Barnediabetes-teamet ved Haugesund sjukehus får Kvalitetsprisen

Dette seier Heiko Bratke, som er overlege ved barneavdelinga og leiar av diabetes-teamet ved Haugesund sjukehus. I fleire år har han og teamet arbeidd for ei stadig forbetring og i form av til dels enkle metodar, for å seinke langstidsblodsukkeret, HbA1c, til dei unge pasientane med diabetes.
– Vi har ikkje fått prisen fordi vi har gjort det vi har fått beskjed om, men fordi vi har gjort det vi har syntes var rett og med entusiame, glede og stor kunnskap. Det er resultatet for barn og unge med diabetes, som tel, til slutt. Det er ekstra hyggjeleg å få denne prisen i år, som insulinet har sitt 100-årsjubileum, seier Bratke i sin takketale.
Sjå filmen frå tildelinga, og Heiko Bratkes vinnarinnlegg frå Kvalitets- og registerkonferansen 2021
Pasientopplæring frå tidleg alder
– Det er pasientane som gjer jobben. Vi hjelper dei gang og bidreg til at pasienten og familien kan innarbeide gode rutinar for kosthald, og for gode rutinar med å vurdere glukosenivåret regelmessig. Det har vore ei stor utvikling på dette området, frå å skrive ned resultat på papir og komme jamleg til kontrollar, til at moderne teknologi gjer at resultata blir sende til mobiltelefonen i sanntid.
– Vi har mange pasientar som vi har følgt opp gjennom fleire år, og det er morosamt når dei kjem til oss og fortel at dei hugser kva vi fortalte på det aller første møtet, eller kurset dei var på som ganske små. Det er om å gjere å skape haldningar og lære barn og ungdom med diabetes, at dei kan ha eit godt liv, med gode rutinar frå tidleg alder. Dersom dei følgjer råda, kan dei også unngå plager som vaksne, fortel Bratke.
Del av nasjonalt kvalitetsforbetringsprosjekt
Prosjektet for betre kvalitet i behandlinga av barn og ungdom med type 1 diabetes er gjennomført i samarbeid med Barnediabetesregisteret sitt nasjonale kvalitetsforbedringsprosjekt hos barn- og ungdom med type 1 diabetes i Norge, IQ-Norge (Improvement Quality-Norge).
– Her er mange dyktige og engasjerte fagfolk involvert. Forbetring krev som oftast innsats av mange i godt samarbeid. Ved bruk av Demings forbetringssirkel har heile det tverrfaglege diabetesteamet ved barneavdelinga arbeidd systematisk for å betre kvaliteten i behandlinga, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest, som deler ut prisen til ein stolt Bratke og eit overraska diabetes-team, som trudde dei skulle i eit heilt anna møte.
– Avdelinga har testa ut og implementert fleire forskjellige tiltak for opplæring av barn og ungdom – og for å sikre høgast mogleg fagleg standard i behandlinga. Dette inkluderer informasjons- og opplæringsverktøy, filmar – som også er tekne i bruk i fleire barneavdelingar i landet, internundervisning, oppdatert kunnskap om diabetesutstyr og regelmessige diabetes-teammøte. Det er innført ein meir strukturert og individuelt tilpassa poliklinisk oppfølging, seier Bryne.
Best i Noreg
Dette arbeidet gir resultat! Resultata frå barneavdelinga i Helse Fonna viser ei tydeleg forbetring av diabeteskontrollen til pasientane – og gjennom kontinuerleg forbetring, stadig betre. Helse Fonna er den barneavdelinga med best gjennomsnittleg HbA1c-resultat i Noreg.
Resultata av kvalitetsforbedringsprosjektet i Helse Fonna er presenterte i fleire nasjonale og internasjonale fagforum. I 2017 blei barneavdelinga akseptert som medlem i verdas internasjonale barnediabetesregister (SWEET). Helse Fonna er per nå første og einaste medlem frå Noreg. HbA1c-resultata i Helse Fonna er også på 5. plass av 101 deltakande avdelingar frå heile verda, skriv juryen i si grunngiving for tildelinga.
– Dei gode resultata av forbetringsarbeidet ved Barneavdelinga i Helse Fonna, og den internasjonale anerkjenninga dette har fått, bør vere ein inspirasjon til barneavdelingar i dei andre føretaka i Helse Vest og i resten av landet, seier Inger Cathrine Bryne.
Kva ønskjer de å bruke prispengane på?
– Eg ønskjer at fleire i teamet skal få dra på ein fagkonferanse , der vi kan lære meir og treffe andre som jobbar med det same. Men akkurat no med pandemien er dette ikkje så lett å få til. Ei slik reise med fagleg innhals sveisar teamet endå bedre saman, og det er viktig med fagleg oppdatering og å knyte kontaktar internasjonalt, seier Bratke.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder


Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Tar for mange prøvar: Ni tiltak mot overforbruk1.7.2025 11:58:49 CEST | Pressemelding
I heile landet har talet på laboratorieanalysar auka kraftig dei siste åra. Mange av desse analysane vert gjort utan at det er god medisinsk grunn. Ni tiltak skal få ned overforbruket.
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom