Noregspremiere på stykket som forandra amerikansk teater
5.11.2026 11:10:14 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Kva kan eit teaterstykke om ein afroamerikansk familie i Chicago på 1950-talet fortelje oss om samtida i Noreg i dag? Ein heil del, ifølge regissør Josette Bushell-Mingo.

EI ROSIN I SOLA
av Lorraine Hansberry
NOREGSPREMIERE FREDAG 13. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 2
- Det som verkeleg engasjerer meg er å forstå, som svart kvinne, at mi eiga historie strekkjer seg langt tilbake og heng saman med andre, seier den britiske regissøren, som også har mange år i grannelandet Sverige bak seg. No skal Josette Bushell-Mingo ha regien for Ei rosin i sola, ein ukjent tittel for dei fleste i Noreg, men kjent for dei med røter tilbake til afrikanske land.

Umiddelbar klassikar
Lorraine Hansberrys banebrytande teatertekst er mellom dei store klassikarane i den amerikanske kulturarven, og blei historisk da han hadde premiere på Broadway i 1959. Aldri før hadde eit teaterstykke av ei afroamerikansk kvinne blitt sett opp på Broadway, og ho blei den yngste nokosinne og den første med afroamerikansk bakgrunn til å vinne New York Drama Critics' Circle sin pris for Best New Play. Mottakinga var formidabel, og uroppføringa blei spelt 530 gonger. Sidan har stykket blitt sett opp jamnleg verda over, er mellom dei mest spelte stykka i USA og har blitt filmatisert fleire gonger. Store stjerner har tolka rollene på film og teater, mellom andre Sidney Poitier, Sean Combs og Denzel Washington. No skal endeleg eit norsk publikum få sitt første møte med teksten på ein scene. Regissør Bushell-Mingo meiner det vil bli eit «før» og eit «etter» Ei rosin i sola. Så stor sprengkraft har teksten i seg.
Les meir om Lorraine Hansberry.
Klassekamp og borgarrettigheiter
Det handlar om ein fattig afroamerikansk familie i Chicago der ei mor, to vaksne søsken, kona til sonen og barnet deira deler husvere. Leileghieta er så lita at den vesle guten må sove på sofaen i stova. Det er ei tid der raseskiljene ikkje var lovfesta, men i praksis var det segregering på bustadmarknaden, i skolesystemet og på arbeidsmarknaden.
Livet er eit strev for å få endane til å møtast for familien Younger. Dei har lite. Men dei har draumar og kjempar for ei betre framtid. Dottera vil ta utdanning og finne sin afrikanske identitet, sonen vil slutte i jobben som sjåfør for ein kvit riking og starte ei spritsjappe for å tene store pengar. Og mor deira, Mama, vil kjøpe seg eit eige hus. Livsforsikringa etter den nyleg døde mannen hennar gjer plutseleg draumane deira oppnåelege. Mama kjøper eit hus i eit heilkvitt nabolag der dei ikkje er velkomne, og sonen gir bort resten av pengane til ein lurendreiar han trur skal hjelpe han i forretningar.

Strukturell rasisme i dag
Sjølv om stykket går føre seg på eit anna kontinent og i ei anna tid, er mønstra som blir blottstilte i stykket dei same. Også i Noreg i dag er det usynlege strukturar som ikkje gir like vilkår. Klassereiser er vanskelegare for dei som ikkje har mykje i utgangspunktet, som møter forskjellsbehandling i utdanningssystemet og på arbeidsmarknaden, og som mange ikkje vil ha som nabo eller sitte ved sidan av på bussen.
Derfor er stykket viktig å sette opp i dag, meiner regissør Bushell-Mingo.
- Eg brenn for å understreke kva oppgåve teateret har. Når vi ikkje fortel dei mangfaldige historiene, tek vi ifrå menneske minna deira. Vi tek vi ifrå menneske fellesskapen deira, vi tek ifrå dei språket og draumane deira. Det er derfor eg vil sette opp dette stykket.
Les intervju med Josette Bushell-Mingo.

Viktig markering
- Som teatersjef har eg sett meg føre å fortelje historiene som ikkje blir fortalde. Og eg har eit spesielt fokus på minoritetar og utanforskap, seier teatersjef Kjersti Horn.
- Norske scener set jamnleg opp stykke av amerikanske dramatikarar som Tennessee Williams og Eugene O'Neill, som også var nominerte til prisen Hansberry vann i 1959. Med noregspremieren på Ei rosin i sola får det norske publikummet møte eit verk som har endra amerikansk teaterhistorie, og det er ei viktig markering av at historier frå den afrikanske diasporaen høyrer heime i den norske teatertradisjonen, erklærer teatersjefen.
I rollene

Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder



Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom