Alle breane som NVE måler smeltar tilbake
26.11.2019 09:10:46 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
- Mange norske brear hadde ein vekstperiode på 1990-talet, men etter år 2000 har alle breane minka, seier Hallgeir Elvehøy, glasiolog i NVE.
Dei siste 10 åra har dei målte breane gått tilbake 197 meter i gjennomsnitt. Grunna lokal topografi kan variasjonen kan vere stor, sjølv for brear som ligg ganske nær kvarandre. Gråfjellsbrea og Svelgjabreen er 2 brearmar frå Folgefonna. Gråfjellsbrea har gått tilbake 584 meter sidan 2009, medan Svelgjabreen har gått tilbake 39 meter.
- Breane i Noreg har den same utviklinga som breane i resten av verden. Årsaka til at breane trekk seg tilbake er at massebalansen, - forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren, - har vore negativ i lengre tid. Dei 10 breane der vi måler massebalanse har i gjennomsnitt minka om lag 16 meter i tjukkleik sidan år 2000, forklarer Hallgeir Elvehøy.
Dei 8 breane som måles rundt Jostedalsbreen har i snitt trekt seg tilbake 23 meter. Nigardsbreen i Luster har gått tilbake 81 meter i år, og 504 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Breane som har vorte målt samanhengande i 10 år har i gjennomsnitt trekt seg tilbake 278 meter dei siste 10 åra.
Dei 10 breane som måles i Jotunheimen har i snitt trekt seg tilbake 17 meter i år. Mjølkedalsbreen ved Eidsbugarden har gått tilbake 31 meter i år, og 216 meter dei siste 10 åra. Dei siste 10 åra har dei målte breane i snitt vorte 139 meter kortare.
8 brear som måles i Hardanger har i snitt gått 35 meter tilbake i år. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har gått 82 meter tilbake og 584 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. I snitt har dei målte breane trekt seg tilbake 169 meter dei siste 10 åra.
10 målte brear i Nord-Noreg har trekt seg tilbake. Dei 7 breane med samanhengande målingar har i snitt trekt seg tilbake 226 meter dei siste 10 åra.
I Nordland har 6 brear i snitt trekt seg tilbake 33 meter i år. Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, har trekt seg tilbake 61 meter i år, og 332 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. 3 brear har i snitt gått tilbake 270 meter dei siste 10 åra.
I Nord-Troms og Vest-Finnmark har 4 brear i snitt trekt seg tilbake 20 meter i år. Steindalsbreen i Lyngen har trekt seg tilbake 48 meter i år og 202 meter dei siste 10 åra. Breane har i snitt gått tilbake 192 meter dei siste 10 åra.
Midlare tilbakegong for dei 36 breane er 25 meter. Dei 36 breane som vart målt i 2019 utgjer om lag 14 prosent av brearealet i Noreg.
Nøkkelord
Kontakter
Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, tlf. 924 46 189
Seksjonsjef Rune Engeset, tlf. 990 38 868
Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir overtredelsesgebyr til Statkraft Energi AS på 1 000 000 kroner16.6.2026 10:25:03 CEST | Pressemelding
Statkraft Energi AS får et overtredelsesgebyr på 1 000 000 kroner fra NVE. Årsaken er at det ble gjennomført anleggsarbeid i Virvasselva, Tverråga og Dalselva i Rana kommune før detaljplan for miljø og landskap var godkjent.
NVE gir løyve til ny kraftleidning mellom Stryn og Volda16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Linja får løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning mellom kommunane Volda og Stryn. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon i Stryn.
NVE fastsetter utredningsprogram for flytende gasskraftverk i Trøndelag12.6.2026 10:31:10 CEST | Pressemelding
Ocean Power AS ønsker å bygge et flytende gasskraftverk med karbonfangst i Nærøysund kommune. Nå har Norges vassdrags- og energidirektorat fastsatt et utredningsprogram som beskriver hvilke temaer som må utredes før de kan søke om konsesjon.
NVE fastsetter utredningsprogram for Garbergselva kraftverk12.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Garbergselva kraftverk i Selbu kommune. Programmet beskriver ulike temaer Clemens Kraft AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE gir konsesjon til Store Nøkleberg solkraftverk9.6.2026 13:50:35 CEST | Pressemelding
Energeia får tillatelse til å bygge Store Nøkleberg solkraftverk i Østre Toten kommune. Solkraftverket skal bygges for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
