Landbruks- og matdepartementet

Dyrsku'n får økonomisk kompensasjon

Del
Regjeringa har vedtatt å gi 11.2 millionar kroner i kompensasjon til Dyrsku'n, som for første gong i historia må avlysast. Dyrsku'n skulle til vanleg vore arrangert i september, men må i år avlyse på grunn av faren for korona-smitte.
Dyrsku parade. Foto: Birte Susan Ulveseth/FMLA i Vestfold ogTelemark
Dyrsku parade. Foto: Birte Susan Ulveseth/FMLA i Vestfold ogTelemark
– Dyrsku'n er eit omgrep. Dyrsku'n er ein institusjon, - for bønder, for bygdefolk og for folk flest. Dyrsku´n er folkefest og møteplass. Det har vore viktig for meg å leggje til rette for at Dyrsku'n skal kome seg gjennom denne krevjande perioden og vere i stand til nye arragement i åra som kjem, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
– Dyrsku'n har i alle år sidan 1866 blitt arrangert til same tid; andre helga i september, og på same plass; Dyrsku-plassen i Seljord. 

Dyrsku'n har vakse seg stor og manfoldig, men har i alle år halde fast på kjerneaktiviteten; husdyrutstillinga, som bokstaveleg tala er i sentrum, seier Bollestad.– Noreg treng slike møteplassar som Dyrsku'n. Det er viktig for bygdene våre og samfunnsutviklinga, Dyrsku'n har utvikla seg til å bli ein viktig arena for politiske diskusjonar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Noregs største handels- og landbruksmesse

Dyrsku'n er Noregs største handels- og landbruksmesse og samstundes ein viktig møteplass i bygde-Noreg. Dyrsku'n har vore arrangert på Dyrsku-plassen i Seljord kvart år gjennom 154 år.  Det møter om lag 90 000 på Dyrsku'n gjennom tre dagar. I løpet av desse dagane blir det omsett varer for meir enn 500 millionar kroner frå meir enn 800 utstillarar.

Når Dyrsku'n i år må avlyse, vil tapet i omsetnad for Dyrsku'n vere på om lag 70 mill. kroner og setje selskapet i ein svært krevjande økonomisk situasjon.

Dyrsku-plassen er ei stifting, som er eigd av Seljord kommune og Telemark Landbruksselskap. Under Dyrsku'n er det omlag 2000 personar som har oppgåver i samband med arrangementet, anten for sitt lag/sin organisasjon eller direkte for Dyrsku'n.

Lokalsamfunnet, først og fremst i Seljord, nyt godt av ringverknadane. Telemark Næringshage reknar med at årets avlysing vil føre til ein reduksjon for lokal handel på inntil 300 millionar kroner. Lokale lag og organisasjonar i regionen mister inntekter frå arrangementet på over 10 millionar kroner.

Regjeringa skal legge fram for Stortinget at Dyrsku'n får kompensert 11,2 millionar for å dekke deler av underskottet knytt til korona-situasjonen. Forslag om kompensasjon skal leggjast fram for Stortinget seinast i samband med nysalderinga av 2020-budsjettet.

Regjeringa tek atterhald om at kompensasjonen blir godkjend av ESA (Eftas overvåkingsorgan) og at Stortinget gir sitt samtykke.

Bilder

Dyrsku parade. Foto: Birte Susan Ulveseth/FMLA i Vestfold ogTelemark
Dyrsku parade. Foto: Birte Susan Ulveseth/FMLA i Vestfold ogTelemark
Last ned bilde

Om Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Pb 8007 Dep.
0030 Oslo

22 24 92 50https://www.regjeringen.no/no/dep/lmd

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har hovudansvar for mat- og landbrukspolitikken. Det omfattar arealforvalting, jord- og skogbruk, husdyrhald, reindrift og utvikling av nye næringar med utgangspunkt i landbruket.

Følg pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruks- og matdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Landbruks- og matdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye