Programmet ser slik ut:

Måndag 27.juni:

Kl 09.15

Besøk hos mjølkeprodusenten Jørgen Helset, Helset, 6218 Hellesylt.
Aktuelle tema: Investeringar og lønsemd, beiting og mosjonskrav, randsone til verdsarvområde.

Kl 10.30

Besøk hos Ole Ringdal AS, Hellesyltvegen 50, Hellesylt. 
Lokalt slakteri som mellom anna har vunne pris for pinnekjøtet sitt.

Kl 12.30

Besøk hos Orkla Foods Norge AS, Grandiosafabrikken, Nedre Furset, Stranda. 
Her produseres det årleg meir enn 38 millionar Grandiosa og BigOne, og råvarer frå norsk jordbruk er ein viktig del av produksjonen. Dei siste åra har det vore investert betydeleg i fabrikken, som er Nord-Europas største pizzafabrik.

Tysdag 28.juni:

Kl 09.15 Besøk hos Marthe Holte Sirivik og Birger Ingeborgvik, Holsveien 52, 6531 Averøy. Dei er unge mjølkebønder.
Aktuelle tema: Beiting og mosjonskrav, velferdsordningar, framtid i jordbruket
Kl 12.00 Lunsj med orientering frå Tingvoll Sider, Tingvoll Ull og Agrirsis, Gunnars veg 6, Tingvoll.
Kl 12.30 Orientering frå NIBIO, NORSØK og Tingvoll Økopark, og omvising på Tingvoll gård.
Kl 14.00 Omvising Tingvollost.
Kl 15.45 Lansering av matgledekorpset i Møre og Romsdal på Bergmo omsorgssenter i Molde. Adresse: Nøisomhedvegen 34, 6419 Molde.

Vil du vita meir?

Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer meir informasjon om programmet.

Kontaktperson for statsforvaltaren:
Marianne Aas Halse, tel.: 48 17 42 41

Kontaktperson for landbruks- og matministeren:
Jorunn Voll, tel.: 975 23 883.