Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE gir løyve til ny kraftleidning mellom Stryn og Volda

16.6.2026 07:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del

Linja får løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning mellom kommunane Volda og Stryn. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon i Stryn.

Linja arbeidar med å auke kapasiteten i straumnettet i Nordfjord til 132 kilovolt (kV).  

– Tiltaka NVE no gir løyve til, vil auke overføringskapasiteten og styrkje forsyningstryggleiken i Nordfjord, seier seksjonssjef Ingrid Myrtveit i NVE.   

NVE stiller krav for å redusere negative verknader  

For å redusere negative verknader for miljø og samfunn stiller NVE ei rekke krav til korleis utbygginga skal gjennomførast. Linja må mellom anna utarbeide ein detaljplan der dei må beskrive korleis anleggsarbeidet skal gjennomførast for å redusere negative verknader for omgjevnadene.   

– Det må i detaljplanen beskrivast korleis Linja skal ta omsyn til hekkande fugl i anleggsperioden. Dei må òg beskrive korleis dei skal ivareta naturtypen gammal fattig sumpskog i anleggsperioden, seier Myrtveit.  

Detaljplanen må utarbeidast i kontakt med dei råka kommunane, grunneigarar og andre rettshavarar og godkjennast av NVE før anleggsarbeida kan starte.  

Her skal den nye leidninga gå 

På strekninga mellom Tomasgard transformatorstasjon og Geitskaret i Volda kommune, skal Linja spenningsoppgradere eksisterande kraftleidning. Det betyr at dei vil gjenbruka mesteparten av dagens master. Vidare frå Geitskaret og til Bø transformatorstasjon, skal kraftleidninga byggast i ein ny trasé, og leidninga vil difor ikkje lenger gå via Markane IL sin skistadion på Ullsheim.  

Mellom Lundasætra og Vinsryggsætra har Linja fått løyve til å bygge kraftleidninga i eksisterande trasé som dagens leidning går i. Dei siste 200 meterane inn til Bø transformatorstasjon skal byggast som jordkabel. Sør for Bø transformatorstasjon, skal leidning òg byggast som jordkabel dei siste 300 meterane.  

Linja får samstundes  spenningsoppgradere transformatorstasjonane Drageset, Reed, Sandane og Tomasgard.  

Riving av eksisterande anlegg  

Når den nye kraftleidninga er satt i drift, kan Linja rive dagens leidning som går mellom Geitskaret, Markane og Bø. Dei har òg fått løyve til å rive dagens kraftleidning på 66 kV mellom Sandane og Øksenelvane.  

Nøkkelord

Kontakter

Lenker

Om oss

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye