Stabil april - vekst så langt i år
11.5.2026 14:30:00 CEST | Avinor | Pressemelding
Talet på passasjerar ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabilt i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.

I april nytta 4 295 000 passasjerar Avinor sine lufthamner. Det er ein marginal auke samanlikna med same månad i fjor, og samla sett er talet på passasjerar på nivå med april 2025. Så langt i år har 16,2 millionar passasjerar reist via Avinor sine lufthamner, ein auke på tre prosent samanlikna med same periode i fjor.
Flyrørsler
I april var det totalt 52 838 kommersielle flyrørsler ved Avinor sine lufthamner, ein auke på éin prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken kjem særleg frå flyvingar innanriks, der talet på flyrørsler gjekk opp med to prosent. Flyrørsler utanriks hadde samstundes ein nedgang på tre prosent.
Så langt i år er aktivitetsnivået stabilt, med 197 768 kommersielle flyrørsler, om lag på same nivå som i 2025.
Variasjonar frå lufthamn til lufthamn
Oslo lufthamn hadde i april 2,18 millionar passasjerar, ein nedgang på éin prosent frå i fjor. Likevel er talet på reisande ved landets største lufthamn opp to prosent så langt i år. Bergen lufthamn Flesland peikar seg ut med seks prosent vekst i april, medan Stavanger lufthamn hadde ein svak auke på éin prosent.
Trondheim og Tromsø hadde noko lågare tal i april enn i fjor, medan trafikken ved dei regionale lufthamnene samla sett auka svakt. Totalt sett bidreg utviklinga ved fleire lufthamner til at Avinor har ein samla vekst i 2026, trass i noko variasjon frå månad til månad.
-Hovudbiletet er at mange framleis vel fly, og at etterspurnaden held seg oppe inn i vårmånadene trass i krigen i Midt-Austen og uroa for tilgang på flydrivstoff, seier Joachim Lupnaav Johnsen, konserndirektør kommersiell styring og utvikling.
|
April |
Hittil i år |
|||||
|
Lufthamn |
2025 |
2026 |
Endring |
2025 |
2026 |
Endring |
|
Oslo |
2 209 000 |
2 181 000 |
-1 % |
7 863 000 |
8 013 000 |
2 % |
|
Bergen |
543 000 |
574 000 |
6 % |
1 912 000 |
1 995 000 |
4 % |
|
Trondheim |
342 000 |
337 000 |
-1 % |
1 283 000 |
1 270 000 |
-1 % |
|
Stavanger |
321 000 |
326 000 |
1 % |
1 183 000 |
1 200 000 |
1 % |
|
Sum DSL |
3 416 000 |
3 419 000 |
0 % |
12 240 000 |
12 477 000 |
2 % |
|
Tromsø |
202 000 |
192 000 |
-5 % |
1 040 000 |
1 128 000 |
8 % |
|
Andre DRL |
671 000 |
684 000 |
2 % |
2 460 000 |
2 587 000 |
5 % |
|
Sum DRL |
873 000 |
876 000 |
0 % |
3 500 000 |
3 715 000 |
6 % |
|
Avinor sum |
4 288 000 |
4 295 000 |
0 % |
15 740 000 |
16 192 000 |
3 % |
Sjå fleire tal for lufthamnene i vedlegget
- Fly drone trygt og lovleg
I april vart 2685 droneplanar registrerte. Dette er ein auke på 3 prosent frå april i fjor.
– No er det betre ver og lysare tider og det er fleire som flyg drone. Det er bra at mange vel å fly lovleg og registrere sine droneplanar. Samstundes er det framleis mange som flyr i forbudssonane kring lufthamnene, så eg vil oppmode alle om å fly drone berre der det er trygt og lovleg seier Nikola Tufekcic, leiar for droner i Avinor.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommunikasjonssjefAvinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noDokumenter
Lenker
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Sommerutfarten i gang på Bergen lufthavn – flere dager med svært høy trafikk24.6.2026 11:16:22 CEST | Pressemelding
I perioden frem til 23. august er det ventet nær 1,47 millioner reisende gjennom flyplassen, og flere dager peker seg ut med svært høy trafikk. I tillegg til mange Vestlendinger som reiser på sommerferie, kommer det mange turister for å besøke Bergen og Vestlandet.
Værnes venter høy sommertrafikk – travle lørdager skiller seg ut17.6.2026 12:43:28 CEST | Pressemelding
Trondheim lufthavn, Værnes går inn i sommerperioden med høy trafikk og godt trykk gjennom sesongen. Kapasiteten på innenlandsrutene er økt med om lag 5 prosent sammenlignet med i fjor, samtidig som trafikkmønsteret endrer seg i helgene.
Sola venter over 718 000 reisende – høy trafikk i sommerukene17.6.2026 12:08:36 CEST | Pressemelding
Stavanger lufthavn, Sola går inn i sommeren med forventning om over 718 000 reisende fra 17. juni til 24. august. Flere av de travleste dagene nærmer seg 13 500 passasjerer, og trafikken er på et høyt nivå gjennom hele perioden.
Sommerutfarten er i gang17.6.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Fredag 19. juni markerer starten på årets sommerutfart. De neste ukene er det ventet nesten seks millioner reisende gjennom Oslo lufthavn, og på de travleste dagene skal nærmere 100.000 passasjerer reise via landets hovedflyplass.
Sterk vekst i talet på reisande – Bergen driv utviklinga i regionane10.6.2026 12:01:00 CEST | Pressemelding
Over 4,6 millionar passasjerar reiste gjennom Avinor sine lufthamner i mai. Det er ein auke på nær 4 prosent samanlikna med same månad i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom