Felleskjøpet Agri

Åtte råd for å takle tørka

Del
Mangel på nedbør engasjerer og frustrerer. Mange bønder spør seg kor lenge tørka skal vare, kva blir følgjene, og kan du bidra om du ikkje er ramma? Her er konkrete råd frå toppsjefen i Felleskjøpet Agri.
TØRKE: Mange stader i Sør-Norge er sterkt prega av tørke. Dette er eit av beita til familien Dobloug på Helgøya i Innlandet. Bildet blei tatt tysdag denne veka. (Foto: Felleskjøpet Agri)
TØRKE: Mange stader i Sør-Norge er sterkt prega av tørke. Dette er eit av beita til familien Dobloug på Helgøya i Innlandet. Bildet blei tatt tysdag denne veka. (Foto: Felleskjøpet Agri)

Mange bønder er ramma av mangel på nedbør. Vatningsanlegg går for fullt der det er mogleg. Andre stader er det så vidt spiring. Konsernsjef Svenn Ivar Fure i Felleskjøpet Agri har samanfatta erfaringane bondesamvirket sit att med etter tørkeåret i 2018. Her er åtte konkrete råd – med Felleskjøpet-sjefen sine eigne ord:

Akkurat no er det tørke i heile Sør-Norge, medan varmen endeleg har kome for mange av dei nord for Dovre. I vest har det vore gode grovfôravlingar dei fleste stadar, men det er no tørt før andre- og tredjeslåtten.

Kornåret 2023 vil bli eit år godt under middels i sør, medan i Trøndelag vil vêret den næraste tida avgjere mykje. Dei som treng grovfôr i aust og sør ser avlingar på 30-50% av normalen, og tørka set andre- og tredjeslåtten i fare.

Oppsummert er situasjonen lik eller verre enn 2018 i sør og aust, mens den er vesentleg betre i vest og midt. I nord treng dei varme og opplett vêr.

Vi ønskjer å bygge vidare på erfaringane vi har frå 2018, og tiltak som hadde best effekt. I 2018 ramma tørka heile Sør-Norge, noko som førte til eit initiativ for å importere rundballar frå Island. Det ser vi ikkje som nødvendig i år. Det viktige er etter vår meining:

  • Bonden brukar rådgjevarane i Felleskjøpet Agri, TINE og Norsk Landbruksrådgivning (NLR). Dei er dyktige og har relevante erfaringar frå 2018.
  • Det er spesielt viktig å kome i gong med tilpassa fôring raskt, slik at ein kan bruke det grovfôret ein har best mogleg. Dersom ein har eit minimum av grovfôr vil det i mange tilfelle vere mest økonomisk gunstig å spe på med grovfôrerstatning.
  • Dei bøndene på Vestlandet og nordover som får gode grasavlingar bør satse på å maksimere andre- og tredjeslåtten for å kunne selje fôr til dei som treng det på Austlandet. Dei i aust og sør bør legge ut førespurnader på Finn.no om kjøp av grovfôr slik at dei som har gras å selje kan få kontraktar på det alt no. Det vil redusere risikoen for dei som kanskje alt no ser dei har det fôret dei treng, og har moglegheita til å produsere meir grovfôr for sal. Det er viktig at kjøparar og seljarar finn kvarandre alt no, slik at ein unngår over- eller underproduksjon opp mot behovet.
  • Dei av kornbøndene som er ramma av tørke bør vurdere å rundballe det av kornet som ikkje vil gje avling til fôr. Eventuelt så raigras eller grøntfôr på kornareal med misvekst, eller som blir høsta til fôr, for å sørge for at noko kan vekse fram. Dette er sjølvsagt avhengig av at det kjem regn.
  • Bonden bør ta vare på halmen og ensilere denne slik at den kan seljast som fôr til dei som treng grovfôr. Her må og bøndene som manglar grovfôr vere aktive i å sikre seg varer med minimum transportkostnad, altså i nærområda sine. Dei som planlegg å kjøpe/selje halm, eller korn hausta som grøntfôr, må sikre at det ikkje er brukt plantevernmidlar som gjer vara ueigna som fôr.
  • Dei som har moglegheita til det bør vurdere, etter å ha meldt inn for avlingsskade, å så til med haustsådde vekstar for å utnytte vekstsesongen fram til vinteren. Dette er også sjølvsagt avhengig av at det kjem regn.
  • Der forholda ligg til rette for det, er det viktig å utnytte utmarksbeita optimalt, gjerne med eit innslag av tilskotsfôring.
  • Vi kjem til å setje opp vår kapasitet for grovfôrerstatning via spesielle kraftfôrtypar med høgt fibernivå. Dette var svært vellukka i 2018. Vi har godt med råvarer og vil hente inn meir av dette. Dette vil gjere det mogleg, for dei som har eit minimum av grovfôr, å drifte vidare utan å redusere buskapen/mjølkeproduksjonen, og dermed sikre sine økonomiske resultat. Så lenge ein har et minimumsnivå av grovfôr tilgjengeleg, vil dei kraftfôrtypane som er tilpassa ein situasjon med lite grovfôr (som for eksempel Formel Fiber Grovfôrmangel) vere ei meir lønsam løysning enn å kjøpe grovfôr til høge kostnadar, for eksempel på grunn av høge fraktkostnader.

Vi jobbar med ulike tiltak for å støtte bonden i denne krevjande tida. Dette inkluderer å koordinere med TINE og NLR, rådgje på berging av avlinga, samt strategiar for å redusere nedsida, sikre tilgang til rett ensileringsmiddel, stille reiskap til disposisjon med meir.

Her finn du meir informasjon og råd ved grovfôrmangel.

Her finn du meir informasjon og råd tilknytt plantekultur.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

TØRKE: Mange stader i Sør-Norge er sterkt prega av tørke. Dette er eit av beita til familien Dobloug på Helgøya i Innlandet. Bildet blei tatt tysdag denne veka. (Foto: Felleskjøpet Agri)
TØRKE: Mange stader i Sør-Norge er sterkt prega av tørke. Dette er eit av beita til familien Dobloug på Helgøya i Innlandet. Bildet blei tatt tysdag denne veka. (Foto: Felleskjøpet Agri)
Last ned bilde
KONSERNSJEF: Svenn Ivar Fure er konsernsjef i Felleskjøpet Agri.
KONSERNSJEF: Svenn Ivar Fure er konsernsjef i Felleskjøpet Agri.
Last ned bilde

Om Felleskjøpet Agri

Felleskjøpet Agri
Felleskjøpet Agri
Depotgata 22
2000 Lillestrøm

72505050https://www.felleskjopet.no

Felleskjøpet Agri har en omsetning på 20,2 milliarder i 2022, og har i overkant av 4 000 ansatte. Felleskjøpet er viktigste leverandør av teknologi og driftsmidler til norsk landbruk, og har rundt 100 butikker rettet mot bønder og forbrukere i Norge. Felleskjøpet eier Granngården i Sverige som også har rundt 100 butikker rettet mot samme målgruppe. Vår virksomhet omfatter også eiendomsdrift, brød og bakervarer, samt utstyr til park, anlegg og kjæledyr. Felleskjøpet Agri er et samvirke eid av i rundt 39 000 bønder. Felleskjøpet Agri er markedsregulator for korn og innkjøps- og salgssamvirke for medlemmene. Felleskjøpet Agris hovedmål er å bidra til å styrke medlemmenes økonomi på kort og lang sikt. 

Følg pressemeldinger fra Felleskjøpet Agri

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Felleskjøpet Agri på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Felleskjøpet Agri

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye