NVE innfører nye miljøtiltak i Søavassdraget
23.4.2026 12:47:16 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
NVE sett nye krav til drifta av vasskraftanlegga som ligg i reguleringsområdet til Søa kraftverk i Trøndelag. Målet er å betre forholda for elvemusling, laks og sjøaure samtidig som omsynet til kraftsystemet blir ivareteken.

NVE opna vilkårsrevisjon etter krav frå Heim kommune og lokale friluftsorganisasjonar, som peika på ulemper etter 60 år med regulering. Det gjeld spesielt påverknad på laks, sjøaure, elvemusling, anna naturmangfald og friluftsliv.
– Revisjonen viser at vi kan oppnå miljøforbetringar utan å svekkje forsyningstryggleiken. Høgare vassføring i Hollaelva vil betre forholda for både elvemusling, laks og sjøaure, samstundes som reguleringsevna til Søa kraftverk oppretthaldast på eit nivå som sikrar at kraftverket kan levere straum inn på nettet når behovet er der, seier seksjonssjef Carsten Jensen i NVE.
Søareguleringen ligg hovudsakleg i Heim kommune, men påverkar også Rindal og Orkland. Reguleringa er eigd av Trønderenergi Kraft og omfattar Søa kraftverk, som årleg produserer 180 GWh gigawattimer (GWh). Dei nye vilkåra medfører redusert kraftproduksjon på om lag 0,7 GWh per år og eit berekna tap i noverdi på 6,2 millionar kroner, men dei vil ikkje påverke kraftverkets mogelegheit til å levere kraft når behovet er stort.
Minstevassføring i Hollaelva
NVE meiner at dei største miljøgevinstane i reguleringsområdet kjem ved å innføre krav om å sikre ei minste vassføring i Hollaelva. Hollaelva har gode føresetnader for å bli ei viktig elv for både laks og sjøaure. Med meir vasslipp blir forholda betre – ikkje berre for fisken, men også for den sårbare elvemuslingen som er avhengig av gode vassforhold.
I regional vassforvaltningsplan har Søa miljømål som kan medføre tap av kraft. NVE pålegg ikkje ei minstevassføring her. At Eidsfossen kraftverk er teke ut av drift, gjer at vassføringa no er meir stabil og betre for laks og sjøaure. NVE meiner derfor at ytterlegare vasslipp frå Vasslivatnet ikkje vil gi miljøgevinstar som står i forhold til kostnadene.
Miljøgevinst vurderast opp mot verknaden på kraftsystemet
NVE har vurdert miljøtiltaka opp mot behovet for eit fleksibelt og sikkert kraftsystem, og har konkludert med at påverknaden på reguleringsevna til kraftverket er svært liten.
NVE moderniserer òg vilkåra til konsesjonen, slik at den får dei same konsesjonsvilkåra som ein ny konsesjon ville ha. Desse vilkåra gjer at styresmaktene kan følgje opp med undersøkingar og tiltak når det er naudsynt. Mange av krava som har komme opp gjennom prosessen, kan følgjast opp med heimel i desse.
NVE har fått delegert myndigheit frå Energidepartementet
Frå 1. januar 2026 har NVE fått delegert styresmakt etter vassdragsreguleringslova, vassfallsrettslova og vassressurslova. Dette betyr at NVE no gjer vedtak i vilkårsrevisjonar, og ikkje lenger sender si innstilling til Energidepartementet. Dersom nokon klagar på vedtaket, vil Energidepartementet vere klageinstans. Fristen for å klage på vedtaket er tre veker.
Nøkkelord
Kontakter
Håkon Berg SundetFagleiar
Tel:90530984hbsu@nve.noBilder

Lenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir overtredelsesgebyr til Statkraft Energi AS på 1 000 000 kroner16.6.2026 10:25:03 CEST | Pressemelding
Statkraft Energi AS får et overtredelsesgebyr på 1 000 000 kroner fra NVE. Årsaken er at det ble gjennomført anleggsarbeid i Virvasselva, Tverråga og Dalselva i Rana kommune før detaljplan for miljø og landskap var godkjent.
NVE gir løyve til ny kraftleidning mellom Stryn og Volda16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Linja får løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning mellom kommunane Volda og Stryn. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon i Stryn.
NVE fastsetter utredningsprogram for flytende gasskraftverk i Trøndelag12.6.2026 10:31:10 CEST | Pressemelding
Ocean Power AS ønsker å bygge et flytende gasskraftverk med karbonfangst i Nærøysund kommune. Nå har Norges vassdrags- og energidirektorat fastsatt et utredningsprogram som beskriver hvilke temaer som må utredes før de kan søke om konsesjon.
NVE fastsetter utredningsprogram for Garbergselva kraftverk12.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Garbergselva kraftverk i Selbu kommune. Programmet beskriver ulike temaer Clemens Kraft AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE gir konsesjon til Store Nøkleberg solkraftverk9.6.2026 13:50:35 CEST | Pressemelding
Energeia får tillatelse til å bygge Store Nøkleberg solkraftverk i Østre Toten kommune. Solkraftverket skal bygges for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom