UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultetUiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Det nye språkidealet i klasserommet er språkrikdom

Del
─ Det å kunne språk kan vere ein ressurs for alle elevar, uansett kva gruppe dei høyrer til, seier forskar.

Elevar i Oslo-skulen med kort butid i Norge må i dag lære det norske språket og det aktuelle faget, samstundes. Men for mange elever skjer innlæringa for sakte.

─ Det er ein myte at jo meir norsk vi pøsar på med i språkopplæringa, jo raskare lærer elevane norsk, seier forskar Joke Dewilde. Ho forskar på korleis lærarar kan møte språkmangfaldet i norske klasserom på ein god måte.

Og norske klasserom blir meir fleirspråklege. Fleirspråklegheit handlar her om personar som har andre morsmål enn norsk.

Difor ser forskarar no på korleis fleirspråklegheit kan bli det nye språkidealet, både i klasserommet og i samfunnet elles.

─ I dag veit vi at det er meir riktig å utnytte språka eleven kan i språkopplæringa for heile klassen, seier Joke Dewilde, som forskar på fleirspråklegheit i klasserommet.

Sjå enkelteleven

─ Den individuelle samtalen mellom lærar og elev, og med støtte i dei forskjellige språka, er viktig for å kunne sjå heile eleven og dermed i å rettleie vedkommande, fortel Einar Ilner.

Han er lektor på Holtet vidaregåande skule i Oslo og har brei erfaring med nyankomne elevar Noreg – elevar som skal kvalifisere seg for å ta vidaregåande skule gjennom eit komprimert grunnskoleløp.

Det er ikkje uvanleg at klassane hans har elevar med seks-sju forskjellige morsmål, så då gjeld det å vere oppfinnsam i verkemiddelbruken. Til dømes bilete.

Fleirspråklegheit tar ikkje nødvendigvis meir tid, men det er ein annan måte å jobbe på, framhevar Dewilde.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lenker

Om UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Postboks 1161 Blindern
0318 Oslo

http://www.uv.uio.no

Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo har som sin visjon å forme framtidas skole gjennom lærer- og skolelederutdanning og skolerettet forskning og er et nasjonalt ledende miljø på disse områdene.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye