Det Norske Teatret

Frå guttastemning til fascisme

5.10.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding

Del

Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.

Aksel Almaas i front debuterer som skodespelar i rolla som den sjarmerande influensaren August, som tek ei radikal retning.
Aksel Almaas i front debuterer som skodespelar i rolla som den sjarmerande influensaren August, som tek ei radikal retning. Foto: Eirik Malmo.

«GUTTA»
av Even Torgan, Tine Skjold, Even Vesterhus og Oda Radoor
URPREMIERE FREDAG 9. OKTOBER KL. 19.30
SCENE 2

Det byrjar med ein podkast av det høgreliberale slaget, der den kontroversielle samfunnsøkonomen William er invitert for å snakke om analysen frå boka han har skrive med den slåande tittelen «Gutta». Den handlar om kva som er gale med samfunnet og korleis dette skal løysast. Noko av det som har gått gale, ifølge William, er den høge representasjonen av innvandrarar i kriminalstatistikken.

Det tek ikkje lang tid før nokon i publikum protesterer. Men så deler den småkjende infuensaren August ei rørande historie om broren som blei banka opp av innvandrarar. Beretninga går viralt og snart blir August med William på å grunnlegge partiet «Gutta». Målet er å starte ei rørsle for eit nytt og betre samfunn, fritt for uvedkomande. Det er berre eit problem: Broren til August finst ikkje. 

Aksel Almaas som influensaren William. Foto: Eirik Malmo.

– Eg kjenner miljøet “August” kjem ifrå ganske godt. Eg har jo sjølv vakse opp på vestkanten, så språket og referansane er ting eg har hatt ganske tett på, seier teaterdebutanten Aksel Almaas.
LES HEILE INTERVJUET.

Dresskledd fascisme

Med «Gutta» lagar Even Torgan, Tine Skjold, Even Vesterhus og Oda Radoor eit tankeeksperiment som tek pulsen på ein del av samfunnet som har store følgjarskarar i sosiale media. Dei rører seg i mannosfæren, der det å ha pengar, eit konservativt verdisyn og frykt for det fleirkulturelle er ingrediensar. Framsyninga er meint å få publikum til å engasjere seg og reflektere over eigne haldningar. August haustar enorm sympati på ei løgn, kjem til makta, og herifrå spinn det av garde i stadig meir fryktbasert, radikal og autoritær retning.

Den velkledde influensaren argumenterer med tankegods nært i slekt med 22. juli-terroristen, og det blir etter kvart bokstavleg talt svært ubehageleg å vere publikum.

Regissør og medforfattar av manus, Even Torgan. Foto: Eirik Malmo.

- Målet mitt er at det skal bli den mørkaste framsyninga eg nokosinne har laga, seier regissør Even Torgan. LES HEILE INTERVJUET. 

Åtvarar publikum

Publikum blir del av framsyninga, både som partimedlemmer i «Gutta», og etter kvart i andre roller.  Framsyninga kjem også med ei åtvaring som både gjeld form og innhald: Ho inneheld rasistisk retorikk, kvinnefiendtlege haldningar, homofobe ytringar, våpen og høge lydar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Uttrykk «Gutta»
Uttrykk «Gutta»
Foto: Eirik Malmo.
Last ned bilde
Uttrykk «Gutta».
Uttrykk «Gutta».
Foto: Eirik Malmo.
Last ned bilde
Aksel Almaas som August.
Aksel Almaas som August.
Foto: Eirik Malmo.
Last ned bilde
Portrett Aksel Almaas.
Portrett Aksel Almaas.
Foto: Eirik Malmo.
Last ned bilde
Regissør Even Torgan.
Regissør Even Torgan.
Foto: Eirik Malmo.
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye