Pippi på sirkus i Relæxt versjon
12.3.2026 07:00:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme.
- Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.

Relæxt teater er for alle, men er spesielt tilpassa barn, vaksne og familiar som synest det er utfordrande å vere med på ordinære framsyningar. Det kan anten vere fordi dei er spesielt vare for inntrykk, eller fordi dei kan vere redde for å forstyrre opplevinga for andre. Pippi på sirkus - Relæxt vil vere spesielt tilpassa dei som har ulike behov.

- Eg opplever sjølv ofte at kvardagslege ting ikkje passar meg, og veit kor viktig dette er. Derfor er eg ekstra glad og stolt over å kunne tilby Relæxt her på Det Norske Teatret, seier Kjersti Horn.
Ho legg til at ho ønskjer at teateret skal vere ein plass alle kjenner seg velkommen alle dagar året rundt, men understrekar at:
- Denne dagen skal huset seie ekstra mykje velkommen!

Kva er Relæxt teater?
Før teaterbesøket 2. juni vil publikum motta grundig informasjon og ein visuell guide på e-post, slik at dei kan førebu seg godt på kva som ventar. Inne i foajeen vil det vere Relæxt-sonar der ein kan slappe av, eller springe rundt, etter kva ein måtte ønskje.
- Lyset inne i salen vil vere dempa, men ikkje heilt slått av, slik vi brukar på teater. I tillegg vil lydnivået også vere tilpassa publikum denne dagen, forklarar Horn.
Det vil også vere fleire vertar enn vanleg tilstades for å hjelpe, og dørane vil vere opne under heile framsyninga så publikum kan gå inn og ut etter eige ønskje. Framsyninga varar i ein time og 30 minutt utan pause.
Hysj-fri sone
- Det aller viktigaste er at det skal vere lov til å snakke høgt, le, gråte, tikse, hoppe, rope, eller berre vere heilt stille, seier teatersjef Kjersti Horn.
- Det einaste vi ber om, er at ingen hysjar på nokon denne dagen.

PIPPI PÅ SIRKUS - RELÆXT
TYSDAG 2. JUNI KL. 17.00
HOVUDSCENEN
DET NORSKE TEATRET
Les meir om Relæxt Pippi på sirkus på nettsidene til Det Norske Teatret.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder












Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
Suksessmusikalen Änglagård kjem til Noreg14.4.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Colin Nytleys ikoniske film Änglagård blei elska av publikum da han kom ut i 1992. For tre år sidan hadde musikalversjonen urpremiere i Sverige og blei ein umiddelbar publikumssuksess. I 2027 blir Änglagård årets store muskalhending, når framsyninga får Noregspremiere på Det Norske Teatret.
Pippi er klar for sirkus10.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.
OHG-revyen er Årets revy!7.4.2026 09:49:04 CEST | Pressemelding
Juryen har talt: Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!? er årets beste skolerevy!
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom