemd i 2024, fortel fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.

Svak lønnsemd i store delar av bransjen

Lokalradioane har framleis krevjande økonomiske utfordringar, driftsinntektene fell, og 71 av 118 verksemder gjekk med driftsunderskot i 2024.

For norske aviser og tv-verksemder vart også fjoråret eitt av åra med svakast lønnsemd gjennom det siste tiåret. Me ser ein vedvarande nedgang i annonseinntektene både for aviser og tv, og i 2024 var inntekter frå reklame på eit historisk lågt nivå. Globale aktørar hadde i 2024 ein marknadsdel på heile 47 prosent i den norske reklamemarknaden – medan aviser og tv hadde høvesvis 14 og 12 prosent.

– Reduksjonen i annonseinntekter bidreg til ein meir sårbar driftsøkonomi for aviser og tv-verksemder, og aukar betydninga av den andre hovudinntektsstraumen, som er brukarinntekter, seier Sekkelsten.

Les rapporten «Norsk medieøkonomi 2020-2024» her.

Digitale løysingar og betalingsvilje

Brukarinntektene auka med 431 millionar kroner i 2024, 3,3 prosent for avisene og tv-verksemdene. Veksten i brukarinntektene til avisene kjem frå sal  av digitale abonnement, som for første gong er større enn abonnementsinntektene frå papirrelaterte produkt.

– Det er grunn til å framheva det positive ved at norske aviser ligg i front internasjonalt når det gjeld løysingar for brukarbetaling, og det same gjeld betalingsviljen til nordmenn for digitale nyheiter, seier Sekkelsten.

2024 vart nok eit svakt driftsøkonomisk år for bransjen sjølv om lønnsemda var noko betre enn året før med ein driftsmargin på 4,2 prosent. – Reduksjonen i annonseinntekter er ei årsak til at driftsøkonomien til redaktørstyrte medium blir meir sårbar, seier Sekkelsten.  

Store kommersielle radioaktørar gjer det godt

Kommersiell, nasjonal radio har levert svært sterke økonomiske resultat over fleire år. Dei to nasjonale radioverksemdene, P4 og radio Noreg med tilleggskanalar, er nær fullfinansierte av reklameinntekter, og lyd ser ut å vera ein av vinnarane i det norske reklamemarknaden. Med ein driftsmargin på 24 prosent leverte dei to kommersielle riksdekkjande radio-selskapa endå betre i 2024 enn i 2023.

– Medium med ein ansvarleg redaktør som skal sikra at innhaldet blir kvalitetssikra før det blir publisert, er sjølve ryggrada i arbeidet med å byggja motstandskraft mot desinformasjon i den norske befolkninga. Derfor er det avgjerande at desse media har ein berekraftig driftsøkonomi, avsluttar Sekkelsten. 

Fakta om økonomien i media i 2024:

  • Den totale omsetninga til media var på 28,3 milliardar kroner i 2024, 245 mill. kroner meir enn i 2023.
  • Dette er ein vekst på 10,4 prosent samanlikna med 2020, men etter inflasjonsjustering viser tala ein reell nedgang på 7,3 prosent. Nasjonale radioverksemder har som einaste medieverksemder hatt oppgang i inflasjonsjusterte inntekter dei siste fem åra.
  • Totalt hadde media eit driftsresultat på 1316 millionar kroner i 2024, 251 millionar kroner meir enn i 2023. Driftsmarginen enda på 6,3 prosent i 2024, opp frå 5,1 prosent i 2023.
  • Dei nasjonale radioselskapa hadde høgare reklameinntekter i 2024 enn i 2023, medan resten av mediebransjen hadde mindre slike inntekter i 2024.
  • Lønnsemda vart styrkt i 2024 for avisene og tv-selskapa. Driftsmarginen for avisene gjekk opp med 1,4 prosentpoeng og for tv opp med 0,6 prosentpoeng. Lønnsemda for radioverksemdene gjekk opp med 3,2 prosentpoeng. Nasjonal radio held fram trenden gjennom dei siste fire åra med den høgaste lønnsemda i bransjen i 2024.
  • Brukarinntektene representerte i overkant av 60 prosent av driftsinntektene for både avisene og tv-selskapa i 2024, ein liten oppgang frå 2023.
  • Driftsresultatet til avisene, inkludert statlege tilskot på 575 millionar kroner, var 1 316 millionar kroner i 2024 mot 1 065 millionar i 2023 – opp med 251 millionar kroner. Driftsmarginen til avisene vart samla sett styrkt med 1,2 prosentpoeng til 6,3 prosent.
  • Dei nasjonale radioselskapa fekk styrkt lønnsemd med 3,1 prosentpoeng frå 2023, og var framleis svært lønnsame med ein driftsmargin på 24,2 prosent.
  • 71 av 118 lokalradioverksemder rapporterte om driftsunderskot i 2024.

Nøkkelord

Kontakter

Om Medietilsynet

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder barn og unge i bruk av digitale medier, fører tilsyn med aldersgrenser for film, forvalter støtteordninger, fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye