Det Norske Teatret

Frankenstein: Grøssar-teater for barn

21.9.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding

Del

Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?

Feil Teater tek målgruppa på alvor når dei lagar teater med skrekk-element.
Feil Teater tek målgruppa på alvor når dei lagar teater med skrekk-element. Foto: Eirik Malmo.

FRANKENSTEIN
av og med Feil Teater
URPREMIERE 24. SEPTEMBER KL. 18.00
SCENE 3

Kva hender om ein vekker det døre til live? Victor Frankenstein er besett av å skape liv frå den krafta som tok livet av mor hans - men er ikkje klar til å møte følgane. Frå restar frå daude kroppar skapar han ein vesen som skremmer vettet av både han sjølv og alle andre. 

Victor Frankenstein er heilt oppsett på å skape liv frå død. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Og dei som blir utstøytte, kan ofte ende opp med å sette seg i respekt på andre måtar. Frankensteins kreatur blir oppfatta som eit monster - og blir eit monster. Berre den blonde kona møter han med varme, og han lærer å få og ta imot kjærleik.

Frankenstein blir sjølv redd for det vesenet han har skapt. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Halloween-teater

På Scene 3 møter publikum eit gotisk-inspirert univers og skodespelarar med krittkvite fjes og mørke ringar rundt augene. Dei får sjå hjernar, tarmar og lause armar. Feil Teater tek alltid sitt unge publikum på alvor, og når det skal skremmast - så blir det skummelt! Men bak det skumle ligg det også ein menneskeleg bodskap og filosofiske spørsmål.
Framsyninga er tilrådd frå 10 år, men er definitivt ikkje for sarte sjelar.

Feil Teater

Hausten 2026 flytta teaterkompaniet Feil Teater inn på Scene 3 på Det Norske Teatret. Her skal dei vere i eit heilt år og lage teater for barn.

- Vi ønskjer at barn skal gå heim med ei oppleving av noko heilt utanom det vanlege! seier Feil Teater. Med Frankenstein vil dei lage skrekk og humor-teater på barna sine premissar.
Teatergruppa starta som eit prosjektteater medan dei enno var studentar ved Nord Universitet i 2016. I 2023 fekk dei Heddaprisen for beste framsyning for barn med framsyninga Nordpolen Magiske Trikketransport, og i 2025 blei dei nominert i same kategori for Flukten fra Botsen.

Feil Teater jobbar for at teater skal vere inkluderande og bygge fellesskap. Framsyningane tek utgangspunkt i mange ulike tema, men alle har eit leikent teateruttrykk som fengar dei som ikkje oppsøker teater til vanleg.

Første framsyning ut på Scene 3 er Frankenstein.
Seinare i haust kjem Den perfekte premieren - og det som vart litt dumt.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Feil Teater tek målgruppa på alvor når dei lagar teater med skrekk-element.
Feil Teater tek målgruppa på alvor når dei lagar teater med skrekk-element.
Foto: Eirik Malmo.
Last ned bilde
Feil Teater-gjengen.
Feil Teater-gjengen.
Foto: Eilif Fjeld Teisbo.
Last ned bilde
Framsyningsfoto Frankenstein.
Framsyningsfoto Frankenstein.
Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Framsyningsfoto Frankenstein.
Framsyningsfoto Frankenstein.
Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Framsyningsfoto Frankenstein.
Framsyningsfoto Frankenstein.
Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Last ned bilde
Framsyningsfoto Frankenstein.
Framsyningsfoto Frankenstein.
Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.
Last ned bilde

Lenker

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye