Lisa Lie og Witch Club Satan lagar dommedag
19.11.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Regissør Lisa Lie har hanka med seg svartmetallbandet Witch Club Satan til å skape framsyninga Dommedaggry. Eit karnevalesk teateruttrykk blir blanda med svarte skrik og undergangstonar når dei vil skape både undergang og ein ny vår på Hovudscenen.

DOMMEDAGGRY
av Lisa Lie
URPREMIERE LAURDAG 28. NOVEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN
Den særprega regissøren og teaterpersonlegdomen Lisa Lie har invitert svartmetallbandet Witch Club Satan med på si første framsyning på den store scenen. Bandet har gjort kometkarriere innan svartmetallmiljøet, og blei kjapt ein snakkis langt utover landegrensene. Dei har lagt bak seg eit år med turné i Europa og USA i tillegg til premiere på dokumentaren om bandet, Hex. No har dei kome tilbake til der prosjektet deira starta: I teaterrommet. I framsyninga Dommedaggry vil dei framstå både som aktørar og band på scenen.
Det vil bli eit rituale av lys og mørker, sakrale tonar, ein vegg av støy, absurd humor og djupt alvor. Meteorittar vil falle frå lufta, røyk vil sive opp frå avgrunnen og ei underfundig historie befolka av nissar, ein skodespelartrupp og hekser vil openberre seg.
Om dommedag nærmar seg, ser likevel Lisa Lie lys i det fjerne. Det gryr...
Spirituell reise

Regissør Lisa Lie og Witch Club Satan deler ideen om at ei framsyning eller ein konsert skal vere ei psirituell og rituell reise. Scenekunstnaren har sidan barndomen vore oppteken av obskur historie, okkultisme, mytar, natur og eventyr. Lie har ein doktorgrad i å bruke teknikkar frå sjamanisme, spiritisme og ritualmagi i teatrale rom. Witch Club Satan har vore fascinert av det teatrale ved svartmetalluniverset. Gjennom konsertane sine ønskjer dei å vekkje folk til å gjere ein forskjell i livet sitt. Dei er vane med å nytte sterke dramatiske verkemiddel som kroppssminke, nakenheit og outrerte kostyme på scenen.
- Vi har null ironisk distanse, seier bandet.
Les heile saken.
Mangefasettert kunstnarleg lag

For å skape det overjordiske universet i Dommedaggry har Lisa Lie kopla på ei rad spennande kunstnarar. Alva Brosten har skapt fantasirike og frodige kostyme. Ida Grimsgaard har kreert ein drøymeaktig scenografi, som er fullført av Fredrik Floen. Boya Böckman bidreg med magisk lys og videodesign, Kristin Helgebostad med dramatiske rørsle, og musikken står Nikoline Spjelkavik, Victoria Røising, Hedda Lægreid/Mina Halvorsen i Witch Club Satan for.

Nøkkelord
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder



Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Premieren der alt går gale17.11.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når den store stjerneskodespelarinna Angelica Dybwad på mystisk vis blir borte midt under premieren, må barna hjelpe til for å løyse eit vaskeekte teatermysterium.
Teatervår i kjærleikens teikn10.11.2026 15:40:24 CET | Pressemelding
Musikk av Emilie Nicolas, nytt stykke av Arne Lygre, teater med ekko av opprøra frå Europa, filmsuksess som musikal, smertefull kjærleik og barneteater med aktuelle tema. Dette er ingrediensane i våren 2027.
Noregspremiere på stykket som forandra amerikansk teater5.11.2026 11:10:14 CET | Pressemelding
Kva kan eit teaterstykke om ein afroamerikansk familie i Chicago på 1950-talet fortelje oss om samtida i Noreg i dag? Ein heil del, ifølge regissør Josette Bushell-Mingo.
Filmatisk Cabaret: Sara Khorami debuterer som musikalskodespelar9.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
-Alt eg lagar handlar i botnen om korleis minoritetar blir behandla i samfunnet vårt, seier regissør Kjersti Horn. Dette gjeld også musikalen Cabaret, som rett nok byr på både show og underhaldning. Men under overflata dirrar erkjenninga av at verda er prega av eit ytringsrom som stadig blir innskrenka, at homofile, kvinner og minoritetars rettar er under press og at klasseskilnadane aukar. Som eit ekko av fortida er det igjen mange som ropar på "den sterke mann" som kan rydde opp.
Frå guttastemning til fascisme5.10.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Army boots, skinhead, bomberjakke og bøllete oppførsel. Før kunne ein kjenne ein rasist når ein såg han. I dag er rasisten forkledd i pene klede, gode formuleringar, konspirasjonsteoriar og statistikk som passar. Dette er den nye fascismen, og landskapet framsyninga «Gutta» ønskjer å undersøke.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom